Skulane blir for tronge for dei skapande og kreative barna, skriv innleggsforfattarane.

Etter tiår med dyrking av realfag, bør vi no styrke og auke fagkompetansen innom dei praktiske faga 

KRONIKK: Regjeringa legg 157 millionar på bordet for å få bukt med keisemda i skulen, men planen deira saknar noko vesentleg for å lukkast fullt ut.

Publisert

I Klassekampen 7. oktober las vi at dåværande kunnskapsminister Tonje Brenna ville bruke 157 millionar kroner frå statsbudsjettet til å styrke praktisk læring for elevar i 5.-10. trinn gjennom å bygge og utstyre skulane. 

Det er ein god start, men vil berre løyse ein avgrensa del av problemet. Dessutan vil det berre gjelde for nokre få elevar, og ikkje dei som framleis har mykje av kreativiteten og gleda intakt, som småskuleelevane i 1.- 4. trinn. 

Keisemdsparadoks 

«Det er eit paradoks at dei små likar skulen, men så forsvinn glede og kreativitet oppover», seier ein lærar som deltek i vårt forskingsprosjekt Skaparorientert læring (MAKER), kor vi undersøker og utviklar kunnskap om skulens skaparverkstad (Makerspaces). 

Skaparverkstader er lærings- og utviklingsarenaer for skapande, kreativt og innovativt arbeid. Dei er ofte utstyrt med fabrikasjonsverktøy, elektronikk, programmeringsutstyr og digitale løysingar saman med tradisjonelle verktøy og materialar.

Det er slett ikkje utstyret som er avgjerande for å få til praktisk-skaparorientert læring i skulen. I staden er det den enkelte læraren som er drivkraft og gjennomfører

I møte med skulenoreg finn me mange dedikerte lærarar, som ho i sitatet ovanfor, som ser utfordringar med skulen i dag. 

Desverre er det ikkje så overraskande når Brenna sier at «For mange barn og unge forteller at de ikke er motivert og kjeder seg på skolen». 

For oss som har vore involvert i lærarutdanning og pedagogisk forsking over fleire år, er utfordringa med umotiverte barn og unge godt kjent. Gjennom debattar og drøfting av forskingsresultat, er det mange som har argumentert for auka relevans og kreativitet i alle fag.

Skaparglede og djupnelæring 

I någjeldande læreplan vart mellom anna skaparglede og djupnelæring lagt til grunn. Skaparglede handlar om å la elevane få utfalde seg, gjerne innom kunst, kultur og kreative fagområde. Djupnelæring handlar om forståing, relevans og kreativitet. 

Omgrepa er synlege i den overordna delen av læreplanen, men det er ikkje openbert korleis dei skal endre skulekvardagen, korkje i læreplanane for dei ulike faga, nasjonale eksamenar eller andre rammeverk for skulen.

Til dømes kjem fagplanane med forventingar og krav om at kvar elev skal tileigne seg den same kunnskapen, som til slutt skal målast i testar like for alle. Det er motsett av å vektlegge kreativitet, kor ein tek utgangspunkt i elevanes eigne interesser, motivasjon og erfaringsgrunnlag. Då kan det skje at elevane jobbar med heilt ulike prosjekt, med ulik lengde og mål, og slik tileignar seg spesialkunnskap som ikkje har noko hensikt å måle i eksamenar som er eins.

Forskarar har tidlegare kome fram til at unge barn frå naturen rår over mange aspekt av kreativ sjølvkjensle. Mellom anna å takle usikkerheit godt, stole på eigen intuisjon og vere nysgjerrig og interessert. Etter som dei veks og deltek i læringskulturar og aktivitetar som fokuserer på riktige svar, heller enn kreative idear, tappast dei for denne sjølvkjensla og eigenskapen. 

Rammene for å lukkast med å ta vare på små menneskjer sin ibuande kreativitet er ikkje slik dei burde vera, om måling av prestasjon og løysingar med eitt riktig svar, blir dei viktigaste suksesskriteria.

På verkstaden 

Fleire skular har oppretta skaparverkstader, kor dei søker gi rom for det elevane sjølv kjem med av interesser og motivasjon. Den komplekse undervisningsforma utfordrar den tradisjonelle lærarrolla. Læraren skal gå ved sida av dei lærande elevane, rettleie, lære av – og skape kunnskap saman med – dei. 

Dette gir stort rom for utforsking, kor elevane får feile for så å finne løysingar sjølv, og slik bygge ei robust sjølvkjensle. Det dreier seg om deltaking framfor prestasjon og utvikling av ibuande eigenskapar, ikkje å kome fram til eit forehandsdefinert svar.

Mest lest

    Eit slikt læringssyn ligg allereie som ein av bærebjelkane i faget kunst- og handverk. Saman med bruk av material og verktøy i tolmodig formingsarbeid blir læringa kroppsleg forankra. Dette gir også rom for å forme barna, bygge uthald når dei står i prosessar, og la dei erfare at dei kan rette opp om dei høvlar feil. Dei blir robuste og får øva motstandsdugleik overfor psykiske problem, og dei utviklar respekt for arbeidet og materiala som ligg i tinga som omgir oss. Og dei blir glade av det. 

    Sjølv om kunst- og handverkfaget er lova ein større plass i skulen, har forskarar ved USN nyleg kartlagt at rammene i skulen, med låg fagkompetanse, dårleg økonomi, auka storleik på klassene og nedbygging av verkstader, likevel gjer det vanskeleg å få til.

    Praktiske fag

    Frå vårt pågåande forskingsprosjekt (MAKER) erfarer me at det ikkje er utstyret som avgjer om ein får til praktisk skaparorientert læring i skulen. Det er det den enkelte lærar som er drivkrafta: eldsjela som strekk seg for å utgjere ei skilnad. Skaparverkstadslærarane skapar plass kor det i utgangspunktet er trongt, og dei trur på ei endring av skulekvardagen, kor det er rom for heile det lærande menneskje.

    Etter tiår med dyrking av realfag, bør vi no styrke og auke fagkompetansen innom dei praktiske faga og bygge på den solide tradisjonen som ligg i kunst- og handverksfaget. Saman med ei auka satsing på rørsla av engasjerte og dyktige eldsjeler i skaparverkstadene på norske skular, kan det – med rett bruk av millionane – bli plass til barn som både er skapande, kreative og ikkje minst glade.

    Referansar:

    • Høibo, I. H. (2023). Læringssyn skaperverkstedslitteraturen. Techne series (Oslo), 30(2), 1-17. https://doi.org/10.7577/TechneA.4946
    • Kelley, T., & Kelley, D. (2013). Creative Confidence: Unleashing the Creative Potential Within Us All. Westminster: Crown/Archetype.
    • Kirketerp, A. (2020). Craft-psykologi : sundhedsfremmende effekter ved håndarbejde og håndværk (1. udgave. ed.). Mailand.
    • Papavlasopoulou, S., Giannakos, M., & Jaccheri, L. (2016). Empirical Studies on the Maker Movement, a Promising Approach to Learning: A Literature Review. Entertainment Computing, 18. https://doi.org/10.1016/j.entcom.2016.09.002
    • Papert, S. (1993). Mindstorms : children, computers, and powerful ideas (2nd ed. ed.). Basic Books.
    • Olafsson, B. (2022). Kreativitet i klasserommet. Kunst og håndverkslæreres forestillinger om kreativitet og hva som støtter eller hemmer kreativitet i norsk grunnskole (Doktoravhandling). Universitetet i Sørøst-Norge.
    • Randers-Pehrson, A., Rimstad, Åsta, & Carlsen, K. (2023). Utopier og realiteter i kunst og håndverksfaget: – Rammefaktorers betydning for kunst og håndverksundervisningen. Acta Didactica Norden, 17(3), 25 sider. https://doi.org/10.5617/adno.9757
    • Maibom, H. (2007). The Presence of Others. Philosophical Studies 132, pp. 161-190.
    • Calloway-Thomas, C. (2010) Empathy in the global world: An intercultural perspective . New York: Sage.
    • Fulton Suri, J. (2003) Empathic design: Informed and inspired by other people’s experience. In Koskinen, I., Battarbee, K. & Mattelmäki, T. (Eds.), Empathic design: User experience in product design, (pp. 51-58). Helsinki, Finland: Edita IT Press.

    Vi vil gjerne høre fra deg!

    TA KONTAKT HER
    Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?

     

    Powered by Labrador CMS