I ein kompleks helseteneste og i arbeidet med pasientar med kompleks og ustabil helsetilstand er det stort behov for utdanning på spesialistnivå, skriv kronikkforfattarane.

«Kommunar bør sikre seg spesial­istane i allmennsjukepleie»

KRONIKK: Som kjent står helsevesenet framfor store utfordringar. Vi lever lenger, har fleire samansette og komplekse sjukdomar. For å sikre gode og likeverdige tenester, vil det vere behov for personell med høgare og breiare kompetanse og auka tverrfagleg samhandling i kommunehelsetenesta.

Publisert

Vi veit at majoriteten i aldersgruppa over 65 år klarer seg fint utan omfattande helseteneste, men 20 prosent av dei eldre har stort behov for kommunale tenester og oppfølging frå fastlege. 

For å karakterisere tilstandane til innbyggarar med store hjelpebehov brukar ein ofte omgrepa den multisjuke eldre, eldre med samansette behov eller den skrøpelege eldre. 

Skrøpelege eldre har ofte atypiske symptom fordi organsystema og evna til å oppretthalde likevekt er svekka. Det kan vise seg gjennom ufrivillig vekttap, tap av muskelmasse og styrke, redusert ganghastigheit, lavt aktivitetsnivå og ei oppleving av utmatting. 

Skrøpelege eldre kan ha redusert reservekapasitet og ha auka sårbarheit for påkjenningar ved akutt sjukdom eller skade. Dette fører til auka risiko for alvorlege hendingar, auka behov for helse – og omsorgstenester og død.

For å forebygge auka omsorgsbehov, redusere risikoen for skrøpelegdom og oppretthalde funksjonar hos den skrøpelege eldre, er tidleg identifisering og skreddarsydd heilskapleg omsorg eit nødvendig tiltak.

Det er i møte med denne pasientgruppa den avanserte kliniske allmennsjukepleiaren (AKS) kan inneha ei sentral rolle. 

AKS har ein breiddekompetanse og har slik auka kompetanse til å observere, vurdere og å sette i gang tiltak på avansert nivå i møte med pasienten sine ulike og, i mange tilfellet komplekse behov.

Ifølge Helsedirektoratet, og etter anbefaling frå Helsepersonellkommisjonen, er det forventa at alle kommunar legg planar for å sikre rett kompetanse fram i tid. Helsedirektoratet har ei eiga tilskotsordning der kommunane kan søke for å utdanne AKS for si kommune. 

Formålet med tilskotsordninga er å stimulere kommunane til kompetanseoppbygging gjennom å vidareutdanne sjukepleiarar til spesialistar i klinisk allmennsjukepleie.

Kva kan ein avansert klinisk allmennsjukepleiar tilføre praksis?

For å forebygge auka omsorgsbehov, redusere risikoen for skrøpelegdom og oppretthalde funksjonar hos den skrøpelege eldre, er tidleg identifisering og skreddarsydd heilskapleg omsorg eit nødvendig tiltak. AKS er utdanna til å sjå ei heilheit, både hos pasienten og i tenesta som heilheit. 

Mest lest

    Ein AKS har breiddekompetanse og samtidig ei meir spissa og avansert undersøking -og vurderingskompetanse. For å imøtekome behovet til denne pasientgruppa vil det vere behov for tverrfagleg samarbeid mellom helsepersonell og god samhandling med pårørande for at den skrøpelege eldre som ønsker det, kan få bu heime lengst råd. 

    Ein AKS vil her vere ein ressurs for samhandling, oppfølging og evaluering på tvers i helsetenesta. Undersøking -og vurderingskompetanse vil kunne vere med på å hindre unødige innleggingar og reinnleggingar til sjukehus, samt forebygge innleggingar til KAD (Kommunal Akutt døgnteneste), sjukeheim og redusere bruk av legevakt.

    Eksempel frå ulike stadar nasjonalt og internasjonalt viser at eit godt samarbeid mellom fastlege, sjukeheimslege og AKS bidreg til betre utnytting av ressursar og truleg også betre teneste for pasientane. Eit eksempel er henta frå Notodden kommune: 

    Deira AKS-funksjon er eit samarbeid mellom mange ulike einingar: legevakt, fastlegar, heimebasert tenester, sjukeheim, kvardagsrehabilitering, demenskoordinator, kreftkoordinator, fagutviklingssjukepleiar og tildelingskontoret. 

    Dei rapporterer til einingsleiar i heimebaserte tenester. AKS kartlegg og følger opp pasientar med komplekse helseutfordringar. Dei sørger for oppretting og endring av behandlingsplanar og koordinering av tenester i kommunen. Dei bidreg med kompetansedeling, tenesteutvikling og forskings- og utviklingsprosjekt.

    Finansieringa er eit spleiselag og samarbeid mellom blant anna legesenter og legevakt, sjukeheim, heimetenesta og Universitetet i Sør Øst-Norge.

    Ein kan også finne andre eksempel på organisering frå Drammen, Tønsberg og Sandefjord kommune (Helsedirektoratet.no). AKS arbeider praksisnært, men samstundes kan dei bidra med sin kompetanse på både teneste- og systemnivå. Det er den enkelte kommune sitt behov som styrer korleis ein AKS arbeider.

    Kva kompetanse har sjukepleiarar på spesialistnivå?

    Gjennom sjukepleiaren si bachelorutdanning så får ein ei tre-årig grunnkompetanse som generalist. I ein kompleks helseteneste og i arbeidet med pasientar med kompleks og ustabil helsetilstand er det stort behov for utdanning på spesialistnivå. 

    AKS gir eit høgare nivå på kompetansen i å kunne møte behova i dei store sjukdomsgruppene som demens, rus og psykisk sjukdom, kreft, lunge- og hjarte – kar sjukdom. I tillegg får ein auka kunnskap om legemiddelbehandling, rettleiing, brukarmedverknad, etikk og fagleg leiing. 

    Masteroppgåva i AKS utdanninga kan utviklast ut frå behova om ny kunnskap på eigen arbeidsplass, og kan slik innrettast mot behova for evaluering og ny kunnskap i eigen kommune.

    Ein AKS har fem års universitetsutdanning og kvalifiserer til spesialistgodkjenning etter fullført masterløp. Internasjonalt har denne rolla og funksjonen lange tradisjonar og blir no anvendt i om lag 70 land.

    Når kommunane legg planar for å sikre rett kompetanse fram i tid, er det svært viktig at kommunen set av ressursar og rom til AKS og oppfordrar sjukepleiarane til å ta denne masterutdanninga for å utvikle og behalde kompetanse som kan bidra til ein betre teneste.

    Innleggsforfattarane

    Forsking viser at AKS kan bidra til ein meir berekraftig ressursbruk, auke og behalde kompetanse, gi betre pasientsikkerheit og ei meir kontinuerleg tenesteutvikling. Forsking finn og at AKS kompetansen skaper ei større grad av tryggleik både hos sjukepleiaren med AKS utdanning, blant kollegaer i fagmiljøet lokalt og for pasientane med multisjukdom.

    Fleire universitet og høgskolar i Norge tilbyr no denne utdanninga, også som deltidsutdanning, blant dei Universitetet i Agder og NTNU i Ålesund, Trondheim og Gjøvik. 

    Når kommunane legg planar for å sikre rett kompetanse fram i tid, er det svært viktig at kommunen set av ressursar og rom til AKS og oppfordrar sjukepleiarane til å ta denne masterutdanninga for å utvikle og behalde kompetanse som kan bidra til ein betre teneste.

    Vi vil gjerne høre fra deg!

    TA KONTAKT HER
    Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?

     

     

     

     

     

    Powered by Labrador CMS