Biletet er frå oppgravinga av sovjetiske krigsgraver i leiren Tennebekken i 1945. 92 graver vart flytta herfrå til Gravdalspollen, der dei er no.

Kven var dei sovjetiske krigsfangane som ligg gravlagd i Noreg?

POPULÆRVITENSKAP: Det er langt frå riktig å kalla alle sovjetiske soldatar under andre verdskrig for russarar. Her er historia til nokon av soldatane som fekk sin endelege kvilestad på ein gravplass i Bergen.

På ei lita, beskjeden helle i grasplenen på Gravdalspollen gravplass i Bergen står namnet «Zabajev» med latinske og kyrilliske bokstavar. På ei tilsvarande like ved står namnet «Dudka».

Titals slike heller ligg ved sidan av kvarandre, utan pynt eller ornamentering, utan fødsels- eller dødsdato. På dei fleste står det berre etternamn – «Sjevtsjenko», «Ovtsjinnikov» – på nokon få eit fornamn eller ein grad.

Midt blant dei står ei stang med ei raud stjerne på toppen og ein plakett med innskrifta:

«Sovjetiske krigsfangar som vart pinte og skotne av Hitlers fascistar».

Her ligg nokon få av dei sovjetiske krigsfangane som døydde i tysk krigsfangenskap i Noreg under andre verdskrigen.

Eit mareritt

Zandzji Zabajev vart fødd i 1916 i ein landsby i Barguzin-distriktet ved austsida av Bajkalsjøen, rundt 400 kilometer nord for den russiske grensa til Mongolia. Han var av folkegruppa burjatane, eit hovudsakleg buddhistisk, mongolsk folkeslag.

I 1941 gjorde han verneplikta si i eit artilleriregiment i den sovjetiske hæren, lengst vest i Sovjetunionen. Her var han då Nazi-Tyskland invaderte den 22. juni. Det sovjetiske forsvaret var ikkje førebudd på angrepet og tyskarane rykte raskt fram. 4. juli 1941 hamna Zabajev i tysk krigsfangenskap, som ein av mange hundre tusen sovjetiske soldatar i dei første vekene etter invasjonen.

Den første tida var eit mareritt for krigsfangane, som vart sperra inne i leirar som stundom ikkje var meir enn eit piggtrådgjerde rundt eit ope jorde. Dei første åtte månadene døydde rundt to millionar av dei av svolt, frost, utmatting eller i masseavrettingar av soldatar som var jødar, aktive kommunistar eller vart rekna som «uønskte» av andre grunnar.

Men Zabajev overlevde kaoset, og etter kvart kom han, truleg til fots, kanskje i ei opa jernbanevogn, til fangeleiren Stalag 302 i Groß Born i Pommern, nær den gamle tysk-polske grensa.

Frå den ukrainske sørkysten til Jørstadmoen

Minnesmerket står sentralt på gravplassen med namna til seks fangar som vart skotne 10. november 1944; og plaketten med innskrifta "Sovjetiske krigsfangar som vart pinte og skotne av Hitlers fascistar."

Oleksij Dudka kom frå landsbyen Lozanivka, ved den ukrainske sørkysten. I oktober 1941 vart han teken til fange som infanterist i Den raude hæren i sin eigen heimprovins Zaporizjzja, tre og ein halv månad etter invasjonen. Han overlevde dei gruelege forholda den første vinteren og kom til Stalag II-B i Hammerstein, ein annan av dei store leirane i Pommern.

Her var han då den tyske behandlinga av dei sovjetiske krigsfangane endra fokus frå å meir eller mindre berre la dei døy, til å utnytta dei som arbeidskraft så lenge det var liv i dei.

Rundt 100 000 sovjetiske krigsfangar vart sende som slavearbeidarar til Noreg i løpet av krigen. I august 1942 kom Dudka til Stalag 303 på Jørstadmoen, nord for Lillehammer, som var navet for det tyske fangeleirsystemet i Sør-Noreg.

Herifrå vart fangane fordelt dit det var bruk for dei, og Dudka vart etter eit par veker sendt til Bergen. Zabajev kom frå Tyskland til Jørstadmoen seinare i september same året, og vart sendt vidare til Bergen ein månad etter Dudka.

Døydde av hudsjukdom

Tilhøva for dei sovjetiske fangane i Noreg varierte veldig frå leir til leir. Ein del stader i Finnmark døydde svært mange, særskilt om vinteren, og dødstala var òg svært høge under jernbanebygginga i Nordland.

I Sør-Noreg var leirane stort sett mindre, og dødstala òg, men også der var det avrettingar og mishandling, og fangar bukka under for sjukdommar og generell utmatting. Oleksij Dudka fekk om lag eit halvt år som slavearbeidar i Bergen, før han fekk hudsjukdommen rosen, som vart fatal for han. Han døydde 34 år gammal den 24. mars 1943, ein av rundt 100 sovjetiske krigsfangar som miste livet i Bergen.

Zabajev overlevde i over tre år som krigsfange. Så, 4. oktober 1944, kom det store luftangrepet mot den tyske u-båtbunkeren på Laksevåg. 193 sivile miste livet under bombinga, mellom anna fleire titals skulebarn på Holen skole. 13 sovjetiske krigsfangar var òg blant offera, og mellom dei var 27 år gamle Zandzji Zabajev, som no ligg gravlagd i Bergen, 6000 kilometer frå heimen sin.

Zabajev og Dudka var to av rundt 13 000 sovjetiske soldatar som døydde som krigsfangar i Noreg.

Zandzji Zabajev ligger gravlagd på Gravdalspollen gravplass i Bergen.

Nyttar krigshistoria til propagandaføremål

Under og lenge etter krigen vart dei sovjetiske krigsfangane stort sett kalla «russarar». Dette er ikkje å undrast over – namnet «Sovjetunionen» er ikkje eldre enn 1922, og at det gamle namnet Russland hang igjen lenge er heilt naturleg. Men no er det snart 30 år sidan Sovjetunionen eksisterte.

Dei noverande styresmaktene i Russland nyttar krigshistoria aktivt til propagandaføremål ved å setja likskapsteikn mellom det Sovjetunionen som kjempa og leid og til slutt vann andre verdskrig, og dagens Russland. Dette er problematisk, særskilt med tanke på at Russland no er i konflikt med Ukraina, den største av dei andre gamle sovjetrepublikkane. Ukraina, Kviterussland og fleire andre land var òg med i andre verdskrigen som del av Sovjetunionen, soldatar derifrå utgjorde store delar av Den raude hæren og dei leid og ofra også, akkurat som russarane.

Mange av dei rundt 13 000 sovjetiske krigsfangane som døydde i Noreg, er anonyme, men svært mange er òg identifiserte. Falstadsenteret, som driv nettstaden krigsgraver.no, har gjort eit stort arbeid med å gjera informasjon om desse tilgjengeleg for publikum. Med informasjonen derfrå og frå liknande russiske nettsider kan ein finna mange detaljar om dei som fall i krigen, slike som Zandzji Zabajev og Oleksij Dudka.

Frigitte sovjetiske krigsfangar i 17. maitoget i Bergen i 1945.

Viktig å hugsa på at soldatane kom får alle delar av Sovjetunionen

Eit par stikkprøvar gir eit inntrykk av bakgrunnen deira. Det let seg gjera å finna heimstaden til 1152 sovjetiske fangar som døydde i leirar i Finnmark. Av dei kom 74 prosent frå Russland, 19 prosent frå Ukraina, 3 prosent kvar frå Kviterussland og Kasakhstan og resten frå andre sovjetrepublikkar i Kaukasus og Sentral-Asia.

I det som i dag er Vestland fylke var talet på døde mindre, berre 102. Av dei kom ikkje fleire enn 51 – nøyaktig halvparten – frå Russland, slik som Zabajev, medan Dudka var ein av 48 – nesten like mange – som kom frå Ukraina.

Russland var den største av sovjetrepublikkane, og bidrog naturleg nok med dei fleste soldatane, men det er langt frå riktig å kalla alle sovjetiske soldatar under andre verdskrig for russarar. Når dagens Russland utnyttar den sovjetiske krigshistoria for å betra omdømet sitt under den pågåande konflikten med Ukraina, er det viktig å hugsa på at dei sovjetiske soldatane kom frå alle delar av det gamle Sovjetunionen.

Russarar og ukrainarar kviler side ved side i krigsgravene på Gravdalspollen, på Tjøtta og andre stader i landet. Takksemda vår overfor dei soldatane som kjempa for sigeren som ga Noreg fridomen attende, må ikkje berre gå til Russland, men òg til Ukraina, Kviterussland, Kasakhstan og dei andre tidlegare sovjetrepublikkane.

Kjelder:

www.krigsgraver.no

www.obd-memorial.ru

Powered by Labrador CMS