Julegrisen skulle slaktast så nær jul som mogleg. Frå «Jul i stuene» på Odalstunet.

Rot og faktafeil i juleformidlinga 

DEBATT: Rett nok heiter det om det som er uviktig at det går med ei pølse i slaktetida, men mellom der og sleivete historieformidling går det ei grense.

Publisert

Forskersonen er forskning.nos side for debatt og forskernes egne tekster. Meninger i tekstene gir uttrykk for skribentenes holdninger. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Jula er populær som aldri før; ho fører vidare mange gamle skikkar og ho skapar nye tradisjonar. Og mens Oslo kommunes juletreinnsamling sett eitt av fleire punktum, løfter vi fram nokre erfaringar frå historieformidling vi har opplevd denne jula.

Museumsjul er vorten ein heilt ny sesong, med marknader, levandegjort historie og utstillingar. Forskning.no har også vori ivrige juleformidlarar denne gongen, med både julebukk, nyttår og arbeidarjul i nettstraumen. 

Eit oppgjer med tidlegare fagfeller

Ofte er det vi, kulturhistorikarane, som får spørsmål om å forklare juleskikkane. Da har vi eit felles ansvar for å formidle oppdatert forsking og etterretteleg kunnskap. Julehistorisk forsking var lenge ein sentral del av dei kulturhistorisk retta faga. Denne forskinga har gått gjennom ei rivande utvikling. 

Som med dei fleste andre emna i den fagkrinsen, fekk juleforskinga etter kvart ei sterk samtidsdreiing. Men før det skjedde, rakk julefolkloristane og juleetnologane å ta eit kraftig oppgjer med tidlegare fagfeller. 

Vi stiller oss kritiske til at dette på nytt skal bli gangbar museumsformidling.

Mens juleneket tidleg på 1900-talet vart tolka som ei vidareføring av førkristen dyrking av grøderikdomsgudar, kravde ny forskingsskikk tydelege kjelder; vi har faktisk ikkje vitnemål om julenek før Pontoppidans norgeshistorie midt på 1700-talet. 

Juletreet er ein ferdig importert skikk frå Tyskland. I 1952 kunne etnologen Lily Weiser-Aall slå utvitydig fast at «det ikke fins noen historisk sammenheng mellom gamle norske juleskikker og juletreet.» (Lily Weiser-Aall, 1953: Juletreet i Norge, s. 43)

Tilbakeslag

I årets juleformidling har vi sett fleire døme på at dette forskingsskiljet verkar gløymt. I forskning.no sin artikkel «Slik var jula før Norge ble rikt» hevdar historikar Gro Røde ved Oslo museum at juleneket stammer frå førkristen tid. 

Vi stiller oss kritiske til at dette på nytt skal bli gangbar museumsformidling. 

Like kritiske er vi til kollegaene våre ved Nationalmuseet i København. I utstillinga «Julens rødder», kuratert av overinspektør Johanne Steenstrup, er det nettopp kontinuiteten frå førkristen «jól» som står sentralt. 

Museet gjer tendensiøse koplingar i tradisjonshistoria, nokre gongar temmeleg uskuldige, andre gongar meir kraftfulle. Vi trur ikkje svineribba bør setjast på gjøstien i lag med heidensk heilaghalding av grisen, og vi stiller oss tvilande til at juleneket bør skildrast som ofring. 

Namnet «jul» og ølbrygging – stort meir av direkte kopling til førkristen jul er det vanskeleg å argumentere vitskapleg for. Har stillstanden i historisk juleforsking vorti eit attersteg til forelda teori?

Faktafeil og rot skjemmer godt initiativ

Kritikken vi rettar mot formidling av tvilsame førkristne røter ved Nationalmuseet er en del av ein stor vitskapeleg debatt. Da er det lettare å kritisere heilt konkret når vi oppdagar faktafeil hos kolleger. 

I den tidlegare nemnte artikkelen hos forskning.no er utgangspunktet prisverdig. Formidling av historisk jul er ofte romantisk, og underkommuniserer både arbeidarjul og fattigjul. 

Nationalmuseets Frilandsmuseum har freista å ta eit oppgjer med dette. Dei kom i november med boka «Den gamle jul – forberedelser og fejring». Der får tigging og almisser uvanleg stor plass, og det er grundig gjort.

Slik er det dessverre ikkje når Ragnhild Hutchison uttalar seg om julemat: 

«– Det var under slaktingen at folk spiste ferskt kjøtt. De spiste nok kanskje bedre i slaktesesongen enn i jula.» 

Motsetnaden mellom utsegnene frå dei to historikarane burde kanskje også fått journalist og redaktør til å stusse?

Dette er direkte feil.

Heile prinsippet for forrådshushaldet var å konservere mat slik at han kunne halde seg. Julematen var ein kontrast. Julegrisen skulle slaktast så seint som nymånen ga rom for – nettopp for å sikre at kjøtet var ferskt til jul. 

Det går ei grense

Heldigvis nyanserer Røde når ho held fram at også fattige i byen freista å skapa skilnad mellom kvardag og jul. Ho siterer ei kvinne som fortel at julekvelden var den einaste gongen i året dei åt seg verkeleg mette på god mat. Motsetnaden mellom utsegnene frå dei to historikarane burde kanskje også fått journalist og redaktør til å stusse?

Rett nok heiter det om det som er uviktig at det går med ei pølse i slaktetida, men mellom der og sleivete historieformidling går det ei grense.

Vi vil gjerne høre fra deg!

TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på dette debattinnlegget. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?

 

Powered by Labrador CMS