- Når utviklinga ofte gjer uopprettelege skadar på den ressursen som vil verte viktig i tida framover, og som øydelegg moglegheitene for det naturbaserte reiselivet, lurar eg på korleis det skal gå med norsk natur og reiselivet, skriv Bjørn Reynisson Grimsby.
- Når utviklinga ofte gjer uopprettelege skadar på den ressursen som vil verte viktig i tida framover, og som øydelegg moglegheitene for det naturbaserte reiselivet, lurar eg på korleis det skal gå med norsk natur og reiselivet, skriv Bjørn Reynisson Grimsby.

Reiseliv:
Nokre verksemder må døy for at andre skal leva

DEBATT: Som nyutdanna master i naturbasert reiseliv, kjenner eg sjølv korleis reiselivsnæringa har vorte påverka av koronakrisa. Eg meiner likevel det er betre å la verksemder døy no, slik at det vert ein balanse mellom tilbydarar og kjøparar.

Publisert

Etter å ha lest båe Astrid Maria Cabreras kronikk og seinare Målfrid Baiks debattinnlegg om reiselivet si framtid, ynskjer eg å gje uttrykk for mitt syn i debatten. Med bakgrunn i masterstudiet i naturbasert reiseliv frå NMBU, meiner eg Baiks tilsvar er minst like stor skivebom som ho skuldar Cabrera for.

Konferanse er turisme Mykje av Baiks innlegg er rett, som at næringa i Nord-Noreg jobbar med å verte berekraftige med heilårsdrift, at dei har få tilsette, omsetting per verksemd på under 10 millionar kroner. NMBU si forsking på naturbasert reiseliv kjem fram til det same.

Men ho meiner at firmareiser ikkje er turisme. Det er det, og konferansar er eit godt døme. Det inkluderer om lag alle sider av sosiologen Georg Kamfjords modell over den heilskaplege reiselivsdestinasjonen.

Ein reiser ein stad på grunn av naturen eller kulturen der under påskott av konferansen, men òg andre element. I tillegg til konferansen, treng ein stad å sove, noko å ete, noko å frakte ein dit, og kanskje noko anna å gjere utanom sjølve konferansen. Kva gjeld jobbreiser, er kjernenæringane overnatting, mat, transport og attraksjon alltid inkludert.

Ikkje god marknad

Baik meiner mellom anna turistnæringa bør få støtte fordi om lag halvparten av reiselivet er firmareiser. Dette er for så vidt rett, men det hjelper lite når båe «turist»- og firmamarknaden er daud fordi det er knytt risiko for smitte og spreiing med reiser.

Koronakrisa er litt som at mormor står på kjøkkenet sitt og skal lage mat til dei åtte ungane, og alle vil hjelpe matlaginga. Det er ikkje plass, så mormor ber dei to-tre eldste bli, og sender resten ut.

Ein marknad overmetta på tilbydarar og undermetta på kjøparar er ikkje berekraftig. Som nyutdanna master i naturbasert reiseliv, kjenner eg sjølv korleis reiselivsnæringa har vorte påverka av koronakrisa. Vikarjobben mista om lag all sin omsetnad nærmast over natta då samfunnet stengde ned, dei la nylig ned her eg bur. Sommarjobben eg sikta på, let eg vere å søke på. Eg høyrde dei måtte selje inventar.

Eg leitar enno etter jobb, og diverre går søknadane mine mykje til verksemder utanfor reiselivet. Det er fleire av dei utanfor reiseliv her eg bur, og dei i reiselivet er det mange om beinet.

Reiseliv i respirator Sverige har om lag ti prosentfleire nedleggingar enn førre år, og ein kan slik Cabrera gjer, spørje om ikkje støtta held verksemdene kunstig i live. SSB syner i sin statistikk over koronakrisa i Noreg, at det var om lag ti prosent færre nedleggingar på tvers av alle næringar enn i fjor på same tid.

Kva gjeld reiselivsknytte næringar, visar data frå januar til august at sjølv om hotell og overnatting opplevde auka nedleggingar frå mars til juni samanlikna med i fjor, er trendane flate, og utan signifikant skilnad på i fjor og i år. Det same gjeld verksemder knytt til fritidsaktivitetar, kultur og underhaldning.

Dette gjer, kanskje noko kynisk, at eg meiner det er betre å la verksemder døy no, slik at det vert ein balanse mellom tilbydarar og kjøparar. Eg ser korleis meininga mi jobbar mot meg, eg ynskjer å jobbe i reiselivet, men alt håp er ikkje ute. Ein rapport frå NMBU tydar at det er lett å starte opp i naturbasert reiseliv, då vandring er det vanlegaste, og ein treng ikkje mykje utstyr. Eg trur dei som verkeleg vil jobbe med reiseliv, finn vegen attende til næringa når marknaden tar seg opp att.

Usunn destinasjonsutvikling

Noreg har alltid seld natur. Det var treverk frå 1600-talet, og jakt- og fiskemoglegheiter frå seint 1800-tal. Resultatet vart historisk lav skogtettheit på 50-talet, og mange truga artar på grunn av jakt og fiske. Enno gror naturmangfaldet, men no er det nedbygging som er trugselen. Naturen i Noreg, og norsk Arktis, krympar i takt med at naturen byggjast ned til anten bustader, eller anlegg av ulike slag, som energi og skianlegg. Det stemmer med trenden som vart presentert i eit kurs eg tok organisert av ein forskingssirkel på Arktisk turisme, der tenester som shopping, konferansar og fritidsbustader veks frem kring knutepunkt, og som tek opp natur. Det tydar på at det er lett å få byggingsløyve.

Cabrera skriv om dei store trendane på tvers av regionstilhøyrsle og geografiske tilhøve. Det Baik svarar, handlar om enkeltverksemder, då spesielt i Nord-Noreg. At næringa vil verte berekraftig motseier ikkje verdsdekkjande trendar påverka av meir enn verksemdene sitt eige arbeid. Den utviklinga Cabrera snakkar om, er starta av eigedomsutviklarar. Baik har difor sjølvsagt rett i at reiselivsnæringa ikkje er syndaren. Cabrera kritiserer Noregs kommunar for å ukritisk late seg rive med av eigedomsutviklarar og investorar sine argument. Ho kritiserer dei for at dei ikkje stiller nok krav til utviklinga. Når grøn utvikling ikkje er så grøn som ein ynskjer og det er mange negative konsekvensar, stiller eg spørsmål om det same. Når utviklinga ofte gjer uopprettelege skadar på den ressursen som vil verte viktig i tida framover, og som øydelegg moglegheitene for det naturbaserte reiselivet, lurar eg på korleis det skal gå med norsk natur og reiselivet.

Eg vel å tru Baik ikkje klarte å lese den eigentlege bodskapen i Cabreras artikkel. Reiseliv er fullt av motstridande interesser, og reiselivsforskinga som støtter Baiks argumentasjon, syner på andre område at Cabrera har rett, det er berre på ulike nivå. Eg trur Cabrera faktisk støttar mange av dei verksemdene Baik forsvarar, men stiller spørsmål om kor berekraftig samfunnsutviklinga som favoriserer ulike anlegg eigentleg er for Noreg, som sel urørd natur internasjonalt.