Utviklinga i nord handlar om å balansere tre ulike aksar: økonomisk vekst og utvikling, klima- og miljøomsyn og menneska sine liv og kvardag(Foto: Ørn E. Borgen / NTB)
I Arktis må alle verte litt misnøgde
KRONIKK: Korleis skal vi klare å balansere vekst, miljø og menneske i alle utfordringane vi står ovanfor? Berre gjennom kompromiss kor alle må gje noko.
Mikko AnttiMoilanenProfessor i samfunnsøkonomi, Uit - Norges arktiske universitet
Publisert
Forskersonen er forskning.nos side for debatt og forskernes egne tekster. Meninger i tekstene gir uttrykk for skribentenes holdninger. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.
Den nordiske delen av Arktis er midt i ein
geopolitisk konflikt, klimakrise, natur- og økologikrise, i tillegg til samfunnsmessige utfordringar
som ein minkande og aldrande befolkning, konfliktar rundt bruk av land,
ressursnytting og manglande infrastruktur.
Det er rett og slett ikkje mogleg å gjere
alle nøgde og samstundes førebu oss på det som kjem.
Det skal ikkje berre bu folk i husan, men dei skal ha det godt òg!
Derfor må både stor- og lokalsamfunna må
vere det ein i samfunnsvitskapen kallar resiliente. Det vil seie samfunn som
kan stå imot press, som er robuste, motstandsdyktige og hardføre.
Vi har våre store vyar vi vil realisere her
i nord og store komande endringar vi må tilpasse oss. Det blir vanskeleg viss
vi ikkje har resiliente lokalsamfunn.
Vi må ha robuste samfunn, men korleis får vi det?
For å få til utvikling og skape resiliente
samfunn, må to viktige faktorar vere til stades:
Alle må verte høyrt
Vi må inngå kompromiss
Utviklinga i nord handlar om å balansere
tre ulike aksar: økonomisk vekst og utvikling, klima- og miljøomsyn og menneska
sine liv og kvardag. Og korleis ein skal balansere det er vanskeleg – og det finst
på inga måte ingen universell løysing for heile Arktis.
Annonse
Til det har vi for mange både små og store
samfunn med særs ulike forutsetningar, historie, miljø og omgjevnadar.
Det er avgjerande vi satsar på samfunna i
nord. Heile befolkninga må sjå at dei har føresettingar for god helse,
tilstrekkelege offentlege tenester, tilgang på natur og liknande faktorar for
gode menneskeliv. Og så er det viktig at ein har vener og støtte i
lokalsamfunna.
Det skal ikkje berre bu folk i husan, men
dei skal ha det godt òg!
Vi må verne om tillita
Sidan alle kjem frå ulike utgangspunkt og
ofte har ulike mål, må ein ha tillit til kvarandre. Den tilliten er ofte bygga
opp gjennom offentlegheita og samtalane vi har der.
Vår nye mediebruk skaper ekkokammer kor
mange ikkje får heile biletet av kva som skjer i samfunna våre. Då er vi meir
sårbare for splid og manglande tillit og dei med vonde hensikter prøver å så splid
mellom folk, land eller andre grupper.
Sjå til dømes på kordan Trump speler på
spliden mellom Danmark og Grønland. Det er absolutt konfliktlinjer der frå før,
men han prøver å forsterke dei for å få vilja si.
Annonse
Alle må verte høyrt, og så verte litt misnøgde
Den einaste vegen framover er dialog og
det vi kallar ein inkluderande avgjerdsprosess.
For å få til ei rettferdig utvikling i heile
Arktis, altså ikkje berre i små samfunn, men også byar, regionar, må vi respektere
kva folk lokalt synest om ulike utviklingar eller prosjekt.
Berre då kan ein nå det aller viktigaste:
at vi får til kompromissar.
Vi vektlegg forskjellig og derfor må vi
snakke saman, og gje og ta. Og det har vi historisk sett vore gode til, elles
hadde det ikkje vore mogleg å leve her nord.
I eit meir splitta samfunn vil det verte
vanskelegare å inngå kompromiss, for gode kompromiss har eit viktig
kjenneteikn:
Eit godt kompromiss inneber at alle parter
er litt misnøgde med resultatet. Då veit ein at ein har funne ein balanse,
fordi alle har gjeve noko.
TA KONTAKT HER Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?