Frå eksperimentell jernframstilling.

I vikingtida stod innlandet for ein enorm jernproduksjon

POPULÆRVITENSKAP: Til tross for at jernframstillinga var spreidd på tusenvis av jernframstillingsstader, organisert og driven av spesialiserte bønder, vart det framstilt enorme mengder jern i det norske innlandet.

Det forunderleg med arkeologi er kor nært, men likevel kor fjernt forhistoria er. Til dømes kan me halde ei øks som for over tusen år sidan var den dyrebare eigedomen til ein viking, eller me kan søke ly under same heller der ein steinalderfamilie var i liknande ærend tusenvis av år tidlegare.

Slik er det også med produksjonen av jern. Skjult under eit ganske tynt dekke med vegetasjon ligg spora etter ein av dei viktigaste aktivitetane i jernalder og middelalder – jernframstilling.

Frå dei fyrste spor etter jernframstilling i Noreg, for nær 2500 år sidan, vart jernet framstilt av malm frå rustraude myrer. Etter tørking vart myrmalmen oppvarma av trekull i ein omn til slagget, avfallsproduktet, rann vekk og det framstilte råjernet låg att.

Det ligg i dag enorme mengder slagg mellom hyttene i norske fjell- og dalbygder, berre tilslørt av eit lite torvlag. Slagget, samt dei tusenvis av bombekrater-liknande gropene som vart gravne for å produsere trekull av skogen omkring, utgjer handfaste spor etter ein eingong omfattande industri.

Omfanget av jernframstillinga var lenge nokså ukjent, men det har vist seg at attraktive område for hytteutbygging også var attraktive område for jernframstilling. Dette, i tillegg til vasskraftutbygging, har ført til at arkeologar har registrert talrike spor etter jernframstilling og mange jernframstillingsstader har blitt arkeologisk utgravne. Desse undersøkingane har avdekt det enorme omfanget på jernframstillinga i innlandet, særskild i vikingtid og middelalder.

Jernmengda

Estimat tyder på at det vart produsert nær 200 000 tonn jern i fjell- og dalbygdene i Sør-Noreg i perioden sein vikingtid til og med høgmiddelalder, om lag 950 – 1350 e.Kr. Dette blir enno meir utruleg om ein tek med at utrekningar av jernbehovet for same periode ligg på ikkje meir enn 100 000 tonn. Sjølv om slike reknestykke har mange usikre faktorar, tyder alt på at det i denne perioden gjekk føre ein omfattande overskotsproduksjon av jern.

Produksjonen av desse tonn med jern var fordelt på tusenvis av einskilde jernframstillingsanlegg spreidd i skog og hei. Dei alle fleste anlegg var små, med ein til to omnar, altså ikkje større enn at to-tre personar kunne drifte jernframstillinga. På kvart anlegg vart det i gjennomsnitt produsert eit par tonn jern, før dei flytta produksjonen nokre hundre meter. Sannsynlegvis i takt med at skogen rundt anlegga vart brukt opp.

Jernbarre (mus.nr. C33241) av typen blesterjern.

Kven stod bak jernframstillinga?

Lokaliseringa og korleis anlegga blei organisert gjer at det er grunn til å meine at jernet vart framstilt av dei som budde i fjell- og dalbygdene. Det å framstille jern frå myrmalm var ein spesialisert kunnskap, men det var likevel ein erfaringsbasert kompetanse som når det fyrst var lært, var meir arbeidskrevjande enn komplisert.

Dei som budde her, innlandsbøndene, hadde ein variert ressursutnytting. Husdyrhald var viktig, men også kornproduksjon i den grad klimaet tillét det. Særleg sentral var utmarka — for beite, sanking av fòr, jakt og fangst. Gjennom utmarka skaffe dei varer og ressursar som kunne inngå i varebyte med andre, meir kystnære, bygder. Slik kunne dei selje eller bytte ull, pels, skinn eller smør og få tilbake nødvendige varer som salt og korn, i tillegg til statusvarer som fin tekstil eller smykke.

Jernbarrer (mus.nr. C24471) av typen R.439.

Jernframstilling vaks fram som ein betydeleg ressurs og handelsvare for innlandsbøndene i yngre jernalder. Det blir då ein endring i jernframstillingsteknologien, blant anna med innføring av kullgroper, som gjorde at jernframstillinga betre kunne bli tilpassa ein gardsdrift med omfattande haustings- og beitebruk.

I tillegg auka behovet og etterspørselen etter jern i takt med folketal, samfunnsmessige endringar og tilgang på produkta. Den utløysande faktoren til overskotsproduksjonen frå slutten av vikingtid heng sannsynlegvis saman med samfunnsstrukturar som no var stabile nok til å oppretthalde handelsnettverk mellom marginale område og meir sentrale stader over ein lengre periode. Samt faste eller årvisse marknadsplassar der varer frå regional overskotsproduksjon kunne inngå, og der ein var sikker på å få bytt vekk jernet i ønska og naudsynte varer.

Kullgrop, under utgraving. Nord-Fron, Oppland.

Uavhengig

Det er anslått at mot utgangen av høgmiddelalderen var fleirtalet av bøndene heilt eller delvis leiglendingar under geistlege eller verdslege jordherrar. Dette er ikkje tilfelle for Øvre Telemark og Numedal som, i lag med dei fleste bygdene omkring Hardangervidda, hadde ein høg andel sjølveigande gardsbruk. Dette indikerer ein mindre direkte påverknad frå konge og kyrkje. Dette blir også vidare underbygd ved at både dei geistlege og verdslege skattesatsane for innlandsbygdene var svært låge.

Frå midten av 1200-talet blir ressursutnytting i skog tiendepliktig, til dømes tjærebrenning, saltbrenning, fangst og jernframstilling. Øvre Telemark og Numedal vart likevel fritekne, og fangst og jernframstilling ser der ut til å ha gått føre seg utan geistlege avgifter.

Fjellbygdene trer såleis fram som område som blir liggande litt utanfor rekkevidda til den veksande konge- og kyrkjemakta. Eksemplifisert gjennom Peder Claussøn Friis (1613) sin (forhåpentlegvis) overdrivne beskriving av menneska frå Øvre Telemark: «[…] deris største Lyst i gammel Tid at dræbe Bisper oc Prester, Fougder oc Befalingsmænd […]»

Jernframstillingsanlegg, under utgraving. Møsstrond, Telemark.

Eksport

Til tross for at jernframstillinga var spreidd på tusenvis av jernframstillingsstader, organisert og driven av spesialiserte bønder, vart det altså framstilt enorme mengder jern i det norske innlandet. Det same gjeld for mange regionar i Sverige, medan Danmark har så godt som ingen jernframstilling i vikingtid eller middelalder. Det er såleis grunn til å anta at ein del av jernet frå det norske innlandet vart transportert på hest ut av fjellbygdene, via marknadsplassar eller byar, på skip til Danmark og enda opp som plogjern i Jylland.

Eit interessant funn i denne samanheng er tolv økseemne tredd på ein granstokk funnen utanfor kysten av Djursland, Jylland. Metallurgiske analysar viser at øksene har stålegg, men er enno ikkje herda og er såleis halvfabrikata av arbeidsøkser. Analysar av jernet, samt at trestokken er av gran tyder på at jernet har kome frå Noreg eller Sverige.

Avgjerande betyding

Dei tusen kullgroper og tonn med slagg mellom hytter og turløyper er konkrete spor etter den omfattande jernframstillinga som gjekk føre seg i vikingtid og middelalder. Denne masseproduksjonen har fått relativt lite merksemd i historia om Noreg og Skandinavia. Det er likevel sannsynleg at den stabile tilførselen av jern til dei folkerike kystområda var av stor betyding for konge- og kyrkjemakt, så vel som regionale stormenn, og var avgjerande for den rolla Skandinavia spela i vikingtid og fyrste halvdel av middelalderen.

Vidare lesing

Loftsgarden, Kjetil 2019: The prime movers of iron production in the Norwegian Viking and Middle Ages. Fornvännen, 114:88–100. Tilgjengeleg her: http://www.diva-portal.org/smash/record.jsf?pid=diva2%3A1386121&dswid=3796

Powered by Labrador CMS