Julegrisen skulle slaktast så nær jul som mogleg. Frå «Jul i stuene» på Odalstunet.(Foto: Gunnar Johnsen / Odalstunets fotosamling)
Rot og faktafeil i juleformidlinga
DEBATT: Rett nok heiter det om det som er uviktig at det går med ei pølse i slaktetida, men mellom der og sleivete historieformidling går det ei grense.
Bjørn Sverre HolHaugenFyrstekonservator, Norsk Folkemuseum
IdaTolgensbakkFyrstekonservator, Norsk Folkemuseum
Publisert
Forskersonen er forskning.nos side for debatt og forskernes egne tekster. Meninger i tekstene gir uttrykk for skribentenes holdninger. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.
Jula er populær som aldri før; ho fører vidare mange
gamle skikkar og ho skapar nye tradisjonar. Og mens Oslo kommunes
juletreinnsamling sett eitt av fleire punktum, løfter vi fram nokre erfaringar
frå historieformidling vi har opplevd denne jula.
Museumsjul er vorten ein heilt ny sesong, med marknader,
levandegjort historie og utstillingar. Forskning.no har også vori ivrige
juleformidlarar denne gongen, med både julebukk, nyttår og arbeidarjul i
nettstraumen.
Eit oppgjer med tidlegare fagfeller
Ofte er det vi, kulturhistorikarane, som får spørsmål om å
forklare juleskikkane. Da har vi eit felles ansvar for å formidle oppdatert
forsking og etterretteleg kunnskap. Julehistorisk forsking var lenge ein sentral del av
dei kulturhistorisk retta faga. Denne forskinga har gått gjennom ei rivande
utvikling.
Som med dei fleste andre emna i den fagkrinsen, fekk juleforskinga etter
kvart ei sterk samtidsdreiing. Men før det skjedde, rakk julefolkloristane og
juleetnologane å ta eit kraftig oppgjer med tidlegare fagfeller.
Vi stiller oss kritiske til at dette på nytt skal bli gangbar museumsformidling.
Mens juleneket
tidleg på 1900-talet vart tolka som ei vidareføring av førkristen dyrking av
grøderikdomsgudar, kravde ny forskingsskikk tydelege kjelder; vi har faktisk
ikkje vitnemål om julenek før Pontoppidans norgeshistorie midt på 1700-talet.
Juletreet er ein ferdig importert skikk frå Tyskland. I 1952 kunne etnologen Lily
Weiser-Aall slå utvitydig fast at «det ikke fins noen historisk sammenheng
mellom gamle norske juleskikker og juletreet.» (Lily Weiser-Aall, 1953:
Juletreet i Norge, s. 43)
Tilbakeslag
Annonse
I årets juleformidling har vi sett fleire døme på at
dette forskingsskiljet verkar gløymt. I forskning.no sin artikkel «Slik var
jula før Norge ble rikt» hevdar historikar Gro Røde ved Oslo museum at
juleneket stammer frå førkristen tid.
Vi stiller oss kritiske til at dette på
nytt skal bli gangbar museumsformidling.
Like
kritiske er vi til kollegaene våre ved Nationalmuseet i København. I utstillinga
«Julens rødder», kuratert av overinspektør Mette Boritz, er det nettopp kontinuiteten
frå førkristen «jól» som står sentralt.
Museet gjer tendensiøse koplingar i
tradisjonshistoria, nokre gongar temmeleg uskuldige, andre gongar meir
kraftfulle. Vi trur ikkje svineribba bør setjast på gjøstien i lag med heidensk
heilaghalding av grisen, og vi stiller oss tvilande til at juleneket bør
skildrast som ofring.
Namnet «jul» og ølbrygging – stort meir av direkte
kopling til førkristen jul er det vanskeleg å argumentere vitskapleg for. Har stillstanden
i historisk juleforsking vorti eit attersteg til forelda teori?
Faktafeil og rot skjemmer godt
initiativ
Kritikken vi rettar mot formidling
av tvilsame førkristne røter ved Nationalmuseet er en del av ein stor vitskapeleg
debatt. Da er det lettare å kritisere heilt konkret når vi oppdagar faktafeil
hos kolleger.
I den tidlegare nemnte
artikkelen hos forskning.no er utgangspunktet prisverdig. Formidling av historisk jul er
ofte romantisk, og underkommuniserer både arbeidarjul og fattigjul.
Annonse
Nationalmuseets Frilandsmuseum har freista å ta eit oppgjer med dette. Dei kom
i november med boka «Den gamle jul – forberedelser og fejring». Der får tigging
og almisser uvanleg stor plass, og det er grundig gjort.
Slik er det dessverre ikkje når Ragnhild
Hutchison uttalar seg om julemat:
«– Det var under slaktingen at
folk spiste ferskt kjøtt. De spiste nok kanskje bedre i slaktesesongen enn i
jula.»
Motsetnaden mellom utsegnene frå dei to historikarane burde kanskje også fått journalist og redaktør til å stusse?
Dette er direkte feil.
Heile prinsippet for forrådshushaldet var å
konservere mat slik at han kunne halde seg. Julematen var ein kontrast.
Julegrisen skulle slaktast så seint som nymånen ga rom for – nettopp for å
sikre at kjøtet var ferskt til jul.
Det går ei grense
Heldigvis nyanserer Røde når ho held fram
at også fattige i byen freista å skapa skilnad mellom kvardag og jul. Ho siterer
ei kvinne som fortel at julekvelden var den einaste gongen i året dei åt seg
verkeleg mette på god mat. Motsetnaden mellom utsegnene frå dei to
historikarane burde kanskje også fått journalist og redaktør til å stusse?
Rett nok heiter det om det som er
uviktig at det går med ei pølse i slaktetida, men mellom der og sleivete
historieformidling går det ei grense.
TA KONTAKT HER Har du en tilbakemelding på dette debattinnlegget. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?