Denne artikkelen er produsert og finansiert av Vestlandsforsking - les mer.

Forskarar ved Vestlandsforsking har undersøkt korleis bre- og fjellførarar og andre i turistnæringa rundt Jostedalsbreen og Folgefonna snakkar med tilreisande om bresmeltinga.

Turistguidar bruker smeltande isbrear til å snakke om klima

I turistnæringa på Vestlandet er bresmelting blitt ein fast inngang til samtalar om klimaendringar, miljø og berekraft. 

Fargen er det første som slår deg i møte med ein isbre: kvitt på kvitt og det særeigne, blåturkise skjæret, som ei skarp kontrast mot mørkt fjell. 

Dimensjonane gjer òg inntrykk, og ein ser raskt at breen er like farleg som han er vakker: Der dei kvite massane veltar seg over kanten frå fjellplatået mot låglandet, ragar høge tårn av is mellom botnlause sprekker.

Kjem dei inn på klimaendringar?

Interessa for den ville fjellnaturen vakna for alvor i Europa på 1700- og 1800-talet. Dei siste 200 åra har det gått ein jamn straum av turistar til norske breområde, som bygdene rundt Jostedalsbreen og Folgefonna. Men der det før berre handla om ei stor naturoppleving, har klimaendringane kome inn som eit sørgjeleg bakteppe.

Forskarar ved Vestlandsforsking har undersøkt korleis bre- og fjellførarar og andre i turistnæringa rundt Jostedalsbreen og Folgefonna snakkar med tilreisande om bresmeltinga. Brukar dei å ta opp temaet, og kva seier dei i så fall?

Farlegare frontar

Sjølv om Noreg framleis har det største brearealet i Fastlands-Europa, er endringane synlege og iblant slåande ved mange av dei berømte brearmane. 

Enkelte av turistbreane har trekt seg tilbake med så mykje som 275 meter på eitt enkelt år. Det store biletet er det same for dei fleste av breane – dei krympar, og med det endrar grunnlaget for turisme seg.

Brefrontar som før var greie å ta seg opp på for guidar med turistgrupper, er blitt brattare og farlegare. Turen fram til isen blir òg lengre og meir risikofylt, med hyppige steinsprang og glatte svaberg. 

Heile området endrar karakter, frå vakkert til stygt og nifst: «Der det før låg ein bre, ligg det no berre ein haug med grus», sa ein av guidane til forskarane. «Når eg samanliknar med eldre bilete, blir eg trist», sa ein annan.

Ved Briksdalsbreen i Stryn måtte breførarane legge ned breføringa i 2006. Også ved Nigardsbreen i Jostedalen får brekrympinga konsekvensar. Den populære «Familieturen» måtte leggast ned i 2019, men breførarane greier framleis å tilby guida breturar.

Elefanten i rommet

Du tenker kanskje at folk som lever av å ta imot turistar frå ulike delar av verda, er forsiktige med å snakke om klimaendringar? Mange har trass alt floge langt for å kome til feriemålet Noreg. 

Det tenkte forskarane òg, men studien viser at mange i turistnæringa er blitt vande til å ta opp både at breane smeltar og at årsaka er menneskeskapte klimaendringar.

– Alle guidane vi intervjua, sa at når dei kom til stader der breen hadde trekt seg tilbake eller store snøfonner hadde smelta vekk, brukte dei å gripe sjansen til å snakke om klimaendringar, fortel Halvor Dannevig, som sjølv er bre- og fjellførar ved sidan av jobben som klimaforskar ved Vestlandsforsking.

– Den store tiltrekkingskrafta og symbolverdien breane har, fungerer som ein inngang til samtalar rundt klima- og miljøendringar og berekraft, seier Dannevig.

Samstundes peika også fleire på paradokset i at turistnæringa bidreg til at folk reiser, og slik sett til utslepp av klimagassar som igjen smeltar breane.

– Så ikkje alle var like komfortable med å ta steget frå å snakke om klimaendringar til å snakke om korleis dei heng saman med korleis me lever. Ein av guidane vi intervjua, sa at vi sit i glashus, fortel han.

På grensa mellom vitskapen og den fysiske verda

For Halvor Dannevig er smeltande brear eit objekt som opnar for kontakt mellom to elles separate verdenar: Den vitskapelege verda på den eine sida, med abstrakte konsept som «klimaendringar». Den fysiske verda på den andre sida, der det skjer endringar vi både kan sanse og oppleve, som at isen krympar og brefronten flyttar seg.

Blant dei fremste vitna til dette er breførarane. Viss smeltande brear er eit «grenseobjekt» mellom vitskapen og den fysiske verda, kan vi kalle breførarane «grensearbeidarar» fordi dei står i ein unik posisjon til å setje ord på det dei ser overfor besøkande.

– Slik gir dei oss andre ein sjanse til å ta inn over oss at klimaendringane er her og at endringane skjer raskt, seier Dannevig.

Frå sorg til handling

Ein viktig grunn til at folk i turistnæringa tek opp temaet, er sjølvsagt at endringane går inn på dei som menneske. Mange kjenner seg nedstemte med tanke på klimakrisa og uroar seg for at fjellheimen slik dei kjenner han, med «evig» snø og is, kjem til å bli borte.

«Eg har ei plikt og ein rett til å diskutere dette og framheve det», sa ein av fjellførarane forskarane intervjua.

Du hugsar kanskje bileta av bekymra innbyggarar som dekker ein bre i Alpane med store UV-teppe for å beskytte mot sommarsola, eller av gravferdsseremoniar for brear som Pizol i Sveits og Okjökull på Island.

– Å bry seg om smeltande brear opnar for ein annan måte å snakke om klimaendringar på enn den som spelar på framtidsfrykt og dommedag, seier Dannevig. 

Å fortelje om det som skjer, er ein liknande måte å vise omsorg på, meiner han.

– Dei som jobbar som bre- og fjellførarar, bryr seg verkeleg om det dei jobbar med – både naturen, staden og folka. Dei tek ut dette engasjementet når dei møter turistar, seier Dannevig.

Slik får dei eit slags utløp for kjensler som sorg og avmakt, samtidig som dei sår konkrete spirer til handling hos andre.

Kjem inn på forbruk og livsstil

Ikkje alle turistar tek inn over seg det guidane fortel. Men mange er lydhøyre og ivrige etter å stille spørsmål om det dei får høyre.

Fleire breførarar og turistvertar fortalde at dei då gjerne greip sjansen til å snakke meir om kva kvar og ein kan gjere for å bidra til lågare klimagassutslepp, sjølv om enkelte kjende på eit behov for å feie for eiga dør først og vegra seg for å gå for langt.

For dei som våga å dra samtalen litt lenger, kunne bresmeltinga leie vidare til tema som korleis vi kan gjere kvardagen vår grønare.

– Mange av guidane er prinsippfaste når det gjeld å kjøpe brukt utstyr og reparere det som blir øydelagt eller å reise mindre og køyre utsleppsfrie bilar. Fleire av guideselskapa har òg ein miljøprofil, seier Dannevig.

Referanse:

Halvor Dannevig & Tone Rusdal: Caring for melting glaciers. Tourism Geographies, 2023. DOI: 10.1080/14616688.2023.2278762

Om studien

Studien er gjennomført i Sogn og Hardanger i regi av Vestlandsforsking i samband med forskingsprosjektet Jostice, som er leia av Høgskulen på Vestlandet.

Studien byggjer på ei spørjeundersøking der 40 bre- og fjellførarar deltok, og intervju med 13 representantar for turistnæringa i dei to case-områda. Av desse var åtte bre- og fjellførarar, to leiarar i guideselskap og tre leiarar i overnattingsbedrifter.

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Powered by Labrador CMS