Noreg må bidra i flyktningkrisa no i korona-krisa, meiner Werner G. Jeanrond.

Vi må kunne sjå oss sjølve i spegelen når korona-krisa er over

Koronaviruset kan skape katastrofar i flyktningleirar. Her heime har papirlause avgrensa tilgang på helsehjelp. Noreg må ta ansvar.

I den greske flyktningleiren Moria bur det rett under 20 000 menneske. Han var meint for 3 000. I åsen like ovanfor er rundt 12 000 nye flyktningar i ferd med å etablere seg, ifølgje NRK. Det meldast om ingen elektrisitet, lite vatn, mangel på såpe og antibakterielle midlar.

Noreg kan ikkje ta imot alle flyktningar frå Hellas. Men vi kan hjelpe til slik at dei blir fordelte mellom land på ein rettferdig måte. For skal vi berre gløyme dei og la dei døy? Eller skal vi gruppere dei og sende dei til land som kan ta imot? Noreg har plass. Framfor alt i utsette tider må vi ikkje gløyme dei svake.

Håp og kjærleik heng saman

I boka «Reasons to Hope» har eg skrive om korleis håpet kan binde menneske saman. Håpet byggjer på kjærleiken. Håpet inkluderer alltid andre. Det handlar om relasjonar til andre menneske og heile skapnaden. Ingen menneske kan leve utan håp, og ingen menneske kan håpe berre for seg sjølve.

Derfor kan ikkje vi i Noreg tenkje at vi berre skal redde oss sjølve. Men vi kan ikkje overleve åleine. Noreg kan ikkje produsere all mat og alle reiskapar som vi treng. Vi er del av ein og same verd, og den må vi også ta ansvar for.

Den kristne kjærleiksbodskapen omfattar alle menneske, ikkje berre oss sjølve og våre næraste. Det finst ingen grenser for medmenneskeleg ansvar.

Ein populistisk illusjon

Populismen gjev ein illusjon av at vi kan leve eit liv utan andre menneske. Populismen skil mellom dei som høyrer til og dei som ikkje gjer det. Dette pregar også strukturane i samfunnet. Det er «vi» og «dei», som ekte nordmenn og nye nordmenn, eller katolikkar og protestantar.

Brexit er eit anna eksempel. Då Storbritannia trekte seg ut av EU, budde eg sjølv i landet og engasjerte meg sterkt imot politisk. Eg ser på EU som eit nødvendig eksperiment. Europa må vise verda at det går an å leve saman, med alt vårt mangfald. Slik kan Europa bli eit symbol for håp. Eg meiner at Brexit går imot håpet om ei felles framtid.

Håplaus situasjon for papirlause

Når eit virus rammar verda på den måten som korona har gjort, meiner eg at land må arbeide saman. Tyske og franske styresmakter har gjort dette. Dei har starta eit samarbeid i kampen mot viruset og behandlar kvarandre sine intensivpasientar.

I denne situasjonen må også Noreg tenkje utanfor sine eigne grenser. Noreg kan ikkje redde heile verda, men vi kan vere med i ei verd der vi har ansvar for kvarandre.

I tillegg til å bidra i flyktningkrisa, må styresmaktene også hugse dei papirlause som bur her allereie. Papirlause migrantar opplever ein livssituasjon med svært avgrensa helsehjelp, ifølgje ein studie ved Oslo Met i 2019.

Alle kan bidra

I framtida, når dette er over, må vi kunne sjå oss sjølve i spegelen. Og det kan vi ikkje gjere viss vi berre har redda oss sjølve på ein slags Noas ark.

Det er likevel ikkje berre styresmaktene som har eit ansvar i denne situasjonen. Kvar og ein må gjere det ein kan for å dele med andre. Mange er utsette: eldre, einsame, menneske i vanskelege relasjonar, fattige.

Det krev fantasi å finne ut korleis vi kan hjelpe andre når vi ikkje kan møte dei fysisk. Kan vi ringe nokon? Skrive brev? Hjelpe til med innkjøp? Det finst eit tusental saker vi kan gjere, vi treng ikkje berre sitje heime og håpe at dette går over. Vi lever i ei felles verd. Om vi berre lykkast i å verne oss sjølve, har vi inga verd å leve med lenger.

Powered by Labrador CMS