Både sau og storfe kan finne mykje beite i snaufjellet. Her ser du sau i Oppdal østfjell, 1300 meter over havet.

Desse seks naturtypane er viktige for beitedyra våre

POPULÆRVITENSKAP: Det langstrekte landet vårt har stor variasjon i topografi, berggrunn og klima. Dette gjev ei utmark med mange naturtypar som har ulike mulegheiter og utfordringar for den som skal drive beitenæring.

1. Snaufjellet

Av landarealet i Noreg ligg om lag 42 prosent over skoggrensa. Høgde for skoggrensa varierer mykje og kan nå opp mot 1200 meter over havet i sentrale fjellstrok. Herifrå søkk grensa mot kyst og mot nord. Heier med ris og lavartar dominerer, og store myrareal kan opptre i lågare delar. Langs bekkar, elver og i lisider med vassig er frodig vegetasjon med vierkratt vanleg i innlandet. I bratte fjell på Vestlandet og nordover er det skredmarker med bregner.

Der snøen ligg lenge, utviklast snøleie med småvaksne gras, urter og den vesle vieren musøre. Snøleie utgjer 25 prosent av fjellarealet i snørike Hordaland, medan Hedmark har berre 3 prosent.

Høgt i fjellet blir livsvilkåra harde og vegetasjonen tek etter kvart slutt. I fjellstrok med harde bergartar, er det ofte lite jorddekke og dermed liten plantevokster.

Både sau og storfe kan finne mykje beite i snaufjellet. Kaldare vêrlag og meir streifing for å finne beste beitet gjer at meir av fôret går til «vedlikehald». Der dyra kan trekkje ned i fjellskogen i dårleg ver, er dette gunstig. Høgtliggande areal og snøleie vil ha låg planteproduksjon.

For sauen, som ikkje treng så stor fôrmengde, er snøleia særleg viktige da dyra her får tilgang til nygroe utover seinsommar og haust. For storfe blir fôrmengda her for lita.

Bratt terreng avgrensar beitebruken i langt større grad for storfe enn for sau. Dyr likar å streife og kan bli gåande høgt i godversperiodar for å sleppe unna insekt. For reindrifta er snaufjellet viktigaste driftsareala.

Fjellskogen har tradisjonelt vore hardast nytta naturtypen i Noreg til beiting og utmarksslått. På Spellmovollen i Vangrøftdalen i Os i Østerdalen er det enda seterdrift

2. Fjellskogen

I Skandinavia utgjer bjørkeskog ei sone på 100-200 meter over der bartrea må gje seg. Overgangen til barskog er gradvis. Mykje av skogen nord for Saltfjellet kan òg reknast inn i denne naturtypen. Der terrenget flatar ut kan det opptre store myrareal, særleg typisk i Trøndelag.

Undervegetasjonen i fjellskogen kan vera svært variert, frå frodig gras- og urterik botn til skrinn lav- og lyngmark. Dette har tradisjonelt vore den hardast nytta naturtypen i Noreg til beiting og utmarksslått.

Dei fleste setrene vart lagt her, og stadvis var utmarkshaustinga så hard at skoggrensa vart senka fleire hundre meter. Dette ser ein særleg i fjella kring Gudbrandsdalen, Valdres og Hallingdal. Lågt beitetrykk gjer no at mykje areal gror til.

Frodige bjørkelier er karakteristisk i denne sona der det er rik berggrunn. I Nordland og Troms er det svært mykje av desse rike bjørkeliene, men òg i Nord-Østerdalen og fjellbygdene i Sør-Trøndelag. Denne skogen ber ofte framleis preg av lang tids hausting og kan vera veldig grasrik.

Der beitetrykket har vore lågt over mange år, kjem høge urter og bregner inn og skuggar ut graset. Denne naturtypen er veldig godt eigna for storfebeiting, og det er viktig at storfe er til stades her skal kultiveringa frå tidlegare tiders hardare utmarkshausting, takast vare på. I fjellskogen kan det vera sterke interesser knytt til hyttebygging og reiseliv, og konflikter kan oppstå.

Beitedyr gjer òg nytte ved å halde kratt og annan vegetasjon nede i barskog. Her ser du storfe på ein frodig hogstflate i Ringsaker.

3. Produktiv barskog

Dette er areal under produktiv barskoggrense. I barskogen finn vi gran på dei beste vekseplassane. Furu kjem inn på dei skrinnaste areala og er eit godt teikn på at det er lite å hente for beitedyr. Der grana ikkje er naturleg utbreidd, kan furu òg gå inn på rikare mark.

I barskogen er det avgjerande kor mykje lys og varme som slepp ned i undervegetasjonen. Derfor er det mest beite på hogstflater. Skogbruket bestemmer mykje av skogtilstanden i barskogen og praksis kan vera ulik med omsyn til skjøtsel, handtering av hogstavfall m.m. som verkar inn på beitetilgangen.

Beiting med storfe i produktiv barskog byr på særskilte utfordringar da skogskader kan oppstå ved nedtrakking og oppriving av planter, trakk som fører til rotråte med meir. Beitedyr gjer òg nytte ved å halde kratt og annan vegetasjon nede, noko som betrar veksetilhøva for bartreplantene.

Ved rydding av skog kan det gå fort å tilbakeføre raviner til god beitestand. Her kan du sjå ein ravine som er rydda for beite i Nannestad.

4. Raviner

Raviner i marin leirjord finst det mykje av i låglandsbygdene på Austlandet og kring Trondheimsfjorden. Dette er svært produktive areal da leirjorda i seg sjølv er næringsrik, og i tillegg kjem ofte avrenning frå ovanforliggjande dyrka jord. Mykje av ravinelandskapet har tidlegare vore bruka til beite, men har no i stor grad grodd att.

Ved rydding av skog kan det gå fort å tilbakeføre raviner til god beitestand. Leirjorda kan vera trakksvak slik at det lett blir erosjon ved mykje trakk med tunge dyr. Å sette igjen tre som bind jorda på kritiske stader kan vera gunstig.

Samla er ikkje areala så store, og dei kan vera vanskeleg arrondert, der dei ligg i fingergreina mønster som krev mykje gjerding. Beitetida vil vera lang i ravinene.

Fjord- og dalsider er stadvis godt kultiverte og grasrike, men mykje ligg no til attgroing med bregner og høge urter, og sidan skog. Dette er ein frodig og grasrik skredmark i Bødalen på Vestvågøya i Lofoten.

5. Fjord- og dalsider

Karakteristisk for fjord- og dalstrok på Vestlandet, men òg i Trøndelag, Nordland og Troms, er dei mange bratte dalsidene som endar ned mot dalbotnar og strandflater. I sidene er det ofte skredmarker som kan vera svært frodige. Desse lisidene har eit høgt beitepotensial der terrenget tillet beiting. Stadvis er dei godt kultiverte og grasrike, slik ein ofte ser i Lofoten og Vesterålen, men mykje ligg no til attgroing med bregner og høge urter, og sidan skog.

Gråor er ofte pionerplante på slike areal, og har innteke store areal i mange dalføre der det tidlegare var gode beitemarker.

Mykje lisider er bratte og lite eigna for tunge storferasar. Det beste beitet ligg i librotet ned mot dalbotnar og strandflater. På desse areala har ein verkeleg mulegheiter til å avlaste dyrka jord til produksjon av vinterfôr. Dette er òg viktige kulturlandskap da dei er veldig synlege der dei ligg heva opp frå dalbotnar der ferdsel foregår.

For å få nytta desse innmarksnære utmarksareala, er organisering av beitebruken ei utfordring. Dette av di kvar gard ofte har sin smale teig frå lågland til fjell som i dag er for liten for store buskapar.

Storfe på strandeng på Hadseløya i Vesterålen .

6. Fuktlandskap

Høg nedbør langs kysten og eit godt stykke innetter midtre fjordstrok gjev ein særeigen naturtype der vegetasjonstypane fuktskog og fukthei er dominerande. Dette er ein mellomting mellom myr og fastmark. Artane blåtopp og bjønnskjegg er svært pregande i dette landskapet. På tørrare areal vil røsslyng og andre lyngartar dominere. Denne naturtypen finn ein frå Sørlandet til sør i Nordland.

Kor godt dette landskapet er som utmarksbeite er usikkert, særleg av di både blåtopp og bjønnskjegg fell tidleg i kvalitet. Sauen likar blåtopp dårleg. Skogplanting med gran er stadvis i stor konflikt med beiteinteressene her. Sjukdomen alveld og flått og flugemark er problem for sauehald i denne naturtypen.

Ytst mot havet der stormflo og sjøsprøyt overgjødslar strandnære areal, kan det vera veldig frodig. Dette er strandenger som ofte er godt kultiverte og grasrike, og svært gode beite for både storfe og sau. Der beitetrykket blir lågt kjem mjødurt og andre høgtveksande urter og skuggar ut graset. Strandenger forekjem mest frå Stad og nordover.

Powered by Labrador CMS