Innan pedagogisk forsking hevdes det at barns oppvekst i dag er prega av mellom anna «Infantilisering» . Altså at barna aldri blir vaksne, og dei blir meir avhengige av foreldra økonomisk og kjenslemessig. Navlestrengen kuttast ikkje, eller den blir kutta seint, skriv Ellen Schrumpf.

Den norske, sjølvstendige barndomen har blitt for kontrollprega

POPULÆRVITENSKAP: Norske barn veks opp i «barnesentrerte familiar» med «helikopterforeldre» og «tiger-mødre». Slikt blir det «curlingbarndom» av.

Kvifor er foreldra i vår tid så slitne, og kvifor får dei så få barn? Kvifor er det så ressurskrevjande og komplisert å vera foreldre i vår tid? Det spør fleire om for tida. Vidare snakkast det om «curlingbarndom», om «den barnesentrera familien» og om barna i vår tid som «små keisarar».

Som barndomshistorikar sette eg meg som mål å forsøke å svare på desse spørsmåla. Eg ville forstå kvifor borna har blitt «små keisarar» i familiane lessa ned av ting og merksemd.

Barneminne frå 1950- og 1960-talet

For å forstå barndomen i vår eige tid meiner eg at det kan vere ein god ide og gå tilbake i tid for å sjå korleis fortida sin barndom og oppvekst arta seg. Ved å samanlikne før og no kan både fortida og notida tre klårare fram for oss.

Medan foreldra i etterkrigstida viste praktisk og materiell omsorg, og barndomen var prega av sjølvstende, er foreldra i vår tid nærverande og kjærlege, og barndomen er kontrollera.

Ellen Schrumpf, professor emerita (USN)

Eg har difor studert 48 barndomsminne frå 1950- og 1960-talet for å sjå korleis eldre folk hugsa tilbake på og fortalde om eigen barndom. Minna har vore samla inn av Norsk Folkemuseum, og dei er digitalisert og tilgjengelege for folk og forskarar. Kva fann eg?

For å gjere ein lang historie kort fann eg at etterkrigstida vart fortald om som ei tid da fedrane var på jobb og fråverande det meste av dagane, og mødrene var heime og arbeide med å halde hus og heim i orden, lage mat og sørge for sunne og hygieniske oppvekstvilkår. Dette var krevjande arbeid, og mødrene hadde lite tid saman med barna.

Barna levde liva sine utandørs og innanfor eit barneorganisera fellesskap. Dei greidde seg sjølve det meste av dagane, og gata var barna sine arena. Det kan sjå ut som barndom og oppvekst i etterkrigstidas Norge var forma av ideal om sjølstende. Barna blei oppdregne til å stå på eigne bein og til å vera mykje ute i naturen og utanfor foreldra sin kontroll.

Men kva har skjedd med barndomen i åra mellom 1950- og 1960-talet og vår eiga tid?

I pedagogisk og psykologisk litteratur, vert foreldra i vår tid omtala som «helikopterforeldre», som «tiger-mums» og den oppveksande generasjonen som «generasjon perfekt» og «generasjon prestasjon».

Det hevdast videre at presset om å prestere har ein disiplinerande effekt på den oppveksande slekta ettersom foreldre overvaker og kontrollerer barna i leik, sport, med vener og i skulearbeid.

«Infantilisering» er ein annan konsekvens som understrekast i litteraturen, altså at barna aldri blir vaksne, og dei blir meir avhengige av foreldra økonomisk og kjenslemessig. Navlestrengen kuttast ikkje, eller den blir kutta seint. Nærleik, kjensler og intimitet synast å stå sentralt i barneoppsedinga.

Foreldrekjenslene blei altså uttrykte på anna vis før enn no. Medan foreldra i etterkrigstida viste praktisk og materiell omsorg, og barndomen var prega av sjølvstende, er foreldra i vår tid nærverande og kjærlege, og barndomen er kontrollera.

Referansar

LES OGSÅ:

Vi vil gjerne høre fra deg!

TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på denne artikkelen. Eller spørsmål, ros eller kritikk? Eller tips om et viktig tema vi bør dekke?

Forskersonen er forskning.nos side for debatt og populærvitenskap

Powered by Labrador CMS