Det er naudsynt med eit kritisk blikk på strøyming av undervisning

KRONIKK: I stadig aukande grad blir undervisning og seminar strøymde. Dette går føre seg med varierande metodar, men den enklaste er å sende opptaka heilt uredigerte ut i verda. Korleis påverkar dette læring?

Fordelane med strøyming er mange, men ein kastar blår i auga på studentar i høgare utdanning om ein let som om det er det same å sjå førelesingane heime som det er å vere til stades i salen saman med dei andre studentane.

Ei slik meining står i sterk kontrast til nye tankar og metodar for undervisning som er på veg inn i høgare utdanning, der interaksjon og samarbeid får auka merksemd.

Ho står og i kontrast til underliggjande oppfatningar om korleis læring skjer.

Mange føremoner

Det er sjølvsagt mange føremoner ved strøymde førelesingar, spesielt når det gjeld tilgjengelegheit. Det er ikkje naudsynt å møte fram, og ein unngår lange reisevegar.

Miljøvenleg er det au. Studentar og andre tilhøyrarar kan sjå og høyre på formidlinga eller diskusjonane på det tidspunktet som passar dei, og gjerne fleire gonger om dei skulle ønskje det.

Det er i tillegg billeg for undervisningsinstitusjonane å leggje ut opptak av førelesingane utan å redigere og leggje til rette for eit heilt anna medium.

Eit betimeleg spørsmål er om desse strøymde førelesingane bidreg til læring, anten om dei er direktesende eller i opptak, og vidare om dei faktisk er ein tilleggsverdi for studentane.

Strøymde førelesingar som ligg tilgjengelege på nettet, kan sjåast når det passar studenten. Men det skal meir til for å setje i gang ein læringsprosess.

Det er minst tre utfordringar:

Førelesingar vert ikkje tilrettelagde for strøyming

Samanlikna med nærvær under førelesninga verkar strøyming pasifiserande. I ein førelesningssal kommuniserer førelesar med studentane langs mange dimensjonar. Studentane stiller spørsmål og diskuterer med kvarandre, og ikkje minst kan førelesaren sjå korleis studentane reagerer på det som vert sagt.

Ei strøymd førelesing eller eit opptak er i praksis lite anna enn ei einvegs TV-sending, men som ikkje er lagd til rette for TV. Generasjon Z er fødd inn i eit digitalt samfunn der alt skjer fort. I marknadsføringslitteraturen hevdar ein at ein person har eit spenn i si merksemd på åtte sekund. Da seier det seg sjølv at ei strøymd førelesing kan opplevast keisam.

For mange av dei som droppar nærvær for å sjå førelesinga seinare på nettet, blir det ofte med intensjonen. Situasjonen blir ikkje betre av at menneske har tendens til å utsetje det dei ikkje må gjere nett no. For mange blir det for mykje som står att å ta igjen tett innpå eksamen.

Å lære i lag gjev ein tilleggsgevinst

Strøyming gjer og sjølve læringssituasjonen magrare og mindre robust. Når førelesingssalen blir flytta heim til den einskilde studenten, går studenten heilt glipp av læring gjennom sosial interaksjon med andre. Dette gjeld både den som er planlagd, i salen, og den som skjer tilfeldig, til dømes i pausar.

I tillegg kan opplevinga av læring bli eit sjølvbedrag. Interaksjon med førelesar og andre studentar bidreg til realitetsorientering om eige kunnskapsnivå. Det å sitje for seg sjølv og sjå ei førelesing gjev på den andre sida lite inspirasjon til refleksjon.

Det kan lett ende i ein illusjon av læring, der ein får ei kjensle av å ha oppnådd ei djupare innsikt enn det som faktisk er tilfelle. Studenten har då blitt offer for den såkalla Dunning-Kruger-effekten – det vil seie å ha overdriven tru på eiga innsikt i eit felt. Ein kan sjå føre seg at dette kan medverke til å auke køen av studentar som vil klage på det dei opplever som urettvist dårlege karakterar på eksamen.

Fordelane finst om ein legg til rette for dei

Trass i det vi kan sjå som negative effektar av å strøyme førelesingar, er det likevel ikkje grunn for universitet og høgskular til å avskrive det heilt. Det er ikkje tvil om at tilgang på fagstoff på nettet knytt til opplæringsopplegg har fleire fordelar, som til dømes moglegheit for repetisjon og fordjuping.

Men for at det skal ha slike positive ringverknader, må truleg minst to premissar vera oppfylte. For det fyrste er det naudsynt å leggje det som blir strøymd til rette for det mediet det skal synast i. Det er i liten grad føremålstenleg å strøyme førelesingar som er laga til undervisning for studentar som er til stades, utan å redigere. Til dømes er det ein fordel at det som strøymast er kortare og konsentrerte sekvensar.

For det andre er det gevinstar å hente ved å integrere strøymde førelesingar i eit samansett pedagogisk opplegg, der det som ligg på nettet berre er ein del som ein til dømes skal reflektere over kollektivt når studentane er til stades.

Det viktigaste er likevel at undervisningsinstitusjonar som universitet og høgskular må stille seg meir kritisk til bruk av strøyming generelt, og til strøyming av førelesingar spesielt.

Powered by Labrador CMS