Denne artikkelen er produsert og finansiert av Vestlandsforsking - les mer.

At gutar har meir sans for IT er utbreidde oppfatningar, også blant lærarar.

Kvinner som jobbar med IT, har gått ein stor omveg

– Vegen til teknologi er ulik for kvinner enn for menn, seier forskar bak ny bok.

Viss du skulle teikne vegen din frå skule til utdanning og jobben du har i dag, korleis ville streken sett ut? 

Dette var eitt av spørsmåla forskarane stilte i eit forskingsprosjekt om kvinners veg til IT. Kvinnene dei snakka med, har i dag stillingar innan IT og teknologi.

– Ingen av dei teikna ei rett linje. Derimot vart det mange sløyfer og sikksakk-strekar, fortel forskar Hilde G. Corneliussen.

Ho er forskingsleiar i teknologi og samfunn ved Vestlandsforsking. I ei ny fagbok samanfattar ho mange års forsking på rekruttering av jenter og kvinner til IT-feltet, der mennene framleis er i stort fleirtal.

– Forskinga mi viser tydeleg at kvinnene må finne denne vegen sjølve. Det er ikkje noko feil med det, men det viser at dei får veldig lite støtte til å finne denne vegen, seier Corneliussen.

Forskar Hilde G. Corneliussen har forska på rekruttering av jenter og kvinner til IT-feltet.

– Inviter jentene inn

Du har kanskje tenkt det sjølv, at gutar har meir sans for IT? Slike oppfatningar er utbreidde, også blant lærarar ved ungdomsskular og vidaregåande skular, der elevane peilar seg inn på studiar og jobb.

Forskinga hennar viser at lærarar ofte kjøper ideen om at det helst er gutar som interesserer seg for gaming og programmering. At alle elevar kan utvikle ei slik interesse med litt oppmuntring, er ein sjeldan tanke.

– Ein må ikkje vente på at jentene skal uttrykke interesse. Skulen burde ha invitert jentene meir systematisk til å lære om teknologi – og ikkje nødvendigvis på same måte som ein gjer overfor gutar, seier forskaren.

– Jenter har dessverre størst sjanse for å bli rekrutterte til teknologi når dei alt er interesserte i teknologi, seier Corneliussen.

Mot alle odds

Det burde vere eit innlysande val: teknologar har god løn, arbeidsmarknaden er god, og dei kan bruke ferdigheitene sine til å løyse viktige samfunnsoppgåver – også på andre felt, som helse, der velferdsteknologien er på innmarsj.

– Den mest interessante gruppa av kvinner eg fann, var dei som aldri hadde IT i tankane, men likevel enda opp der, seier Corneliussen.

Kanskje treivst dei ikkje der dei hadde hamna først, eller dei oppdaga tilfeldig at dei faktisk elska programmering. 

I loopane på arka der kvinnene skissa opp utdanninga si, finst det mykje ulikt: ei anna utdanning, ofte innan helse, kanskje ein heil bachelorgrad eller ikkje fullførte fag, før dei fann ut at det eigentleg IT som var tingen. 

Fleire viste til Pippi Langstrømpe når dei skulle forklare vegen sin til IT. Pippi var ein «outsider», ei som gjorde som ho ville.

– Mange kjem til teknologiutdanningar trass i at dei ikkje får hjelp. Det er ikkje ein enkel veg for dei å finne, seier forskaren. 

Difor kjem desse kvinnene seint fram til IT-feltet – mykje seinare enn menn.

Seige stereotypiar

«De undrer seg over at jeg synes det er viktig å ha fine negler og i tillegg synes det er gøy og lett å programmere», sa ei som i dag jobbar med IT. 

Også på studiet kan unge kvinner kjenne det slik. 

Sjølv om talet på jenter som studerer IT har auka litt, forblir gutane i fleirtal ved landets IT-studium og fagskular.

Men kvifor må ein ha fleire kvinner inn i IT når det går så trått? Er det ikkje i orden at enkelte sektorar er dominerte av eitt kjønn? 

Corneliussen er vand til å svare på dette spørsmålet. Det er òg kvinnene ho har møtt gjennom forskinga si.

– «Kvifor er eg interessert i teknologi?», sa den eine. «Eg er jo interessert i verda, og teknologi er overalt. Vi kan ikkje ha ei verd som er styrt av halvparten av oss.»

Referanse: 

Hilde G. Corneliussen: Reconstructions of Gender and Information Technology: Women Doing IT for Themselves. Palgrave Macmillan, 2024. (Sammendrag) Doi.org/10.1007/978-981-99-5187-1

Powered by Labrador CMS