Atmosfæren på VM-arenaene generelt og i den store fanparken i Al Bidda spesielt er prega av ein veldig lun og god atmosfære, skriv kronikkforfattarane, som er i Qatar for å fylgje fotball-VM.

NRK med vrengebilde frå Qatar

KRONIKK: Viss målet er å bidra til betre tilhøve for migrantane, er det viktig å gi eit så sannferdig bilde av situasjonen som råd er.

Med rette har VM i Qatar hausta mykje kritikk, heilt frå landet vart tildelt mesterskapet på kontroversielt vis i 2010. Mens kritikken mot andre store globale idrettsarrangement i nyare tid har pleidd å stilna når sjølve konkurransane har kome i gang, har kritikken mot VM i Qatar vedvart også mot sjølve organiseringa av mesterskapet.

NRK sitt oppslag om fanfestivalen i Al Bidda Park i Doha er eit eksempel på det me opplever som ei unyansert vinkling: FIFA skryter av møteplassen for VM-fans men ser du hva som mangler?

NRK har redigert innhaldet i denne teksten etter at me var i kontakt med dei, men dei avviste å publisera denne kommentaren.

I oppslaget hevdar NRK sin sportskommentator, Jan Petter Saltvedt, at det verken er stemning eller fasilitetar og at det er umogleg å trivast på området. Vår erfaring er at festivalområdet er fullt kvar einaste dag, og at folk frå heile verda minglar i ei stemning som best kan skildrast som ein karnevalsprega fest.

I skuggen

I samband med forskingsprosjektet Form – om fotball og religion i Midt-Austen – er me på oppdrag i Qatar – for å gjera observasjonar av publikum under kampar i VM, både på arenaene og rundt fansoner med storskjerm. Me nyttar fanfestivalen i Al Bidda park som ein base for observasjon og samtalar med fans frå heile verda.

Førsteinntrykket vårt då me kom inn på området den første gongen, i samband med ein kamp med avspark klokka 13, likna på det NRK-journalistane skildrar. Folk stimla saman der det var skygge.

Kritikken i samband med VM har pressa fram nokre endringar, men mykje gjenstår. Dersom målet er å bidra til betre tilhøve for migrantane, er det viktig at kritikken er fokusert.

Kronikkforfattarane

Etter først å ha vurdert å forlata denne fanparken og oppsøka ein av dei mange andre stadene der dei viser kampar, valde me å henga rundt litt meir. Me fann skygge og fleire mindre skjermar lenger bak på området, og godt med sitteplassar. Tre av fire kampar i gruppespelet går uansett etter klokka 16, og då er ikkje sola eit problem.

Tilbakelent og lunt

På mange vis liknar dette på ein musikkfestival med mange tilbud om også andre aktivitetar, alt frå eit fotballmuseum til konsertar mellom kampane, kunstutstillingar og aktivitetar for barn. Heilt bakerst på området er det ei eiga utstilling med Zaha architects, som står bak utforminga av Al Janoub stadium i Al Wakrah – ein forstad sør for Doha.

Det er politifolk på området, men desse er svært tilbakelente og me har verken sett eller høyrt om valdstilfeller, verken mellom politi og fans eller mellom supportarar frå ulike land. Atmosfæren på VM-arenaene generelt og i den store fanparken i Al Bidda spesielt er prega av ein veldig lun og god atmosfære.

Øl nok

Serveringsstasjonane er delte inn i geografiske kulinariske soner: Nord-Amerika, Sør-Amerika, Europa, Asia og Afrika. Etter tre dagar i parken har me opplevd at kvaliteten på maten er ok og heller ikkje meir. Men gourmetmat på festival er ikkje vanleg same kor i verda du er, anna enn kanskje på Øyafestivalen, der det som kjent er vanskeleg å få seg mat til ein rimeleg pris.

Det har vore mykje snakk om ølserveringa på stadion som vart stoppa to dagar før VM begynte. I oppslaget til NRK blir det vist til ein japansk supporter som berre får kjøpt alkoholfritt øl. Men i fanparken får du kjøpt øl med alkohol etter klokka 19 på kvelden. Budweiser, ein av FIFA sine sponsorar, er det einaste alternativet.

Mens mange nok kunne ønska seg både betre øl og meir variasjon, er det kanskje klokt å starta ølserveringa etter at sola har gått ned og mens det endå er seks timar til ølkranane stenger (det er ope fram til klokka 01 på natta).

Stor sosial og kulturell variasjon

I løpet av dagane me har vore her har me snakka med folk frå heile verda, både tilreisande og fastbuande. Det er utvilsamt flest folk frå Asia og Midt-Austen, men det er også svært mange sør-amerikanarar her. Nord-europearar er i eit klart mindretal. Lokale qatarar pregar delar av tribunelandskapet på stadiona, men ikkje på fanfestivalen. På festivalområdet er det stor sosial og kulturell variasjon.

Me har møtt mange migrantarbeidarar frå Sør-Asia og Midt-Austen som også er lidenskapleg interesserte i fotball. Dei har ulik situasjon i Qatar avhengig av om dei til dømes er ingeniørar eller sjåførar. Fleire fortel om problem med forseinka utbetaling av lønn, og om eit svært strengt regime der folk passar seg vel for å komma på kant med ordensmakta.

Men dei seier at dei tener godt samanlikna med kva dei ville tent i heimlanda, og dei beskriv eit internasjonalt miljø med gode relasjonar mellom migrantar med bakgrunn frå ulike deler av verda. Alle er samde i at bygningsarbeidarar på korttidskontraktar er dei som er mest utsett.

Ein taxisjåfør frå Kenya ga uttrykk for at livet i Qatar sosialt sett var lite interessant, men at det var gode pengar å tena. Ein sudanesisk politimann fortalde at han skulle tena seg opp pengar i tre år til før han planla å returnera til Khartoum.

Fokusert kritikk

Kritikken i samband med VM har pressa fram nokre endringar, men mykje gjenstår. Dersom målet er å bidra til betre tilhøve for migrantane, er det viktig at kritikken er fokusert. Og det er viktig å gi eit så sannferdig bilde av situasjonen som råd er.

Mange migrantarbeidarar og tilreisande fans frå land i Midtausten ønsker styrka menneskerettar i Qatar og i landa dei lever i til dagleg. Samstundes gler dei seg over det første fotball-VM i eit arabisk land.

LES OGSÅ:

Vi vil gjerne høre fra deg!

TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?

Powered by Labrador CMS