Gult nivå i skolen bør avvikles

Vi kjem neppe utanom ny nedstenging om vi går for gult nivå i skulen i område med smitte, skriv lege Bodil Håheim.

Gult nivå i skulen bør skrotast no

KRONIKK: Er det akseptabelt at elevar, lærarar og familiane deira vert utsette for smitte i større grad enn andre?

Smittetala aukar no på nytt i heile landet, og aller mest i aldersgruppa 13-19 år. Vi kjem neppe utanom ny nedstenging om vi går for gult nivå i skulen i område med smitte.

Kvar gong det blir innført strengare smitteverntiltak og raudt nivå i skulen, oppstår stor bekymring for sårbare barn og unge og deira psykiske helse, og for barn og unge sitt læringstap. Mange aktørar, med FHI og barneombodet i spissen, har i tur og orden uttrykt at tiltaka mot pandemien er alvorlegare enn sjukdomen for barn og unge.

Kvifor er raudt nivå i skulen så ille?

At skulane stengjer for sommarferie i opptil to månader kvart år har merkeleg nok aldri gjeve grunn til same bekymring, så kvifor er raudt nivå i skulen i ein uoversiktleg smittesituasjon med mutert virus så ille?

Dei fleste vestlege land følgjer WHO medan vårt gule nivå følgjer Sverige.

Bodil Håheim

Skulane vil jo vere opne og barna vil vere fysisk på skulen - berre ikkje kvar dag. På raudt nivå rapporterer lærarane om meir ro og mindre vandring i klassen, elevane om betre klassemiljø. Barn med ekstra behov, ofte omtalt som sårbare barn, vil ha eit tilbod. Også om smitteverntiltaka må trappast opp slik at skulen stengjer for fysisk undervisning for dei fleste. Men sjølv då kan skulehelsetenesta halde ope, og vil vite kven ein stor del av dei sårbare barna er, fordi mange av dei har ei funksjonsnedsetjing.

Verre om smitten kjem ut av kontroll

Kva kan skje om smitten kjem ut av kontroll og spreier seg gjennom skulane? Nye variantar av viruset ser ut til å smitte lettare i alle aldersgrupper, også blant barn.

I Israel har 50 000 barn blitt smitta i januar -meir enn både i første og andre bølgje. Kritisk sjuke barn ligg aleine på intensivavdeling fordi foreldra kanskje er sjuke sjølve, er heime og tek seg av sjuke søsken, eller går i skytteltrafikk mellom intensivavdeling og sjuke søsken heime. Dei undrast på om muterte virus oftare gjev multiorgan inflammatorisk syndrom (MIS-C), eller om auken i alvorleg sjuke barn skuldast at mange fleire barn blir smitta no. For MIS-C er sjeldan, men om store grupper av barn blir smitta, skjer det sjeldne hyppigare.

FAKTA: Gult nivå

  • Ingen sjuke skal møte på skulen.
  • God hygiene og forsterka reinhald.
  • Unngå fysisk kontakt mellom personar (handhelsing og klemming).
  • Heile klassar blir rekna som ein kohort.
  • Tilsette kan veksle mellom kohortar/klassar.
  • Unngå trengsel og store samlingar.
  • Prøve å ha eigne område i skulegarden for ulike klassar/kohortar i pausar/friminutt.

Nett no ligg 78 barn og unge i alderen 0-19 år på svenske intensivavdelingar, i følgje Svenska Intensivvårdsregistret, og talet har lege rundt 70 sidan før jul. Vil for eksempel 30 barn med multiorgansvikt i norske intensivavdelingar vere akseptabelt?

Og kva med long-covid? Berre i Stockholmsområdet er over 200 barn råka av det, og bekymringa aukar også i Storbritannia. Long-covid kan gje symptom som utmatting, pustebesvær, smerter i brystet og i ledda, hovudpine, nedsett konsentrasjon og hjartebank. Ei lang rekkje symptom er beskrivne og ser ut til å vedvare i veker hos somme, månader hos andre, og kva betyr det for barna si framtidige helse? Kva med gutane sin framtidige fertilitet når det er påvist nedsett sædkvalitet og virus i testiklane hos somme i etterkant av covid-19?

Fleire har foreldre i risikogruppe

Studiar har vist at ca 50 prosent av familiemedlemene blir smitta om ein får det opprinnelege Sars-CoV-2 i hus. Muterte virus smittar heile familien, og gjev auka risiko for både sjukehusinnlegging og død, og dårlegare effekt av vaksine.

Som regel er det i kvar klasse ein eller fleire elevar med enten ein eller begge foreldra i risikogruppe. Mange har foreldre i 40-50-åra, den aldersgruppa som utgjer ein av tre av pasientane på svenske intensivavdelingar nett no.

Ein ny studie har vist at av covidpasientane som har trengt sjukehusopphald, døyr ein av ti innan fem månader etter utskriving, ein av tre blir gjeninnlagd, ein av to får komplikasjonar (spesielt gjeld det aldersgruppa under 50 år), og ein av fire strevar heime etter utskriving. Ein ikkje- fagfellevurdert metaanalyse viser at 80 prosent av alle covid-19 pasientar har eit eller fleire symptom som vedvarer utover to veker etter den akutte infeksjonen.

Å misse foreldre er det barn fryktar mest

1 av 1000 barn miste 1 av foreldra i covid-19 i løpet av 4 månader i New York i fjor. Kva med barna si psykiske helse om foreldra blir alvorleg sjuke eller døyr, eller om begge foreldra hamnar på intensivavdeling? Det å misse foreldre er av det mest traumatiske barn kan oppleve og det yngre barn gjerne fryktar mest. Barn som har mist ein av foreldra før fylte 18 år, har som gruppe noko kortare levealder og høgare førekomst av psykisk sjukdom og sjølvmord.

Like etter nedstenginga i fjor bekymra ungdomane seg, ikkje for seg sjølve eller eiga helse, men for framtidsutsiktene til familien og helsa til andre familiemedlemer. Ein studie i Lancet (preprint) viste berre marginal forverring av psykisk helse for tenåringar i Noreg under lockdown, same resultat ser ein også for vaksne. Men i haust har dei barne- og ungdomspsykiatriske klinikkane (BUP), som var overbelasta alt før pandemien, rapportert om betydeleg auka pågang.

I England er førekomsten av smitte blant lærarar 3-4 gonger høgare enn i resten av befolkninga. I fjor vår hadde lærarar som underviste i svensk skule med minimalt smittevern dobbelt så stor risiko for smitte jamført med lærarar som underviste digitalt, partnarane deira hadde 29 prosent auka risiko for smitte, og foreldre med barn i skulen hadde 17 prosent auka risiko for smitte. Er det akseptabelt at lærarar og familiane deira vert utsette for smitte i større grad enn andre? Kva med foreldre sin framtidige kapasitet til å følgje opp barna når 10-33 prosent får long-covid?

Korleis kan vi best mogleg ivareta barn og unge no?

Barn og unge må få smittevernet dei sjølve ønskjer og har lovmessig krav på ( jfr Smittevernloven §6 og Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler §17). Gult nivå i skulen gjev ikkje avstand og talet på nærkontakter kan fort bli tresifra. Gult er korkje i tråd med FHI sine viktigaste smittereduserande tiltak, som er avstand og reduksjon i talet på nærkontakter, eller med WHO sine tilrådingar, som er minst ein meters avstand, små kohortar utan blanding, alderstilpassa råd om bruk av munnbind, forsterka reinhald og god ventilasjon.

Dei fleste vestlege land følgjer WHO medan vårt gule nivå følgjer Sverige. Tegnells strategi var flokkimmunitet, men han har i ettertid nekta for at planen var å la barna bli smitta i skulen for å få passe smittespreiing i samfunnet til å nå flokkimmuniteten.

Så kva med å ta i bruk areal som no står tomme, som hotell og kantiner for å auke avstanden i skulen? Eller veksle mellom å ha undervisning på føremiddag og ettermiddag ein periode? Når skulen fungerer betre med fleire lærarar /vaksne- kva med å tilføre skulane fleire ressursar slik at dei får reelt smittevern? Kva med munnbind/andedrettsvern for dei eldste elevane og for lærarane? Studiar har vist at både utlufting og luftreinsing reduserer mengda aerosolar og dermed smittedropar i lufta- har vi god nok ventilasjon?

Barn og unge ønskjer handling framfor medynk

At BUP-ane er pressa, er definitivt ikkje eit argument mot smittevern i skulen, heller tvert om. Pandemi er ein unntakssituasjon. Skal ein då late som om alt er normalt, står ein i fare for å gjere elevane utrygge, og det fremjar ikkje læring. Barn og unge ønskjer handling framfor medynk, og dei fleste er både robuste og tilpassingsdyktige.

Forhåpentlegvis er vi godt over halvvegs i pandemien, og får vi strenge tiltak ein kort periode slik at smittetala kjem ned på eit minimum, kan vi deretter leve meir normalt med mindre strenge tiltak innanlands, gitt at det er kontroll på grensene. Det vil gagne alle - også barna i BUP-systemet, barn som lever med omsorgssvikt heime og barna som konsekvent blir gløymde - dei som står i fare for at dei sjølve eller foreldra kan døy eller få (lang)varig mein av covid-19.

Når så mange er bekymra for barn og unge, så er det vel både interesse og vilje til eit økonomisk krafttak også for dei-for smittevern i skulen heller enn svensk strategi med «litt smitte»?


LES OGSÅ:

Powered by Labrador CMS