Klima- og miljøminister Tore O. Sandvik (Ap) og landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) la fram regjeringens stortingsmelding om naturmangfold 27. september.(Foto: Ole Berg-Rusten / NTB)
Naturen taper: Staten må ta sin del av ansvaret
KRONIKK: Norsk natur forsvinn bit for bit. Skal vi redde økosystema våre, må staten ta sin del av ansvaret gjennom å stramme inn føringane for arealbruk i kommunane.
VigdisVandvikProfessor og senterleder for berekraftig arealbruk (CESAM), UiB
Siv ElènVedvikPostdok, Det juridiske fakultet, UiB
Ingunn EliseMyklebustProfessor i rettsvitenskap og leiar av forskingsgruppa for forvaltningsrett, UiB
Publisert
Forskersonen er forskning.nos side for debatt og forskernes egne tekster. Meninger i tekstene gir uttrykk for skribentenes holdninger. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.
Bit-for-bit nedbygging av areal er den aller største
trusselen mot naturen, i Noreg som i verda elles. Det første målet i
naturavtalen handlar derfor om å prioritere naturomsyna høgare i all arealforvaltning,
noko som er heilt naudsynt om vi skal kunne stoppe tapet av natur innan 2030.
Andre mål vi har forplikta oss
til, er å verne 30 prosent av areala på land og til havs og å restaurere 30
prosent av skada natur. Dette er viktige steg på vegen mot det langsiktige
målet om at areala av naturlege økosystem i verda skal aukast innan 2050 og
stoppe menneskeskapt utrydding av artar.
Fridom og ansvar i arealpolitikken
I Naturmeldinga framhevar Regjeringa at handlingsplanen
er utarbeida særleg med «tanke på å
sikre det kommunale selvstyret over arealene». Slik teiknar Regjeringa eit
bilete av at det er kommunane som skal sikre at Noreg finn ein stø kurs mot å
nå naturavtalen sitt mål. Men kan, og skal, dei klare det åleine?
Når målet no (...) er å prioritere naturen tyngre, må dette attspeglast i rammer og spelereglar.
Systemet etter plan- og bygningslova er at
ansvaret for arealforvaltninga i landet er delt mellom kommune, regionale
styresmakter og stat. Alle forvaltningsnivåa har sine ansvarsområde, og det er
lovgjevar og Regjeringa som definerer dei ulike organa sine roller og oppgåver.
Ja, kommunane har ansvaret for å treffe
vedtak om bindande planar for areal i eigen kommune. Men staten har òg ansvar; staten skal definere
kva nasjonale mål, rammer og retningslinjer kommunane må halde seg innanfor når
dei planlegg, og staten har ansvar for å kontrollere at kommunane følgjer opp.
Til hjelp i dette arbeidet held staten seg med
ei rekke såkalla sektorstyresmakter, som miljøstyresmaktene, mattilsynet og
kulturminnestyresmaktene, for å nemne nokre. Dei er ikkje berre høyringsorgan i
planprosessen, men også vaktbikkjer.
Annonse
Dersom kommunane ikkje ivaretek dei nasjonale og regionale
interessene desse sektorstyresmaktene er sett til å verne om, kan det bli
fremja «motsegn» mot planen. Og når det blir fremja motsegn, er det Kommunal-
og distriktsdepartementet som overtek ansvaret for å avvege dei ulike interessene
mot kvarandre, og ta endeleg avgjerd.
Kor fritt kommunen står til å tillate til
dømes nedbygging av natur, avheng med andre ord av det som til kvar tid er
gjeldande rettslege og politiske rammer og spelereglar.
Men når kan staten «blande seg inn»?
Spørsmålet om kor mykje, og i kva typar saker,
staten skal «blande seg» i kommunal arealplanlegging har til alle tider vore
eit politiske heitt tema.
Når målet no, etter at Norge skreiv under på Naturavtalen,
er å prioritere naturen tyngre, må dette attspeglast i rammer og spelereglar.
Ein viktig føresetnad for at sektorstyresmaktene skal kunne fremje motsegn, er
at dei kan slå fast at kommunen sitt planforslag er i strid med vedtekne
nasjonale mål for styring.
Vagt formulerte prinsipp kombinert med ei sterk understreking av at «kommunane veit best», er ein krevjande modell for å nå måla i naturavtalen
Om ein vil
legge opp til at staten skal kunne kontrollere at kommunane følgjer opp
naturmåla, må ein derfor formulere forventningar og målsetjingar som stiller
tydelege krav til kommunane.
Vi ser at Regjeringa i Naturmeldinga løfter
fram prinsipp for arealbruk som eit grep for å fremje ei meir
heilskapleg arealforvaltning, i tråd med naturmåla. Spørsmålet er om dette
grepet gir nasjonale og lokale styresmakter dei nye verktøya dei treng for å
kunne følgje opp måla i naturavtalen.
Ser vi nærare på prinsippa som blir løfta fram,
så er desse stort sette formulert som eit sett av oppfordringar om kva kommunane bør
gjere, og tenkje på. Dei konkrete signala, i form av ‘skal’-reglar, prosentar
og årstal for til dømes vern og restaurering av natur, har i stor grad forsvunne
på vegen frå dei globale til dei nasjonale måla.
Annonse
Som eit konkret døme kan vi nemne målet om
null netto tap av natur (arealnøytralitet). Dette målet ligg implisitt inne både i avtalens
føremål om å ‘stoppe og reversere’ tapet av natur, og i målet om å ta omsyn til
natur i all arealplanlegging.
Fleire sektorstyresmakter peikte på dette i sine
innspel til naturmeldinga, og 80 norske kommunar styrer allereie mot dette
målet. Men sjølv om mange kommunar her har funne ein fungerande sti, er dette ikkje noko som blir trekt fram som
noko ein har forventningar om eller oppfordrar
til. Tvert om blir det sagt at det «bør gjøres gode vurderinger
av om slike målsettinger er hensiktsmessige eller ikke».
Vidare, trass i at Stortinget bad Regjeringa
legge fram forslag mot nedbygging av myr innan 2023, seier meldinga berre at bygging
på myr «skal unngås så langt som mulig».
Om Regjeringa meiner alvor med at ein vil nå måla i naturavtalen, må signalet vere at naturen må vege tyngre enn han har gjort til no
Som eit tredje døme vil Regjeringa
heller ikkje stille tydelege krav til at kommunane må ha oversikt over areala i
kommunen (arealrekneskap). Dette
skal berre vere eit reiskap i planlegginga «der kommunene selv ønsker dette».
Men
utan ei slikt kunnskapsgrunnlag som ei samanstilling av standardiserte kommunale
arealregnskap ville gje oss, vil det i praksis vere umogeleg å vite kva den
samla belastninga av kommunale vedtak vil utgjere for naturen på lokalt,
regionalt og nasjonalt plan.
Problemet med alle desse vage måla og frivillige
tiltaka, er at det verken gir kommunane tydelege styringssignal eller staten grunnlag
for å gripe inn med motsegn.
Fleire verktøy må opp frå verktøyskuffa
Vagt formulerte prinsipp kombinert med ei
sterk understreking av at «kommunane veit best», er med andre ord ein krevjande
modell for å nå måla i naturavtalen. Kva bør vi gjere i staden?
Annonse
Det vi saknar er for det første at Regjeringa
er tydelege på kva krav og forventningar ein har til kommunane. Dette vil gje
klarare styringssignal, og gjere det mogleg å kontrollere om kommunane gjer sin
del av jobben. Då må «bør»- normer bli erstatta med «skal»-reglar, og oppfordringar
om å «unngå» bli erstatta med forbod, som til dømes byggjeforbod på myr.
Ved utvikling av slike nye system, som eit
byggjeforbod på myr, kan ein sjå på byggjeforbodet i 100-metersbeltet, som
gradvis har fått større plass og sterkare vern. Sjølv om vernet av strandsona framleis ikkje er så godt som mange
ønskjer, er det grunn til å tru at det i dag er mykje betre enn om vi hadde
mangla forbod, retningslinjer om differensiering, og krav til plangrenser.
Videre er tida er inne for at å vurdere om
også fleire område og naturverdiar skal setjast i «raudt». Sjølvsagt vil det vere
behov for noko fleksibilitet, men dette bør ein heller leggje til rette for
gjennom høve til å gradere og «opne» i særskilte tilfelle.
Feie for eiga dør
Skal vi greie å bremse bit-for-bit
nedbygginga, må alle ta sin del av ansvaret. Regjeringa må tydeleggjere departementet
(KDD) sitt eige ansvar for å stake ut ein kurs som beveger oss i retning av
naturavtalen sine mål. Departementet har ikkje berre ansvar for å observere og
samle kunnskap som skal delast med kommunane, men er sjølv ein viktig og mektig
aktør i løpande arealforvaltning.
Når departementet sjølv gjer vedtak, til
dømes ved konfliktar mellom kultur- natur og ny industri, og prioriterer nedbygging
av viktig natur, sender det signal til både kommunane og andre om at dette ikkje
er så farleg likevel.
Annonse
Saman mot måla
Når staten i praksis abdiserer får kommunane
eit stort handlerom til å prioritere natur – eller til å la vere. Ved å sende
signal om at det er det kommunale sjølvstyret skal vere ramma for arealpolitikken,
og ikkje motsett, kan det framstå som eit ønskje om å gi kommunane ryggdeking
uavhengig av kva for prioriteringar som skjer på det lokale planet.
Samtidig får ikkje kommunar som vil prioritere
natur den støtta som ligg i klare statlege signal, eller tydelege presedensar i
motsegnsakene. Dette kan jo sjølvsagt likevel fungere – men berre så lenge det
er nok pengar og politisk vilje lokalt.
Om Regjeringa meiner alvor med at ein vil nå
måla i naturavtalen, må signalet vere at
naturen må vege tyngre enn han har gjort til no. Dette må gjelde lokalt,
og det må gjelde i statens eigne avgjerder. Får ein ikkje fram det, er
naturmeldinga berre eitt steg fram og to tilbake.
TA KONTAKT HER Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?