– Dei ofte godt vaksne gjestene har gjerne på førehand studert bilete og skildringar av verdas vakraste fjordar, imponerande fjell og idylliske kulturlandskap, skriv kronikkforfattarene.
(Foto: Marius Dobilas / Shutterstock / NTB scanpix)
Dei kjem for norsk natur, men meiner kulturen er eit av høgdepunkta
KRONIKK: Det turistane opplevde i tillegg til naturen dei kom for å sjå gav ein stor overrasking. Det fall dei ikkje inn at dei skulle få føre handa over gamalt treverk i eit bygg like gamalt som vikingskipa eller gå på eit kyrkjebesøk der presten song til dei på deira språk.
Sjølv om natur var største attraksjonskrafta for turistane som kom til Balestrand, er kultur likevel eit av høgdepunkta. Dei vil ha meir! Dette syner hovudfunna i forskingsprosjektet vårt som fokuserte på kulturopplevingar i fjord-Noreg.
Ut på kultur-tur
Sommaren 2018 intervjua Vestlandsforsking britiske gruppeturistar som budde i Balestrand i ei veke om deira motivasjon, forventningar og opplevingar på turen til fjord-Noreg. Vi snakka med dei den første dagen for å høyre om motivasjonar og forventingar til turen, og den siste dagen for å vite meir om opplevingar.
Dei ofte godt vaksne gjestene har gjerne på førehand studert bilete og skildringar av verdas vakraste fjordar, imponerande fjell og idylliske kulturlandskap. Gjennom eit vindauge på båt, bil, buss eller tog fekk dei oppfylt alle sine forventingar om å med eigne auge oppleve det storslagne stykket natur Noreg er.
Men det dei opplevde i tillegg til naturen dei kom for å sjå gav ein stor overrasking. Det fall dei ikkje inn at dei skulle få slike flotte opplevingar: Å kunne føre handa over gamalt treverk i eit bygg like gamalt som vikingskipa. Eit kyrkjebesøk der presten song til dei på deira språk. Møtet med den eldre dama på museet, som fortalde om korleis ho og hennar foreldre levde utan innlagt vatn og straum på eit lite småbruk.
Forskinga vår frå Balestrand viser at det er kulturopplevinga turistane vil ha meir av.
Kulturturismes viktig rolle
Kulturturisme er i dag ein sterk internasjonal trend. Ifølgje Strategi for reiseliv og kultur ventar vi ein vekst der 4 av 10 turistar vel reisemål basert på kulturtilbod. Norge skal utvikle seg til kulturdestinasjon innan 2030. Strategien peikar på at kulturturisme gjev større økonomiske ringverknader og verdiskaping enn naturbasert reiseliv, fordi ein i større grad kan ta betalt for opplevinga av kultur enn natur, og samtidig få besøkande til å opphalde seg lenger i regionen og dermed bruke fleire tenester/produkt.
Å utvikle kulturturisme vil også styrke attraksjonskrafta og konkurranseevna til stadar der folk skal bu og arbeide, dermed vil kulturturisme også bidra til lokal og regional utvikling. Reisande som besøker stader for å oppleve kunst og kultur, stimulerer det lokale næringslivet gjennom behovet for overnatting, servering og transport.
Dei kan dermed bidra til å oppretthalde eller utvide det lokale teneste- og kulturtilbodet, særleg på mindre reisemål. Samtidig kan inntektene frå reiselivsverksemd basert på kulturarv bidra til å ta vare på desse verdiane. Innan reiselivet skjer også den største veksten i opplevingsbransjen: Fra år 2004 til år 2017 har opplevelsesbransjen hatt ein vekst på 171 prosent, servering 151 prosent og overnatting har økt verdiskapinga med 81 prosent.
I samband med Strategisk forskingsprogram for innovasjon og verdiskaping i reiselivet i Sogn og Fjordane har Vestlandsforsking jobba med fleire prosjekt innan opplevingsdesign.
I porteføljen vår finnes prosjekt med fokus på vandreopplevingar i Verdsarvfjordlandskapet, kulturopplevingar i Balestrand og festivalopplevingar under Førdefestivalen.
«Meet the locals»
Fjordane våre blir framheva som sjølve Verdsarven, men det er ein anna arv turistane set minst like mykje pris på å oppleve: kvardagskulturen og kvardagshistoria. Forskinga vår viser at den sosiale faktoren spelar ei stor rolle. Ikkje-kommersiell og immateriell kultur, slik som historieforteljinga, og sjølve "fjordlivet" vi lever i denne storslåtte naturen, er veldig viktig.
Kulturopplevingar og det gode kvardagsmøtet med menneske blir ofte løfta fram av turistane vi intervjua. Når dei i ettertid blir spurde om høgdepunkta på turen, kan ein triveleg båtførar som fortalde om livet sitt bli gradert like høgt i minneverdi som sjølve båt-turen på fjorden. At turistane møtte folk på gata som helste og smilte ga like stor verdi som spektakulære utsiktspunkt, viser forskinga vår. Turistane peikar på at dei vil oppleve meir av kulturen – sjå regional dans, høyre på den lokale musikken og forteljingar om livet i Norge. Vi må vera rause, og dela av kvardagen og trivselen vår. Vi må, som godt vertskap, kjenne deira behov enda betre og tilby gjestene påfyll både for kropp og sjel.
Når vi vel reiseliv som levebrød, har vi alle eit ansvar for at gjesten trivst. Enten ein er billettør, seljar, sjåfør, forskar eller lokalpolitikar – alle formar vi ein del av turistopplevinga. Klarar vi å skape opplevingar av høg kvalitet, vil vi også kunne forsvare ein høg pris. Både gjest og vert er betre tent med ei form for turisme der dei faktisk blir litt kjende og deler opplevingar. Lat oss lytte til turistane, når dei fortel oss at også når dei kjem for natur – vil dei også ha kultur.