Å overvake internett for å avdekke hatprat, er ei svimlande utfordring, skriv kronikkforfattaren.

Teknologi er ikkje nokon mirakelkur for eit reint og ryddig internett

KRONIKK: Kunstig intelligens kjem med løfte om å forvandle verda. Men kor mykje bør vi gå med på å endre?

Publisert

Forskersonen er forskning.nos side for debatt og forskernes egne tekster. Meninger i tekstene gir uttrykk for skribentenes holdninger. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Du har sikkert lagt merke til hæren av chatbotar og digitale assistentar som er i ferd med å invadere både datamaskina og mobiltelefonen din. KI-boomen er her, og kvart einaste teknologiselskap ser ut til å ville vise kundane sine nye «leiketøy» dei har laga og bygd inn i programvare og drift. 

Kunstig intelligens er alt i gang med å skrive, redigere og prate. Den organiserer hugselistene våre og tek seg av kundeservice. KI er til og med i gang med å måle bilete, kva no det skal vere godt for, og forsøker både å køyre bil og drifte profilar på sosiale medium.

Kunstig intelligens er løfterikt, og den nye teknologien ber bod om å kunne endre verda. Det avgjerande for oss i den situasjonen, er at vi hugsar å stille eit kontrollspørsmål eller to før vi gir slepp, til dømes «Kva slags verd det er vi ønskjer å byggje?». 

Tenk etter om det er din ståstad KI prioriterer eller nokon andre sin.

Teknologi er nemleg litt som tannkrem: Når du først har klemt han ut av tuben, er det ikkje så enkelt å få han inn att.

KI har ikkje levd opp til forventningane

For kvart nye selskap, arbeidsfelt eller teneste som tek i bruk kunstig intelligens, er det òg viktig at vi spør om KI alltid er det rette for oppgåva vi står overfor.

Skal vi vere heilt ærlege, lever jo dei færraste av desse verktøya opp til forventningane våre; dei fungerer ikkje heilt som reklamen lova. Dei tenker ikkje fordi dei ikkje kan tenke.

Kvifor held vi likevel fram med å be dei tenke for oss? Forklaringa er at automatisering langt på veg må til viss vi skal greie å få til alt som krevst i vår hektiske, moderne verd, både når det gjeld skala og effektivitet.

KI treng ikkje vere perfekt; den kunstige intelligensen treng ikkje eingong vere særleg god for at vi skal ta han i bruk.

I 2016 lovde Tesla-sjef Elon Musk djervt at kvart einaste køyretøy dei bygde, skulle utstyrast med alt som skal til for å vere fullt ut sjølvkøyrande. No, nesten eit tiår seinare, er vi faktisk ikkje i nærleiken eingong. 

Så seint som i juni 2024 strevde ChatGPT med å finne den tredje R-en i ordet «strawberry», men likevel set millionar av menneske sin lit til desse teknologiane. Det verkar som KI ganske enkelt må vere billegare enn manuell arbeidskraft og akkurat så funksjonell at han rettferdiggjer dei direkte kostnadene sine.

Store konsekvensar

Vi må heller ikkje gløyme at enkelte samfunnsområde av næringane der KI har gjort entré eller snart er på plass, er ekstremt kritiske, slik at bruken av KI potensielt har store konsekvensar. 

Eit nærliggande døme finn vi innan luftfart, der flyingeniørar alt i 1960-åra blei erstatta med autopilot-system. Det skulle vise seg å ha alvorlege følgjer, om vi spolar til 2019, då Boeing sitt navigasjonssystem, MCAS, svikta. Men for diskusjonens skuld, lat oss gå djupare inn i eit døme frå vår eiga tid: å bruke KI til å jakte på hatprat på nettet.

Umogeleg oppgåve

Å overvake internett for å avdekke hatprat, er ei svimlande utfordring. I dei grunne bekkefara på individuelle serverar, og i kanalar på digitale plattformer som Discord, Twitch og Youtube, har det til ei viss grad gått bra å bruke menneske som moderatorar for å leite opp og fjerne hatefulle ytringar. Problemet er at denne tilnærminga ikkje let seg skalere opp: Nettet er berre for endelaust – som ein frodande foss av innlegg, kommentarar og meldingar. 

Straumen er rett og slett for sterk til at eit individ kan halde seg flytande. Og akkurat som med elvar, har eit menneske berre sjans til å følgje med på ein avgrensa del av nettet til ei kvar tid. Det betyr at det er vanskeleg å vite om det du ser, faktisk er representativt for heilskapen.

Kven skal bestemme?

Generelt er det ikkje eit juridisk spørsmål at kanalmoderatorar har fullstendig autoritet til å bestemme kva som er hatefullt og korleis ein skal svare på slike ytringar. Men kven sine meiningar ville du stolt på når det gjeld å styre heile nettet? Du tenker kanskje at «den og den seier at KI fjernar diskriminering og skeivheit, så kva er problemet?»

Dessverre er svaret at dette ikkje er sant: Gong på gong har forskarar avdekt at skeivheit faktisk blir bygd inn i KI-system. Det kan skuldast data eller opplæring, algoritmane som ligg bak eller berre korleis verda rundt oss ser ut. Uansett skjer det, trass i at dei som utviklar systema har eit genuint ønske om nøytralitet.

Teknologi er litt som tannkrem: Når du først har klemt han ut av tuben, er det ikkje så enkelt å få han inn att.

I praksis betyr dette at KI-systema behandlar påtalemyndigheita som ein nøytral part, gjennom at ståstaden til lovas lange arm blir «bakt inn» i algoritmane til KI-verktøy som skal oppdage hets. 

KI-verktøya er altså ikkje eigentleg nøytrale, men du tenker kanskje at det dei gjer, likevel er fornuftig? Kva då om vi går eitt steg lengre og ser for oss at nokon andre sitt perspektiv blir oppfatta som nøytralt og objektivt? Kva om dette liksom-nøytrale underlaget var dei politisk ytterleggåande verdiane og oppfatningane til eit par mektige eigarar av sosiale medium mange av oss brukar flittig. 

Ville du framleis vere positiv til å bruke KI til oppgåva?

Ei vedunderleg, ny verd

Dei siste månadene har både Meta og X gjennomført større endringar i måten dei modererer innhald på. To av dei største teknologiselskapa i verda har kort og godt gjort det enklare å spreie hatefulle ytringar, samtidig som dei viser til ytringsfridom og eit ønske om å riste av seg liberale verdiar. 

Skal vil verkeleg la dei styre utvikling og bruk av morgondagens KI-baserte verktøy for innhaldsmoderering på nettet?

Kvar gong du vurderer å bruke KI, vil eg råde deg til å spørje deg sjølv om du verkeleg vil ha KI til å gjere oppgåva.

Med det du veit no, vil du framleis ha gitt KI jobben med å halde nettet reint og ryddig? Hugs at liknande utfordringar vil dukke opp for kvar einaste nye rolle vi tillegg kunstig intelligens og for kvar nye avgjerd vi ber KI om hjelp til å ta.

Vi bør ha klart for oss at teknologi ikkje er nokon mirakelkur, men noko vi må ta i bruk på ein varsam, ansvarleg og tilbakehalden måte. Kvar gong du vurderer å bruke KI, vil eg råde deg til å spørje deg sjølv om du verkeleg vil ha KI til å gjere oppgåva. 

Tenk etter om det er din ståstad KI prioriterer eller nokon andre sin. Reflekter over kor vidt verktøya støttar oss eller erstattar oss. Kjenn etter kva slags arbeid du faktisk ønskjer å gjere og kva du gjerne vil sleppe.

Nett som då trykkepressa gav oss bøker og aviser, eller då lyspæra gav oss lys, kjem kunstig intelligens til å endre verda vi lever i. Omveltinga er alt i gang; ho går føre seg nett no, rundt oss på alle kantar. Det er opp til oss å styre desse endringane slik at dei blir gode og føremålstenlege, slik at vi kan forme om den verda vi lever i no til ei verd vi ønskjer oss i morgon.

Vi vil gjerne høre fra deg!

TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?

 

Powered by Labrador CMS