Nyheitssaker om overvassproblem, flaum, tørke, matmangel og energiknappleik står i kø. Heldigvis finst det løysingar på problema, skriv forskar Hanna Kvamsås.

Meir natur i verdas byar kan bidra til å løyse dagens klima- og naturkrise

DEBATT: Over heile verda fører klimaendringar og ekstremvêr til omfattande skadar på folk, helse og infrastruktur. Krisene står i kø. Heldigvis finst det løysingar på problema. Noko av det viktigaste er å byrje å sjå dei ulike krisene i samanheng.

Publisert

I ein kronikk på forsking.no 25. august etterlyser leiargruppa i Noradapt betre samspel mellom politikkområda energi, klimagasskutt, klimatilpassing og bevaring av naturmangfald.

Bakgrunn er den siste hovudrapporten frå FNs klimapanel. Den fastslår blant anna at bevaring og restaurering av natur spelar ei viktig rolle for klima og klimaeffektar, noko tiltak og politikk må gjenspegle.

Stadig fleire byar og kommunar slit med samansette klimautfordringar som må løysast lokalt.

Ein del av løysinga kan vere å samarbeide om å etablere meir blå-grøn infrastruktur i verdas byar. Blå-grøn infrastruktur omfattar både eksisterande naturlege element som elver, bekkar, våtmarker og grøntområde, samt tillaga og natur-hermande løysingar som regnbed, gjenopna bekkeløp og grøne tak.

Bevaring av natur gir fleire fordelar

Stadig fleire byar og kommunar slit med samansette klimautfordringar som må løysast lokalt. Tiltak og strategiar som handlar om å restaurere natur og etablere blå-grøne løysingar for å handtere overvassproblem, ekstrem varme, luftforureining og tap av biologisk mangfald er i utvikling.

Blå-grøn infrastruktur er eit døme på naturbaserte klimatilpassingstiltak som og kan gi fleire positive fordelar, ofte kalla tilleggseffektar, som energisparing, luftkvalitet, karbonbinding, vassparing, ivaretaking av biologisk mangfald, samt rekreasjons- og folkehelsefordeler.

Løysingane vert ofte fremma på bakgrunn av nettopp tilleggseffektane. Likevel vert blå-grøn infrastruktur i hovudsak planlagt og implementert ut frå mål om overvasshandtering der andre tilleggseffektar er sårbare for bortprioritering.

Heilskapleg tenking

Overvasshandtering har dei siste tiåra vorte prega av meir heilskapleg tenking der ein jobbar for å flytte underjordisk infrastruktur i vassrøyr opp på bakken i opne løysingar med grøne element og betre plass til infiltrering og fordøying av vatn.

Denne endringa gjer at vatn og avløp som gjennom historia har vore gøymt bort under bakken vert politisert og aktualisert i klimapolitikk, arealforvaltning og byutvikling.

Endringa gjer og at ein kan sjå ei utvikling av kollektive blå-grøne verdisett der den blå-grøne infratukturen med tilhøyrande tilleggseffektar vert eit ideal i lokal arealplanlegging, også blant aktørar som har overvasshandtering som fremste mål.

Blå-grøne ideal i byplanlegginga

Ein nyleg publisert artikkel som undersøker korleis Bergen og Tromsø jobbar med å planlegge og implementere blå-grøn infrastruktur viser at sjølv om overvassmåla framleis står i sentrum, er planleggingsmiljøa i ferd med å utvikle eit kollektivt blågrønt verdisett basert på potensielle tilleggsfordeler og ideal om heilskap i klimaarbeidet.

Dette er ein god illustrasjon på at det er utfordrande, men mogeleg, å kombinere fleire politikkområde og mål innan klima og miljø, og at tverrfagleg samarbeid over tid kan vere ein måte å finne fram til felles verdiar og mål innan klima- og byutviklingspolitikk.

Der er òg eit stort potensiale i å verkeleg få utforska og utnytta dei tilleggseffektane blå-grøn infrastruktur kan gi i framtidig arealplanlegging, byutviklings- og klimaarbeid.

LES OGSÅ:

Vi vil gjerne høre fra deg!

TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på dette debattinnlegget. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?

Powered by Labrador CMS