Ein kløvhest med bør på ryggen fotografert i Setesdal på tidleg på 1900-talet

Ferd og frakt over fjell og vidde

POPULÆRVITENSKAP: Noreg skil seg ut med ein spreidd busetnad, også i vikingtid og mellomalder. Dette fordra stabile ferdselsårer, der folk, fe og varer kunne bli frakta over fjell og hei. Men korleis føregjekk denne ferdselen?

Å gå på fjellet er for mange ein viktig avkopling frå ein stressande kvardag. Men hugen etter frisk fjelluft kan henge saman med at få har opplevd fjellet på flatbrød og gamal surmjølk, utan kart eller gore-tex, men med overnatting under open himmel eller i kalde, våte og trekkfulle steinbuer utan liggeunderlag eller sovepose.

Trass farane og slitet, var innlandets ferdselsårer samlande på tvers av fjell og skog, og mogleggjorde vide økonomiske og sosiale fellesskap.

Ferdselsårene i innlandet må forståast som noko meir enn strekar mellom grender eller regionar, men som ein vidtrekkande, nesten altomfattande kommunikasjon og interaksjon. Slik vart det spreidd idear, tankar og teknologi så vel som varer.

Innlandets ressursar

Jakt, fangst og fiske utgjorde viktige ressursar og handelsvarer frå innlandet, men det viktigaste var kanskje framstilling av jern frå myrmalm. Iallfall frå slutten av vikingtid til og med høgmellomalder (ca. 900–1300 e.Kr.), då jernproduksjonen med klår margin oversteig det lokale behovet.

Jernet vart produsert av spesialiserte bønder i dei relativt sparsamt befolka fjell- og dalbygdene, medan hovuddelen av befolkninga budde nær kysten eller i dei sentrale jordbruksbygdene.

Kommunikasjonen over land, på tvers av daler og over vidda i Sør-Noreg er likevel lite vektlagt i historisk og arkeologisk forsking. Me veit framleis lite om korleis varer frå fjell- og dalbygdene vart transportert i vikingtid og mellomalder. Kva ferdselsårer vart nytta og når på året føregjekk det meste av ferdselen?

Frakta tunge bører til fots

Den mest effektive måten å frakte varer over hei og vidde var ved hjelp av hest, men hestar var kostbare og kravde store mengder fôr. Ein må såleis rekne med at ein del vart frakta til fots. Det er beskrivingar frå tidleg nytid om husmenn som bar bører over fjellet, bører som var så tunge at dei måtte dele den opp – tvibera.

Det betyr fyrst å ta ei bør og bere ho eit stykke. Så sette denne børa frå seg og gå attende og hente ei ny bør, som så vart boren fram til den fyrste. Slik vart ein allereie tung og slitsam veg tre gonger så lang.

Bruk av hest

Så sjølv om ferdsel til fots var ein moglegheit, var bruk av hest å føretrekke. Hesten har ein unik posisjon i samband med kommunikasjon og frakt av varer i innlandet, og trass i kostnadane knytt til hestehaldet, ser hest ut til å ha vore nokså utbreidd. Skildringar frå tidleg nytid og funn av hestesko og hesteskosaum på sesongmessig møte- og marknadsplassar viser til hestens sentrale rolle. Likeins har fonnefunn synleggjort hesten i samband med fjellferdsel.

Hesten kunne dra ein slede på vinteren, eit slep på sommaren og ein kunne frakte varene på ryggen til hesten, som kløv. Av desse er nok slepet den transportmetoden som er minst kjent i dag. Slepet vart dratt etter hesten og bestod av to lange staur bunde i hop med tverrstokkar, og oppå desse vart lasten plassera. Slep slik det blir brukt for å omtale gang- eller ridestiar over fjell, til dømes Nordmannslepa, kan vise til bruken av slep i samband med frakt, men kan òg syne til ei slepe, i betydinga veg eller sti.

Ein kunne frakte tunge lass med slep, men det er vanskeleg å dra slep i bratt og steinete terreng og det kan vere ein utfordring å krysse elvar. Kløvhest var såleis ein meir fleksibel fraktmetode, men det innebar òg at ein fekk frakta mindre per hest. No er likevel kløv nemnt i fleire av islendingesagaene (til dømes Soga om Viga-Glum, kap. 11 og Sagaen om øyrbyggene, kap. 58) og når i tillegg kløv var mest brukt til frakt over fjellovergangar i historisk tid, er det grunn til å anta at kløv har vore meir utbreidd enn bruk av slep.

Dagens fjordhest er noko større enn mellomalderhestar, men skilnaden er ikkje større enn at ein kan rekne med ei bør på opp mot 80 kilo per kløvhest i vikingtid og mellomalder. Dette er likevel lite sett opp mot mengdene som hesten kunne frakte på slede, og ein i tillegg kunne ta i bruk islagte vatn og elvar.

– Sjølv om ferdselen hovudsakeleg gjekk føre på sommar og haust, kunne reisa over fjellet likevel vere farefull, skriv Kjetil Loftsgarden.

Farefull ferd over fjellet

Det var likevel store farar med å ferdast over fjellet på vinteren, dagane var korte og uvêr kunne kome raskt. Det er såleis sannsynleg at fordelen med enklare transport på vinteren neppe vil ha vege opp for risikoen.

Sjølv om ferdselen hovudsakeleg gjekk føre på sommar og haust, kunne reisa over fjellet likevel vere farefull. Vêret skifta fort og elvar kunne vera store og strie. Nærare grendene var det mange stader anlagt bru over elvene, men desse var nok av varierande kvalitet. Professor Christopher Hansteen, som reiste over Hardangervidda i 1821, gjev fylgjande råd ved kryssing av skrøpelege bondebroer: «Jeg lot derfor alltid mine svære ledsagere gå foran, og skyndte meg med lette og hastige skritt over […]» (Hansteen 1969 [1859]:85).

Ved fleire fjellovergangar vart det også bygd eigne hus, sælehus (sáluhus), som ly for reisande. Reglane for opphaldet viser kor nådelause forholda på fjellet kunne bli: Om det var trongt måtte ein sette oppakninga si utanfor, og om det var fullt skulle ein trekke lodd om kven som måtte gå ut. Dei som ikkje ville gå ut, sjølv om dei tapa loddtrekninga, måtte betale fulle bøter om dei som etter loddtrekninga skulle vere inne døydde ute (Gulatingslova V 29).

Kartet viser dei mest sentrale vegane i Sør-Noreg, utarbeidd på bakgrunn av historiske kart, samt ulike lokalhistoriske studiar.

Omfang og betydinga av frakt over fjell

Det å kunne etablere og oppretthalde ein gard i høgareliggande strøk kravde at visse varer og ressursar måtte bli tilført, som salt og korn, samt enkelte handverksprodukt, våpen og reiskapar. Det var i tillegg ein hug og ynskje etter meir utprega symbolske markørar som smykke eller tekstilar.

Frakta over fjellovergangar og vidde var likevel av betyding utover det å forsyne innlandets spreidde busetnad. Mange av varene som vart eksportert frå Skandinavia i vikingtid og mellomalder kom frå fjell og hei – som pels, skinn, gevir, klebersteinskar, brynestein og jern.

Det er estimert at det vart produsert 60 000 tonn jern i bygdene omkring Hardangervidda i perioden 950–1300 e.Kr. Det betyr ein gjennomsnittleg årsproduksjon på ca. 170 tonn jern som måtte bli frakta frå innlandet til dei folkerike kyst- og jordbruksområda. Sidan me veit at ein kløvhest kunne ta rundt 80 kilo, svarar dette til eit årleg fraktbehov på godt over 2000 lass med kløvhest. Noko av jernet vart frakta sør- og austover, og noko vart frakta over fjellet til indre fjordområde, som Sognefjorden, Hardangerfjorden eller Lysefjorden.

Sikra ein stabil og sikker tilgang på jern

ver 2000 årlege lass med kløvhest er mykje, men det er verdt å minnast at jernframstillinga var fordelt på hundrevis av lokalitetar og gardsbruk spreidd i fjell- og dalbygdene. Desse var knytt til kysten og sentrale jordbruksbygder gjennom faste og varige vegar og slep som hadde vore i bruk gjennom jernalderen. Bøndene i innlandet kunne ikkje risikere å bruke tid og ressursar på å gå i gang med overskotsproduksjon av jern utan allereie å ha på plass stabile økonomiske nettverk, etablerte ferdselsårer og pålitelege metodar for frakt.

Frakt og ferdsel mellom innland og kyst sikra altså ein stabil og sikker tilgang på jern, noko som var av stor betyding for både vikinghøvdingar og det etter kvart framveksande norske kongedømet.

Ein kan såleis hevde at småskala transport av varer, fordelt på mange hender (eller føter), har vore avgjerande for den samfunnsøkonomiske utviklinga i vikingtid og mellomalder.

Les forskinga bak artikkelen:

Kjetil Loftsgarden: Ferd og frakt over fjell og vidde. Primitive tider, 21: 7-23, 2019. Tilgjengeleg her: https://journals.uio.no/PT/article/view/7555/6851

Powered by Labrador CMS