Nei, Draken Harald Hårfagre er ikkje ein kopi av eit langskip fra vikingtida
DEBATT: Kvifor blir Aase misnøgd når nokon meiner dei har falsifisert hypotesen hans, spør professor Eldar Heide.
Svar til Sigurd Aase: Eg er klar over at det vart gjort eit omfattande utprøvingsarbeid for å finne fram til den forma og konstruksjonen DHH fekk. Men dette påverkar ikkje poenga mine, skriv innleggsforfattaren.(Foto: Jan Kåre Ness, NTB)
EldarHeideProfessor i norsk, Høgskulen på Vestlandet
Publisert
Forskersonen er forskning.nos side for debatt og forskernes egne tekster. Meninger i tekstene gir uttrykk for skribentenes holdninger. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.
Eg hadde to hovudpoeng i mitt innlegg om
Draken Harald Hårfagre (DHH) 12. oktober:
1. NRK-serien om DHH bygger ein myte
om kva vikingskip var, som vi kjem til å plagast med i generasjonar framover.
2.
Serien presenterer DHH som noko heilt anna enn han er, nemleg som ein «[K]opi av det største kjente langskipet fra vikingtiden». Mitt svar: Nei, det er ikkje
sant.
Sigurd Aase, som tok initiativ til og
finansierte prosjektet, er provosert over innlegget – så sterkt at han har
klaga meg inn for Forskingsetisk utval ved HVL (20.2.2025).
Reaksjonen hans overraskar meg faktisk litt.
I prosjekttida sa han på nytt og på nytt, både internt og til gjester, at målet
med skipet var å tene pengar, og at han ikkje brydde seg om det vart historisk
korrekt. Då vart det ikkje historisk korrekt, sjølvsagt. At nokon peikar på
dette, bør korkje overraske eller provosere Aase.
Båtbyggar Sigurd Aase eig skipet Draken Harald Hårfagre.(Foto: Privat)
Stemmer det at DHH «utfordrer
gamle antakelser»? Nei, det gamle synet
er at ein kan lesa Snorre beint fram, slik DHH-teamet gjer.
Flesteparten av innvendingane frå Aase tok eg
opp i mitt opphavlege innlegg, så eg sender lesaren vidare til det.
Annonse
Skrivebordsforskar?
Aase framstiller meg som skrivebordsforskar.
Men det er ingen nødvendig motsetnad mellom teoretisk og praktisk kunnskap.
Eg har brukt vikingskipskopiar og klinkbygde
båtar i over 40 år. Eg har segla Oslo – Tallinn i vikingskip, i fembøring kryssa
Nordsjøen to gonger, segla Bretagne – Trøndelag, mesteparten av strekninga
Hammerfest – Vasa (Finland) med meir.
Eg har segla som høvedsmann (skipper) på
fembøring utan motor kvart år sidan 1998. Eg står for reparasjonar og smir mine
eigne beslag og lagar mine eigne årar og råsegl til båtane mine i Hordaland og
Troms.
Vikingskipsforsking høver ikkje så godt til hypotetisk-deduktiv metode
I tillegg til dette har eg mellomfag og tre
feltsesongar i arkeologi, doktorgrad i norrøn filologi og inngåande kjennskap
til norrøn litteratur, det skipsarkeologiske materialet frå vikingtida og
mellomalderen, og biletframstillingar av skip frå dei periodane.
På grunnlag av denne kombinerte kunnskapen
har eg skrive ei rekke vitskaplege artiklar om skip og segling i Norden i
gammal tid.
Kva er hypotese-testing?
Eg kan heller ikkje det teoretiske, meiner
Aase. At «forskning handler om å stille spørsmål, utvikle hypoteser og teste
dem i praksis», det har visst ikkje eg forstått.
Annonse
Omgrepet hypotese-testing er særleg knytt til filosofen Karl Poppers vitskapsfilosofi, der hypotetisk-deduktiv metode står sentralt. Popper
peikar på at ei utsegn kan kallast vitskapleg berre dersom ho kan avsannast –
falsifiserast. Dét er det som skil vitskap frå metafysikk.
Skal ein hypotese
eller teori vera vitskapleg, så må han vera formulert slik at ein kan seia (dedusere,
utleie) kva slag observasjonar eller funn av data som vil avsanne hypotesen /
teorien.
Aase har tydelegvis ein hypotese om at DHH godt kunne eksistert i vikingtida
Samtidig, peika Popper på, kan ein aldri
bevise noko. Tusen observasjonar av kvite svanar viser berre at tusen svanar er
kvite, ikkje at alle er det.
Derfor, seier Popper, skal vi i forsking prøve
å avsanne våre eigne hypotesar. Det som då blir ståande, det kan
vi bygge vidare på. Ikkje fordi det er bevist, men fordi det er den tryggaste
byggegrunnen vi har.
Her må vi òg nemne det allment aksepterte
kravet til forsking at data, framgangsmåte og resultat skal gjerast allment
tilgjengelege. Berre då kan andre vurdere det som blir lagt fram (sjå t.d. kva Forskingsrådet skriv)
Kva slag hypotesar vart
testa i DHH-prosjektet?
Dette reiser ein del spørsmål til
Aase og hans framstilling av DHH-prosjektet som hypotesetesting:
Dersom prosjektet DHH gjekk ut på hypotesetesting: Kvifor blir det ikkje
framstilt slik på nettsida til DHH eller i fjernsynsserien om skipet?
Kva var hypotesen eller hypotesane i DHH-prosjektet?
Kva hypotesar vart falsifiserte?
Kor er data om konstruksjon, hypotesar og testresultat i DHH-prosjektet tilgjengelege
for oss?
Aase har tydelegvis ein hypotese om at DHH godt kunne eksistert i
vikingtida. Kva observasjonar meiner Aase vil falsifisere den hypotesen? Har
dei prøvd å falsifisere hypotesen? Dersom nei: Kvifor ikkje?
Kvifor blir Aase misnøgd når nokon meiner dei har falsifisert hypotesen
hans? I det forskingsidealet han sluttar seg til, er jo målet å falsifisere
hypotesar?
Annonse
Eg er klar over at det vart gjort
eit omfattande utprøvingsarbeid for å finne fram til den forma og
konstruksjonen DHH fekk. Men dette påverkar ikkje mine poeng.
Etter det eg
kjenner til, søkte utprøvinga berre konstruksjon og løysingar som fungerer godt. Ho hadde aldri som mål
å få klårlagt om noko slikt eksisterte i vikingtida. Dagens supertankarar
fungerer òg godt, men eksisterte ikkje i vikingtida av den grunn.
Korleis får vi kunnskap
om skip i vikingtida?
Følgjande burde stått sentralt i utprøvinga
av DHH:
- Å simulere landgang på langgrunne
strender, der ein sette på land tungt væpna folk og fekk dei om bord att med
tung bør i skarp situasjon.
- Å ta seg fram i trongt farvatn og
ulagleg vind, med årar, vadmålssegl og rigg av lindebast, dyrehår og hud –
ikkje dieselmotor, hamp og lett segl av silke eller syntetduk.
Annonse
Det er neppe dristig å spå at slik testing
ville svekt DHH-hypotesen, slik havseglinga fyrste sommaren gjorde det. Då
viste skrogkonstruksjonen seg å krevja store mengder mutterboltar av rustfritt
stål.
Dette vil avsanne mitt syn: Eit skipsfunn frå
vikingtida med nok av skipet bevart til at vi kan sjå det har hatt liknande
breidd, bordhøgd og lengd som DHH, og som ser ut til å ha vore bygd for krig.
Når det er sagt:
Vikingskipsforsking
høver ikkje så godt til hypotetisk-deduktiv metode, for vi kan ikkje eksperimentere fram dei nye skipsfunna
vi treng for å avsanne hypotesane våre.
I staden må vi bruke det materialet som
er tilgjengeleg for oss no – heile materialet – og leite oss fram til den
forståingsmodellen som går i hop med størst del av det.
Dette vart heller ikkje gjort i
DHH-prosjektet. Det går på tvers av den kunnskapen vi har om vikingskip, enkelt
og greitt.
TA KONTAKT HER Har du en tilbakemelding på dette debattinnlegget. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?