50-årsjubileet for funnet av Lucy er ikkje berre ei markering av eit viktig vitskapleg funn, men også ei påminning om betydninga av å forstå evolusjonen vår.
(Foto: Moesgaard Museum)
Etter femti år er Lucy framleis eit ikon
POPULÆRVITENSKAP: For femti år sidan revolusjonerte eit funn i Etiopia forståinga vår av menneskets evolusjon.
I 1974
gjorde paleoantropologen Donald Johanson og teamet hans eit oppsiktsvekkande funn
i Afar – ein del av den store Riftdalen i Aust-Afrika. Dei grov fram 47 fragment
frå eit skjelett som seinare vart kjent som Australopithecus afarensis
etter funnstaden.
Forskarane slo raskt fast at fossilet sannsynlegvis tilhøyrde
ei vaksen kvinne, og ho vart kjent som Lucy etter ein låt av The Beatles.
Lucy er sensasjonell
fordi ho er eitt av dei mest komplette skjeletta vi har av ein tidleg hominin.
Enkelt forklart er både vi og dei direkte forgjengarane våre homininar. Om lag
40 prosent av skjelett til Lucy er bevart, og det gir oss eit unikt innblikk i
korleis våre formødrer og -fedrar såg ut og bevega seg.
Charles Darwin – far
til evolusjonsteorien – hevda i 1871 at å gå oppreist på to bein er eit
særtrekk for menneske. Lucy gjekk oppreist for om lag 3,2 millionar år sidan,
og dei berømte fotspora frå Laetoli i Tanzania, som vart avdekt i 1978, stadfesta
at tidlege homininar gjekk som oss for minst 3,7 millionar år sidan.
Lucy og andre viktige fossilfunn, særleg frå Riftdalen, har gitt oss uvurderleg innsikt i evolusjonen av mennesket.
Lucy hadde
likevel ein liten hjerne samanlikna med moderne menneske, og funnet av Lucy konkluderte
difor debatten om kva som kom først – oppreist ganglag eller stor hjerne. Dette
var viktig innsikt i evolusjonen av slektslinja som fører til oss.
Lucy og
arten hennar levde i Aust-Afrika frå om lag 3,9 til 2,9 millionar år sidan. I 2010
fann forskarar fossile bein med kuttmerke som er cirka 3,4 millionar år gamle, og
dei indikerer at tidlege homininar brukte steinreiskap til å skjere av kjøt frå
dyrekadaver.
Lucy ser ut til å ha hatt fleire trekk som forskarar tidlegare antok
berre kjenneteikna menneskeslekta, nemleg bruk av reiskap og konsum av kjøt. Kuttmerka
utfordra dette synspunktet.
I 2015
vart dei hittil eldste kjente tilverka steinverktøya avdekt nær Turkanasjøen i
Kenya, og dei er rundt 3,3 millionar år gamle. Desse reiskapane stadfestar at tidlege
homininar brukte kreativitet til å transformere verda rundt seg for å skaffe
seg det dei trong.
Afrikansk
opphav
Gruvearbeidarar
i Sør-Afrika fann den 2,8 millionar år gamle hovudskallen til det såkalla
Taungbarnet allereie for 100 år sidan, i 1924. Dette fossilet viste at tidlege
homininar levde i Afrika – i tråd med ein hypotese av Darwin.
Funnet av Lucy
kom på eit tidspunkt då det vart stadig meir akseptert at menneskeslekta har
opphavet sitt i Afrika. Lucy vart eit symbol på denne erkjenninga og bidrog til
interesse for vidare forsking. Afrika er no allment anerkjent som kontinentet
der våre tidlegaste formødrer og -fedrar utvikla seg.
Lucy og
andre viktige fossilfunn, særleg frå Riftdalen, har gitt oss uvurderleg innsikt
i evolusjonen av mennesket. Funna viser at tidlege homininar utvikla seg i
Afrika. Homo erectus var den første homininen som spreidde seg til andre delar
av verda for 1,8 millionar år sidan.
Afrika er no allment anerkjent som kontinentet der våre tidlegaste formødrer og -fedrar utvikla seg
Også det moderne mennesket, Homo
sapiens sapiens, utvikla seg i Afrika for knappe 200 000 år sidan. Det
var i Afrika at vi temte elden, starta å kommunisere gjennom språk og fann opp komplekse
reiskapar som pil og boge.
Kreativt
samarbeid er særeige for menneske, og desse evnene har forma kroppane, medvitet
og kulturane våre – på godt og vondt. Sjølv om vi har spreidd oss over nesten
heile kloden og har stort mangfald i utsjånad, språk og kultur, så har
mennesket som art usedvanleg stor genetisk likskap oss imellom.
Betydninga
av Lucy i dag
Etter femti
år er Lucy framleis eit ikon i paleoantropologien – studiet av evolusjonen av
mennesket. Funnet har inspirert forskarar til å drive feltarbeid i avsides område
under vanskelege forhold for å utvide kunnskapen vår.
Denne forskinga har vist
at det fanst fleire ulike og samtidige homininar og menneskeartar i mesteparten
av vår lange slektshistorie – til neandertalarane forsvann for knappe
40 000 år sidan.
50-årsjubileet
for funnet av Lucy er ikkje berre ei markering av eit viktig vitskapleg funn,
men også ei påminning om betydninga av å forstå evolusjonen vår. Gjennom å
studere fortida kan vi navigere betre dei komplekse utfordringane vi står overfor
framover.
Med klimaendringar,
naturkriser og teknologisk utvikling er det viktigare enn nokon gong å forstå
vår evolusjonære fortid. Kunnskapen om korleis vi har tilpassa oss tidlegare
miljøendringar gjennom kreativitet og samarbeid, kan gi oss innsikt i korleis
vi kan møte utfordringane som ligg framfor oss.
Lucy minner oss om at vi menneske har ei eksepsjonell evne til tilpassing og innovasjon
Evolusjonen
av mennesket er kjenneteikna av at vi har møtt truslar og vanskar med nyskapande
løysingar som dei andre artane ikkje kom opp med. Vi har funne opp jordbruk,
skriftspråk, kompass, elektrisitet og kunstig intelligens. Løysingane våre på
utfordringane i notida må også vere kreative og tufta på samarbeid.
Lucy
minner oss om at vi menneske har ei eksepsjonell evne til tilpassing og
innovasjon, og desse eigenskapane vil også vere avgjerande for å sikre ei
berekraftig framtid.
Om forfattaren: Henriette Hafsaas er arkeolog med det nordaustlege Afrika som spesialfelt og ein av undervisarane på det nye emnet «Human Evolution and a Sustainable Future» ved Høgskulen i Volda.
Kjelder:
- Johanson,
D. og Y. Haile-Selassie 2024: 50 years of Lucy. Scientific American, 331/4.
- Fuentes, A.
2017. The creative spark: How imagination made humans exceptional. Penguin.
Vi vil gjerne høre fra deg!
TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på denne artikkelen. Eller spørsmål, ros eller kritikk? Eller tips om et viktig tema vi bør dekke?