Læraren sin autoritet i klasserommet let seg ikkje vedta. Det er ikkje det at ein ikkje har prøvd, skriv innleggsforfattaren.

Lærarane manglar autoritet. Kan coaching være løysinga?

DEBATT: Trass i initiativ frå politikarar gjennom fire ti-år i form av tallause nasjonale, regionale og lokale satsingar for å støtte læraren sitt leiarskap i klasserommet, har vi ikkje lykkast godt nok.

Publisert

Forskersonen er forskning.nos side for debatt og forskernes egne tekster. Meninger i tekstene gir uttrykk for skribentenes holdninger. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun har gjentatte gonger trekt fram at lærarane må få meir autoritet i klasserommet. Forsking, politiske dokument og tilsette i skulen er samde med ministeren om behovet, og har vore det i fleire tiår. 

Tiltaka har vore mange og gode. Kva innsats skal ein då setje inn om vi ikkje har lykkast godt nok til no? Det har ministeren sagt lite om.

Lett på papiret, vanskeleg i praksis 

Klasseleiing og relasjonar mellom lærarar og elever er sentralt for lærarane sin autoritet. Norsk skule har innsatsar og praksis på desse områda som gir resultat, og nyttar dei. 

Studiar dokumenterer at norske lærarar, som gruppe, er mellom dei dyktigaste i verda på desse områda. Det er takka vere den innsatsen norsk skule har lagt ned gjennom fleire tiår. Vi har lykkast, langt på veg, men ikkje godt nok. Oppgåva er vanskeleg i praksis.

Digitale møter mellom lærarar og coach gir potensiale for å utdanne coachar og nå lærarar over heile landet

«Vi skal lytte til lærarane», seier kunnskapsministeren. Det har vi alt gjort, og vi har lytta til elevane. Sidan midten av 1990-talet har Læringsmiljøsenteret spurt lærarar og elevar om læraren sitt leiarskap i klasserommet og opplevinga av autoritet. Saman med titusenvis av lærarar og elevar i grunn- og vidaregåande skule har vi i store og mindre forskingsprosjekt samla kunnskap om autoriteten til læraren. 

Sentralt er læraren sitt leiarskap. Dette har gitt norske skular og kommunar eit uvanleg godt kunnskapsgrunnlag for etablere autoritet. Vi har saman med tilsette i skular og kommunar utvikla og testa effektar av praksis for å styrke autoriteten til lærarar. 

Likevel har det ikkje vore nok. Trass i at norske lærarar som gruppe er svært dyktige, er det for stor variasjon mellom klasserom.

Særleg to innsatsområder det må satsast på 

Den omfattande forskinga identifiserer to områder der vi ikkje har lykkast godt nok: Vi treng meir differensierte kompetansetilbod for lærarar. I tillegg treng vi meir kompetanse om implementering, altså korleis ein kan arbeide systematisk og målretta slik at forskingsbaserte innsatsar gir dei resultata som er intensjonen.

Gjennom fire ti-år har den typiske innsatsen for å styrke læraren sitt leiarskap og autoritet omfatta innsatsar som involverer heile personalet ved ein skule. I form av fagdagar og/eller arbeid i mindre grupper. Skuleomfattande innsatsar har vore forankra i behov for kompetanse hos alle lærarar. 

Desse initiativa har gitt oss lærarar med den beste kompetansen, som gruppe, men har altså ikkje vore tilstrekkeleg for å utvikle god praksis i alle klasserom. Om vi vil lykkast enno betre med å styrke autoriteten treng vi å supplere desse innsatsane med støtte til enkeltlærarar. Tiltak som tar utgangspunkt i eige klasserom. Eit døme på ytterlegare tiltak er coaching.

Eit stort behov for coaching 

Med støtte frå Forskingsrådet testar vi no saman med 100 lærarar og deira elevar ved 12 vidaregåande skular i Rogaland og Møre og Romsdal individuell videobasert coaching i forskingsprosjektet INTERACT. Dette er coaching retta mot styrking av emosjonell støtte, klasseromsorganisering og fagleg støtte, som er sentrale områder for å oppleve autoritet. 

Tilbakemeldingane frå lærarane er unisont positive. Lærarane er svært nøgde med drøftingane med coachane dei samarbeider med gjennom eit skuleår. Vi har møtt eit behov hos lærarar om støtte i arbeide som tar utgangspunkt i konkrete utfordringar i eige klasserom.

Digitale møter mellom lærarar og coach gir potensiale for å utdanne coachar og nå lærarar over heile landet. Noko som gir lærarar på ei øy i Finnmark like høve til vidareutvikling som lærarar nær kompetansemiljøa i større byar. 

Tilbodet kan inkluderast i eksisterande nasjonale støtteordningar for lokal kompetanseutvikling i utdanningssektoren. Såleis treng ikkje ein ikkje nye og dyre støtteordningar. Det handlar om å jobbe litt annleis, ikkje nødvendigvis meir.

Ja, takk begge deler 

Coaching skal ikkje erstatte, men supplere og utfylle skuleomfattande innsatsar. For lærarar som har spesiell interesse av tematikken, for nyutdanna lærarar, for lærarar som trass i å ha lykkast i årevis opplever ei ny klasse som utfordrar autoriteten deira, eller lærarar som av andre grunnar ynskjer å vidareutvikle eigen praksis. 

Dersom gjennomføringa er for dårleg kan tiltaket i seg sjølv vere aldri så godt og effektivt utan å gi resultat.

Ein coach kan fungere om lag som ein trenar i til dømes friidrett eller hopp der ein gjer opptak for å identifisere områder ein kan perfeksjonere. Ikkje fordi ein ikkje kan og meistrar, men fordi ein vil utvikle seg vidare. Dette tilbodet har ikkje lærarar flest i dag.

Mangelfull kunnskap om implementering

Utfordringa med coaching, og alle andre innsatsar i skulen, er å arbeide tilstrekkeleg målretta og systematisk over lang nok tid til å etablere varig kompetanse. Det handlar om implementering. Enkelt sagt: dersom gjennomføringa er for dårleg kan tiltaket i seg sjølv vere aldri så godt og effektivt utan å gi resultat. 

Nasjonal og internasjonal forsking dokumenterer at dette er ei av dei største utfordringane i skulen. Sjølv om dette endrar seg sakte, men sikkert, så har vi framleis for lite kompetanse i skulen om korleis ein lykkast med innsatsar vi set i verk.

Kor gale kan det gå? Veldig gale. Det er ein tøff jobb å vere lærar ved mange skular. Vi har likevel lykkast, langt på veg. Skal vi lykkast betre må vi fornye utan å kaste på båten det gode arbeidet som er gjort. Då kan det gå (enno) betre.

Vi vil gjerne høre fra deg!

TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på dette debattinnlegget. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?

Powered by Labrador CMS