Kvar dag kjem ein million tonn ny plast ut på marknaden globalt, skriv Hans Jakob Walnum.(Foto: Shutterstock / NTB)
Vi kan løyse plastproblema i havet
KRONIKK: Store delar av plasten som hamnar havet, stammar frå fiskeri og havbruk. Legg vi betre til rette for innsamling, reparasjon og attvinning i næringar som desse, ser framtida lysare ut for havet.
Hans JakobWalnumSeniorforskar, Vestlandsforsking
Publisert
Forskersonen er forskning.nos side for debatt og forskernes egne tekster. Meninger i tekstene gir uttrykk for skribentenes holdninger. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.
For sju år sidan vart
ein kval funnen utanfor Sotra med magen full av plast. Du hugsar det garantert,
for hendinga førte til medieoppslag over heile verda og fekk mange til å
oppdage omfanget av plastforsøpling i havet og innsjå alvoret for dyr og menneske
si helse.
Mange engasjerte seg
i problemet. Over halvparten av oss har faktisk delteke i strandrydding. No skjer
det òg oppløftande ting på den globale arenaen. Mellom anna er ein
internasjonal plastavtale undervegs i år. I Norge kjem det òg strengare krav
til dei som produserer all plasten ein brukar i fiskeri- og havbruksnæringa.
Det er viktig, for
dette utstyret er blant dei største kjeldene til plast på avvege i havet. Målt
i vekt viser undersøkingar at det står for opptil halvparten av
plastforsøplinga i havet.
Samarbeid om løysingar
Skal vi kunne løyse desse problema, trengst det
skarpe auge på heile livsløpet til produkta, frå vogge til grav, og vi må tenke
ut løysningar på kort og lang sikt. I det pågåande forskingsprosjektet Shift-Plastics
samarbeider forskarar med næringa og offentleg forvaltning for å prøve å finne slike
løysingar.
På kort sikt handlar det om å få kontroll over plasten som er i sirkulasjon slik minst mogleg hamnar på avvege.
Det hastar å få til
endring. Kvar dag kjem ein million tonn ny plast ut på marknaden globalt. Det
er ikkje berre dårleg nytt for havet, men òg for klimaet, i form av utslepp.
Slike
oljebaserte produkt har òg uhyre lang levetid, opptil 600 år, som representerer
ei stor utfordring når plast kjem på avvege i naturen.
Samtidig har vi som
samfunn gjort oss avhengige av desse produkta. I mange næringar er det vanskeleg
å finne gode fullgode erstatningar, til dømes i fiskarane sine tau og garn.
Annonse
Attvinning hindras
Når plasten først er
der, gjeld det difor å gjere reparasjon, ombruk og resirkulering enklare. I dag
er eitt av problema med fiskeri- og havbruksplast er at designet hindrar
gjenvinning. Ein del av utstyret inneheld ei blanding av plast og andre
materiale, som stålkjernar i tau, og komplekse bindingar av ulike
plastpolymerar. Dette gjer attvinning utenkeleg.
Ei hovudløysning ligg difor i å
endre måten plast blir produsert på og få kontroll på kva slags plast som kjem
på marknaden. Når den nye ordninga for produsentansvar blir innført, bør ein
til dømes belønne dei som lagar produkt ein kan gjenvinne.
Må bli lettare for fiskarar å levere plast
Norske fiskarar er
ganske flinke til å reparere og vedlikehalde utstyr, men forskinga vår viser òg
at fiskebåtane må gjere kost-nytte vurderingar både når det gjeld søk etter
tapt utstyr og reparasjon av øydelagt og skadd utstyr.
Der dei er dyktige til å
handtere det kostbare utstyret, som snurrevad, trålposar og snurpenot, har dei
ikkje høve til å prioritere det billige utstyret like høgt. Det svarar seg rett
og slett ikkje å reparere tau, teiner og liner; ein kjøper heller nytt.
Det må elles bli
lettare for fiskarane å levere frå seg kassert plast enn det er i dag. Mange
vil gjerne levere øydelagt fiskeutstyr og anna avfall, men dei vil levere det i
hamnene der de leverer fisken sin, for å spare både diesel og nedetid. Dette
ønsket er samtidig vanskeleg å oppfylle når vi veit at vi har 4500 hamner spreidd
over heile Noreg.
Ved innføringa av den nye produsentansvarsordninga ligg det
difor ein stor jobb i å utvikle eit godt og gjennomtenkt system for plastinnsamling.
Ein kan tenke seg både mobile og hamnebaserte innsamlingssystem. Det viktigaste
er at fiskarane kjenner til ordningane og at systemet fungerer for dei.
Annonse
Politisk trykk
På kort sikt handlar
det om å få kontroll over plasten som er i sirkulasjon slik minst mogeleg hamnar
på avvege. For fiskeri og havbruk gjeld det altså å få oversyn over kva mengder
som kjem på marknaden, sikre auka innsamling og etablere betre fasilitetar for å
ta imot den kasserte plasten.
I tillegg ligg det
ein moglegheit i å skape eit politisk trykk, både gjennom den internasjonale
plastavtalen og ved innføring av ny produsentansvarsordning, ved å få miljømedviten
åtferd til å løne seg: Produsentar må setje produkt på marknaden som faktisk kan
reparerast og gjenvinnast og som er enklare å spore, og dei som brukar utstyret
må ta betre vare på det.
Regelverk og insentivsystem må støtte opp om at
miljømedviten åtferd skal løne seg. Ein kunne òg tenke seg at
resertifiseringsordningar som får utstyret til å vere i bruk lengre, blir ein
viktig del av nytt regelverk.
Mindre produksjon
På lengre sikt handlar det om ei mykje større endring. Skal vi greie å
kome vekk frå det lineære bruk-og-kast-samfunnet og over i eit meir sirkulært
spor, krev det at vi tek betre vare på alle ressursar vi har i samfunnet og
brukar mindre.
Den beste løysninga for akkurat plast, kan høyrast drastisk ut: Vi
må unngå å produsere stadig meir plast.
For å nå eit såpass hårete mål, må vi få til i alle fall tre ting: Vi
må ha politikk og produktdesign som gir meir haldbare, miljøvenlege produkt. Produkta
våre må få eit lengre liv gjennom vedlikehald og reparasjon. Ikkje minst må
plast vi produserer brukast på nytt, slik at den erstattar behovet for å lage
stadig meir ny plast.
Annonse
Hans Jakob Walnum er seniorforskar og gruppeleiar innan klima og miljø ved Vestlandsforsking. Han er leiar for forskingsprosjektet Shift-Plastics, som handlar om berekraftige sirkulære løysingar for å handtere plast i fiskeri- og havbrukssektoren.
(Kronikken vart fyrst publisert i den faste spalta «Faglig snakka» i Nationen)
TA KONTAKT HER Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?