Elektrifisering blir framstilt som ei alt-i-eitt løysing på alt frå innanlands flyreiser til godstransport. Dette er ein konservativ tendens, skriver tre forskarar.

Elbilen kan ikkje løyse klima­utfordringane åleine

DEBATT: Teknologientusiastar ser ikkje lenger føre seg at ny teknologi kan skape samfunnsendring. Ny teknologi handlar heller om å bevare samfunnet slik det er organisert i dag.

Det er ikkje noko problem å få til ei berekraftig omstilling i transportsektoren; me har berre ikkje erkjent at løysinga allereie er her. Løysinga, meiner Lasse Fridstrøm, er avkarbonisering av transportsektoren. Hadde det berre vore så enkelt.

Fridstrøm spenner i sin kronikk på Forskersonen opp ei ramme der bilen fyrst og fremst blir målt opp mot andre transportmiddel, og det kringliggande samfunnet berre eksisterer som ein marginal storleik. Vidare viser han ein manglande vilje til å reflektere over korleis teknologi er med på å forme samfunnet. Bilen er ikkje berre eit framkomstmiddel blant fleire, den er også ein samfunnsformande teknologi. Fridstrøm sin kronikk manglar denne erkjenninga og dermed reduserer han berekraftig omstilling til eit spørsmål om å satse på den rette teknologien. Då forsvinn også spørsmålet om kva for eit berekraftig samfunn ein skal omstille seg til.

Bilisme endrar samfunnet

La oss gjere unna klimaargumentet fyrst. Ja, elbilar har lågare CO2-avtrykk i drift enn fossilbilar, men at dei tilbyr «tilnærmet utslippsfri persontrafikk» er i beste fall ei halvsanning. Med elbilen forsvinn det meste av lokale utslepp, mens produksjonsrelaterte utslepp er betydeleg større enn for ein fossildriven bil. I tillegg til desse utsleppa er elbilen også ei kjelde til store mengder mikroplast og er vidare assosiert med uetisk mineralutvinning i utviklingsland. Eit smalt fokus på CO2 er med andre ord ikkje i nærleiken av å adressere utfordringane med privat, individualisert bilisme.

Etter at bilen vart allemannseige i Noreg, skjedde det også ei fysisk endring av samfunnet. Til dømes vart byane avfolka til fordel for forstadane, der ein kunne leve i rolege og romslege omgjevnadar. Samstundes har dette resultert i det John Urry har kalla ein påtvinga fleksibilitet: Etter kvart som samfunnet har blitt meir og meir tilrettelagt for bilen har det også vorte vanskelegare og vanskelegare å greie seg utan bil. Ei meiningsfull omstilling frå dette samfunnet vil krevje meir ambisiøse løysingar enn å bytte ut fossilbiler med elektriske: det handlar om å sikre tilgang for dei som ikkje kan eller ønskjer å bruke bilen (langt mindre vere avhengig av den).

Unødig nærsynt

Fridstrøm ser heller føre seg at byane atter ein gong skal fyllast med bilar: Blant viktige spørsmål listar han opp «Hvordan sørge for nok parkeringsplasser i byene? Må vi reversere fortettingen?» Heller enn at elbilen blir ei løysing for bygda medan byane legg til rette for anna transport, så skal bilen inn i byane att. Dette trass i nullvekstmålet for personbiltransport seier at «persontransportveksten i byområdene skal tas med kollektivtransport, sykkel og gange», og at ein både i Noreg og elles i Europa prøver ein å byggje ned nærmare hundre år med bil-basert byplanlegging og med dette gjere byroma meir attraktive opphaldsstadar.

Framfor å vere god klimaforsking synast dette snarare å vere eit destruktivt forsvar av status quo.

Fridstrøm si lovprising av elbilen er ikkje avgrensa til lokal transport, heller. Kombinert med ekstensiv motorvegutbygging meiner han at elektrifiseringa av bilparken redusere innanriks flytrafikk. Mogleg det, men her hoppar kronikkforfattaren også bukk over at mykje flytrafikk kan takast med effektivisering av jernbanenettet. Etter å ha diskutert utfordringane med godstransport på skinner synest dette vere unødig nærsynt.

Motorveg i naturvernområde

På same måte som samfunnsperspektivet er nærmast fråverande i Fridstrøms kronikk er det også verdt å merke seg at naturen heller ikkje er til stades. Om ein skal reversere fortetting vil det bety meir bygging kring byane, noko som også medfører nedbygging av natur og/eller matjord.

Vidare går motorvegane som Fridstrøm prøver å rehabilitere, openbert også ut over naturen, seinast eksemplifisert ved E6 gjennom Lågen-deltaet. Her brukar ein middel tilsvarande ein tredel av jarnbanebudsjettet for 2021 for å byggje ein firefelts motorveg med fartsgrense på 110 kilometer i timen gjennom eit naturvernområde. Dette for å spare inn ti minutt reiseveg mellom Moelv og Øyer.

Konservativ teknologientusiasme

For å «få befolkningen med oss på effektive klimatiltak må vi finne minste motstands vei», argumenterer Fridstrøm. Å få folk til å endre levevis er fåfengt. Dermed må ein gå for den enklaste løysinga. Med dette fører Fridstøm eit grunnleggjande konservativt argument: Dagens samfunnsordning er i stor grad hogd i stein, og det einaste ein kan gjere er å gjere dagens levesett meir berekraftig med hjelp av teknologi.

Elektrifisering blir framstilt som ei alt-i-eitt løysing på alt frå innanlands flyreiser til godstransport. Denne konservative tendensen kjenner me att frå vår eiga forsking, anten det er på elbil, sjølvkøyrande køyretøy eller bildeling. Teknologientusiastar ser ikkje lenger føre seg at ny teknologi kan skape samfunnsendring. Ny teknologi handlar heller om å bevare samfunnet slik det er organisert i dag, ved å gjere eksisterande praksisar og teknologiar grønare.

Så lenge lokale klimautslepp er hovudfokus for analysen verkar avkarbonisering og elektrifisering som ein farbar veg. Legg til alle dei andre utfordringane med privatbilismen, og ikkje minst Fridstrøms «motorvei og parkeringsplass»-drømmer, så byrjar dette glansbildet å slå sprekker. Framfor å vere god klimaforsking synast dette snarare å vere eit destruktivt forsvar av status quo, bygd på ein feilaktig tru på at kvar form for meiningsfull omstilling er umogleg.

Me må dyrke fram alternativ til bilismen

Erfaringane våre ved Senter for teknologi og samfunn (NTNU) og Senter for teknologi, innovasjon og kunnskap (UiO), tilseier at berekraftig omstilling langt på veg kan mogleggjerast. Derfor er også vidare forsking på berekraftig omstilling viktig, også frå eit samfunnsvitskapeleg perspektiv. Heller enn å resignere oss med at me har blitt avhengige av bilismen, så må me sjå kva alternativ som finst og korleis ein kan dyrke fram desse. Spesielt på elsykkelfeltet ser vi både omstillingsvilje og moglegheiter for å mogleggjere urban mobilitet utan bilen. Det same kan ein sjå i forsking på bildeling, som viser korleis bilbruken endrar seg ettersom nye alternativ veks fram.

For Fridstrøm synast det derimot som om vegen mot ein berekraftig transportsektor er både lagt og ferdig asfaltert, mens alt anna er som luftslott å rekne. Så må me berre få orden på dei teknologiske «løysingane» som ikkje enda finst, som elektriske vogntog eller karbonfangst og -lagring. I mellomtida treng me visst ikkje gjere anna enn å byggje motorvegar og fleire parkeringsplassar i byane: Løysinga er her allereie!

Denne konklusjonen blir både for enkel og kontraproduktiv. Heller enn ei felles erkjenning av at elbilen er løysinga trengst det både diskusjonar om kva samfunn som er ønskeleg, og forsking som seier noko om korleis me kjem oss dit.

Vi vil gjerne høre fra deg!

TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på dette debattinnlegget. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?

Powered by Labrador CMS