Fram mot år 2100 er vasskvaliteten i Noreg berekna å bli dårlegare på grunn av meir regn. Oppgradering av rørsytema, som skal frakta det reinsa vatnet ut til folket, er nødvendig for å sikra reint og godt drikkevatn framtida, skriv forskar Reidun G. Skaland.
Fram mot år 2100 er vasskvaliteten i Noreg berekna å bli dårlegare på grunn av meir regn. Oppgradering av rørsytema, som skal frakta det reinsa vatnet ut til folket, er nødvendig for å sikra reint og godt drikkevatn framtida, skriv forskar Reidun G. Skaland.

Norsk drikkevatn utsett for forureining i framtida

POPULÆRVITENSKAP: Reint drikkevatn er essensielt for god helse. I eit endra klima må me sikra at vassverka reinsar vatnet skikkeleg og at røyrsystema som skal frakta det ut til folket er solide og oppgraderte.

Tenk deg at du kjem heim etter trening. Du er varm og tørst og lengtar etter å drikke deilig kaldt vatn. Men når du skrur på krana, blir glaset fylt av brunt vatn. Meldinga frå kommunen tikkar inn på telefonen:

«Varsel om kokepåbud etter funn av bakteriar i drikkevatnet.»

Omlag 2000 menneske blei sjuke av drikkevatnet etter ei kraftig nedbørhending på Askøy i 2019. Slike store utbrot skjer heldigvis sjeldan. Reinsesystema hos vassverka sørger for generelt god kvalitet på drikkevatnet i Noreg.

Men fleire studiar peikar på samanhengar mellom vêr og drikkevasskvalitet. Med klimaendringane ventar me meir ekstremt vêr her i landet, og særleg meir regn.

Meir regn, meir forureining

Den største risikoen for utbrot av mage-tarm-sjukdommar på grunn av drikkevatnet er forureining i form av såkalla fekal forureining – eller møkk. Drikkevasskjelda kan ligga i eit jordbruksområde, med husdyr som beitar i nærleiken eller der det blir gjødsla med kumøkk. Når det regnar, kan den forureina jorda bli skylt ut i drikkevasskjelda.

Meir regn fører til fleire sjukdomsbakteriar og skitnare og brunare vatn i drikkevasskjeldene.

Som regel er det restriksjonar for ferdsel og aktivitetar i området rundt vasskjelda. Dyr eller fuglar som kjem inn i området kan likevel legga frå seg forureining. I tillegg kan avløpsvatn hamna i drikkevatnet og ha med seg sjukdomsbakteriar.

Dess meir det regnar, og dess kraftigare det regnar, dess større er risikoen for at møkka blir skylt ut i drikkevasskjeldene. Viss forureininga overskrid det vassverka har estimert og har reinsesystem for, kan det ureine vatnet hamna i springen hos deg og meg.

Kraftigare regn

Med klimaendringane får me meir nedbør i løpet av året og regnet blir kraftigare. Det blir òg varmare. Det viser målingar frå fleire hundre målestasjonar som Meteorologisk institutt overvåker rundt om i heile landet. Det blir stadig slått nye nedbørsrekordar. For eksempel blei det registrert seks nye stasjonsrekordar for døgnnedbør 27. september, blant anna i Nesbyen, Notodden og Ål.

I Noreg kjem meir enn 90 prosent av drikkevatnet frå overflatevatn som elvar og innsjøar. Ein del andre land har grunnvatn som hovudkjelde til drikkevatnet. Overflatevatn er meir utsett for tilførsel av forureining frå områda rundt drikkevasskjelda.

Årsnedbøren i Noreg er berekna å auka med 18 prosent mot slutten av dette århundret, dersom klimagassutsleppa fortset som i dag. Det vil ikkje auka jamnt. Eitt år kan vera veldig vått medan eit anna er ekstra tørt. Endringane vil også variera med region og årstid. I Sør-Norge kan det bli tørrare om sommaren. Men tendensen er klar: regnet som kjem blir stadig meir intenst og dei kraftige nedbørhendingane kjem stadig oftare.

Bakteriar som kan gje sjukdom

Meir regn fører til fleire sjukdomsbakteriar og skitnare og brunare vatn i drikkevasskjeldene. Samanhengen er tydeleg, ifølge berekningar som Folkehelseinstituttet har gjort i samarbeid med Meteorologisk institutt og fleire andre. I prosjektet blei det samla inn målingar på vasskvalitet frå dei 26 største vassverka i Noreg, som dekker vassforsyninga til ca 60 prosent av den norske befolkninga.

Alle indikatorane i studien viste dårlegare vasskvalitet i drikkevasskjeldene etter ein periode med mykje regn. Effekten er klar både for heile året og for kvar enkelt årstid. Det vart brukt fem ulike indikatorar på vasskvalitet: koliforme bakterier, E. coli og intestinale enterokokker, farge og turbiditet, der sistnemnde er eit mål på kor klart vatnet er ut frå mengda partiklar i vatnet.

Fram mot år 2100 er vasskvaliteten berekna å bli dårlegare på grunn av meir regn. Den største endringa er funne i nord og vest. Dette er område der me ventar størst auke i total nedbørsmengde i framtida og meir av nedbøren som kjem som snø der i dag vil koma som regn når temperaturen stig ytterlegare.

Mindre is gir mer skitt

Høgare temperaturar fører til dårlegare vasskvalitet om vinteren, ifølge studien. Ein auke i vintertemperatur har samanheng med forverring av vasskvaliteten for fire av dei fem indikatorane. I tillegg fann me ein samanheng mellom temperatur og turbiditet om våren.

Dette kan forklarast med at høge temperaturar gir mindre is på innsjøane og elvene. Om vinteren fungerer isen normalt som eit vern mot forureining av drikkevasskjelda. Mindre is gjer det lettare for partiklar og skitt å hamna i vatnet.

I framtida vil vasskvaliteten kunne bli tydeleg forverra om vinteren i heile landet. Størst endring berekna me i nord der oppvarminga er venta å bli størst.

Store vassverk reinsar bra

I vatnet som hadde gått gjennom reinsesystema hos vassverka, fann me derimot liten samanheng mellom vêr og indikatorane på vasskvalitet. Mykje regn kunne gi endring i farge, men bakteriekonsentrasjonane og turbiditeten blei uendra. Det betyr at vassverka som var med i studien reinsar vatnet bra i dag.

Kun store vassverk var inkludert i studien sidan dei mindre vassverka ikkje hadde tilstrekkeleg mengde data for den statistiske analysen. Mindre vassverk og særleg private vassforsyningar har dårlegare reinsekapasitet og vil vera ekstra sårbare for forureining av drikkevatnet.

Utfordringar i framtida

Klimaendringane gir større risiko for forureining av drikkevasskjeldene i Noreg. Dersom vassverka framleis skal klara å reinsa drikkevatnet bra, må dei ta hensyn til meir regn og aukande temperaturar, i tillegg til auka risiko for tørke, i framtida. Det kan bli utfordrande for private brønnar og små vassverk.

Men det hjelper ikkje med god reinsing dersom ikkje røyrsystema som skal frakta det reinsa vatnet ut til folket er gode. Det finst mange gamle og dårlege røyrsystem for både drikkevatn og avløpsvatn. Oppgradering av desse er også nødvendig for å sikra reint og godt drikkevatn i Noreg i framtida.

LES OGSÅ:

Vi vil gjerne høre fra deg!

TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på denne artikkelen. Eller spørsmål, ros eller kritikk? Eller tips om et viktig tema vi bør dekke?

Forskersonen er forskning.nos side for debatt og populærvitenskap

Forskersonen er forskning.nos side for debatt og populærvitenskap

Powered by Labrador CMS