Denne artikkelen er produsert og finansiert av Vestlandsforsking - les mer.

Reiselivet er på full fart oppover lista over bransjane med størst utslepp av klimagassar.

Reiselivsforskar: – Flyselskapa bør ikkje lenger tilby billige billettar

Forsking viser at veldig mange reiser berre fordi det er så billig. Ved å ta meir for kvart sete, kan næringa kome i gang med klimaomstilling, meiner reiselivsforskar.

Skisesongen i Alpane var så vidt i gong då ein næringstopp i Austerrike fremma eit uventa forslag: ein slutt på å fly inn skituristar, gjennom å gjere det ulovleg å marknadsføre skiferiar overfor utanlandske turistar (derstandard.at).

Franz Hörl frå det konservative partiet ÖVP eig sjølv hotell og taubaner i Tyrol. Han var lei av å høyre at turistnæringa står for store utslepp og ville plassere skulda der han meinte ho høyrde heime: i flybransjen.

– No skjer det ting, og det kjem frå uventa hald, seier professor Stefan Gössling ved Vestlandsforsking.

Han forskar på klimaomstilling i reiselivet. I hans auge er det innlysande at vi må byrje å gå vekk frå flybaserte feriar.

Reiselivet er nemleg på full fart oppover lista over bransjane med størst utslepp av klimagassar.

– Det skal koste å reise. Flybransjen må få ein annan forretningsmodell, seier Stefan Gössling.

Ingen plan for kutt

I ein ny vitskapleg artikkel slår Gössling fast at reiselivet må gjennom store endringar viss verda skal nå klimamåla.

Utan at næringa tek grep, ligg ho an til å bruke opp 40 prosent av karbonbudsjettet verda har att, dersom vi skal halde Paris-avtalen.

Ikkje uventa er det dei store utsleppa av klimagassar frå flya som er hovudgrunnen. Mange reisande flyr for å kome seg til storbyen, skibakken, vingarden eller sydenstranda. Og straks du stig om bord i eit fly for å kome deg til reisemålet, kan resten av ferien vere så grøn han berre vil; klimafotavtrykket blir digert.

Luftfart den største enkelt-kjelda til utsleppa frå denne sektoren. Paradoksalt nok finst det likevel knapt planar eller strategiar som seier noko konkret om korleis utsleppa frå fly kan kuttast.

Utsleppsfri flyteknologi og alternative drivstoff går det trått med og i mellomtida planlegg flyselskap verda over framleis for vekst.

– Eg får lyst til å spørje dei «Korleis tenker de om framtida?», seier Gössling.

Han har til gode å lese strategiar og planar for korleis flynæringa skal gjennomføre kutt. Forskaren etterlyser politiske tiltak på nasjonalt nivå som kan motverke at reiselivet endar som ein av dei største drivkreftene bak klimaendringane.

Billigbillettar gir reiselyst

Har du søkt etter billige flybillettar i det siste, er du ikkje åleine. Noreg er eit langstrekt land i utkanten av Europa der avstand ofte gjer det heilt nødvendig å fly, særleg i distrikta – og prisane svir for dei som må ut og fly.

Men i det store biletet er nytte sjeldan grunnen til at vi flyr: Låge prisar er eitt av flyselskapa sine fremste verkemiddel for å auke talet på passasjerar. Det som gjeld no, er å få opp reisene på same nivå som før pandemien.

– Forsking viser at veldig mange reiser berre fordi det er så billig, understrekar Gössling.

Sjølv tykkjer han det er djupt problematisk med tanke på at klimaendringane går raskare enn frykta, med store og til dels ukjende konsekvensar for heile kloden.

Vil endre forretningsmodellen

Gössling vil gjerne at flyselskapa skal slutte med å lokke oss på reise gjennom utrulege prisar – ikkje minst for å redde seg sjølve. Selskap som SAS har lenge vore prega av underskot, konkursfare og statlege redningspakkar.

Forskaren meiner svaret ligg i dyrare flybillettar som gjer at flyselskapa faktisk tener pengar.

– Det skal koste å reise. Flybransjen må få ein annan forretningsmodell, seier forskaren.

Det viktigaste med den alternative forretningsmodellen er at flyselskapa tek ein høg nok pris for kvart sete, slik at dei faktisk tener pengar på noko anna enn tilleggstenester, som ekstra koffertstørrelse eller å selje drikkevarer undervegs.

Eit anna viktig trekk ved modellen er at målet ikkje er vekst; luftfarten burde styre mot mindre kapasitet, ikkje større.

– Sjølv om flyselskapa sel mange billettar med tap, flyr dei med om lag kvart femte sete tomt. Viss ein i staden tok bort kapasitet – samtidig som etterspurnaden aukar – vil det gå an å auke prisane, forklarer forskaren.

Fornybar-drivstoff i sikte

Målet med prisauken er sjølvsagt at selskapa skal tene pengar. Pengar som skal til for å delta i klimaomstillinga.

– Med faktisk inntening får flyselskapa råd til å satse tyngre på framtidas fly, forklarer forskaren.

Når og viss det går an, kan flya gå over til batteri og biodrivstoff laga av trevirke – i tillegg til eit syntetisk drivstoff framstilt av vatn og CO2 som førebels ikkje kan lagast i stor skala.

Å få fortgang i desse fornybar-alternativa kan redde flyselskapa unna ubehagelege CO2-avgifter og karbonskatt. Det trur Gössling vil vere viktig som motivasjon.

Dessverre går omstillinga framleis svært sakte. Når det gjeld nye drivstoff, er det ikkje håp om eit gjennombrot før om tidlegast 10–12 år.

– Då er vi fort i 2035 og skal alt ha halvert utsleppa, minner Gössling om.

Dobbelt så dyr billett

Då dagens besteforeldre var unge, var flyreiser noko ein måtte spare for å få råd til. Å kome seg fort fram til fjerne reisemål var eit gode for dei få.

Så kom charterfly og prisdumping – og endå meir prisdumping. Sidan tusenårsskiftet har prisnivået falle med heile 60 prosent. Iblant betalar passasjeren knapt sin del av flybensinen.

– Alt dette er paradoksalt med tanke på at vi har ei klimakrise, seier Gössling.

Kor mykje må vi forvente at prisen skal auke dersom flyselskapa gjer som Gössling tilrår og går over til ein ny forretningsmodell?

– Vi må rekne med ei dobling i pris, seier forskaren. Han trur ikkje det vil føre til eit opprør blant reisande.

– Tvert om, eg trur folk vil vere klare for å betale meir for å fly.

Referansar:

Stefan Gössling mfl.: A review of tourism and climate change mitigation: The scales, scopes, stakeholders and strategies of carbon management. Tourism Management, 2023. Doi.org/10.1016/j.tourman.2022.104681

Stefan Gössling og Andreas Humpe: Net-zero aviation: Time for a new business model?. Journal of Air Transport Management, 2023. Doi.org/10.1016/j.jairtraman.2022.102353

Forskingsprosjektet Turisme og klimarisiko (TourRisk)

Forskingsprosjektet Turisme og klimarisiko: ein modell for korleis det norske reiselivet kan redusere klimautslepp og auke verdiskaping (TourRisk) er leia av Vestlandsforsking. Prosjektet går over tre år (2021–2024) og er finansiert av Noregs forskingsråd.

Partnararane i prosjektet er norske forskingsmiljø: Vestlandsforsking, Handelshøyskolen BI, Statistisk sentralbyrå, Norges handelshøyskole, Nordlandsforskning og Høgskulen på Vestlandet.

Fleire store aktørar i reiselivet er òg med: Fjord Norge AS, Hurtigruten AS, Nærøyfjorden verdsarvpark, Geirangerfjord Verdsarv og Visit Voss.

I tillegg deltek University of Waterloo (Canada), University of Queensland (Australia) og Breda University of Applied Sciences (Nederland).

Powered by Labrador CMS