6. januar i år vart den amerikanske Kongressen storma i eit valdeleg opprør. Amerikanarane står unekteleg overfor ei alvorleg og truleg langvarig politisk krise, ikkje ulik den i slutten av 1960-åra, skriv historikar James Godbolt.

Politisk paranoia var eit kjenneteikn ved amerikansk politikk lenge før Donald Trump

KRONIKK: USA har ei lang historie med politisk polarisering og låg terskel for valdshandlingar. Men betyr det at vi ikkje treng å engste oss over utviklinga?

Handlingane som råka den amerikanske hovudstaden den siste tida, er med på å styrke inntrykket av at Donald Trumps presidentperiode er eineståande i amerikansk historie. Mediebildet skaper ofte inntrykk av at den politiske polariseringa, og spesielt høgrepopulismen, ikkje er rotekte amerikansk, og at fenomenet er ugras i ein elles velstelt amerikansk politisk hage kjenneteikna av eit godt fungerande demokrati.

Politisk paranoia

Men røtene til opprøret frå høgre strekk seg langt tilbake i historia, lenge før den økonomiske utarminga av middelklassen tok til på 1970-talet. Richard Hofstadter (1916-70), den eminente amerikanske historikaren i 1950- og 1960-åra, skreiv i 1964 eit essay med tittelen «The Paranoid Style in American Politics», altså paranoia i politikken. Utgangspunktet for artikkelen var opprøret i det republikanske partiet under nominasjonsmøtet i 1964. Då mista den sosialliberale, republikanske eliten frå austkysten («Rockefeller-republikanarane») kontrollen over partiet og måtte vike for ytre høgre. Den mørkeblå senatoren frå Arizona, Barry Goldwater, blei republikanarane sin presidentkandidat. Men ifølge Hofstadter var det ingen grunn til undring. Han tolka utfallet av nominasjonsprosessen som eit teikn på kollektiv, politisk paranoia i USA. Og fenomenet var ikkje noko nytt – det hadde dukka opp i USAs politiske historie med jamne mellomrom og kjenneteikna faktisk den amerikanske politiske kulturen – både på høgre- og venstresida.

Konspirasjonsteoriar og rasisme

Hofstadter tok føre seg kampanjane i fortida retta mot nye tankar som kunne truge samfunnsmakta. Det gjeldt opplysningstida, frimureri og katolisismen. Han peika også på paranoide trekk ved venstrepopulismen på slutten av 1800-talet, mens i samtida var han mest opptatt av hysteriet på høgrefløya. Ein ting var mccarthyismen i 1950-åra og den radikale vendinga i det republikanske partiet i 1964. Enno meir urovekkande var ekstremismen slik han fortona seg i John Birch Society, ein av mange organisasjonar som òg er med i dagens «alt-right»-rørsle. Seinare retta Hofstadter hardt skyts mot studentopprøret og det nye venstre. Han opplevde på nært hald korleis hans eigen institusjon vart rasert under dei kjente opptøyane ved Columbia Universitet på Manhattan i 1968.

Det naturlege immunforsvaret mot paranoia er svakt hos amerikanarane, og mange vil dessutan ikkje la seg vaksinere.

James Godbolt

Kva var det så som prega den paranoide stilen? Hofstadter nemner konspirasjonsteoriar, framandfrykt, rasisme, nasjonalisme og sosialdarwinistisk tenking. Det nye høgre i etterkrigstida bygde på arvegodset frå tidlegare rørsler, men fornya seg samtidig på fleire punkt. Det var no snakk om forræderi og svik frå eigne politikarar og samfunnstoppar, altså eliten. Det var òg prega av ei utbreidd kjensle av maktløyse. Rørsla bestod primært av frustrerte grupper frå arbeidarklassen og middelklassen og hadde klare anti-intellektuelle innslag. Frontfiguren på 1950-talet var senator Joe McCarthy, og Trump sine talar minner sterkt om McCarthys utbasuneringar både i innhald og stil. Hofstadter skildrar ein tilstand som vi kjenner att i dagens USA, først og fremst på høgresida, men også på venstresida med no-plattforming og vandalisering av fortidsmerke. Hofstadter framheva at massemedium, framfor alt fjernsyn, var med på å forsterke den paranoide tendensen i protestpolitikken. Også her kan ein trekkje ein parallell til vår tid, der den nye kommunikasjonsteknologien, sosiale medier, skapar ekkokammer, polarisering og politisk paranoia.

Var USA på randen av ein ny borgarkrig?

Hofstadters analyse er tydeleg prega av sosialpsykologi. Han ville først og fremst undersøke korleis ein politisk mentalitet hadde vakse fram og avdekke motiva bak paranoide, politiske handlingar. Seinare tok han for seg korleis denne mentaliteten nedfelte seg i ein politisk praksis der valdelege middel ofte blei tatt i bruk og stod bak ein omfattande dokumentasjon av valdsbruken i amerikansk historie. Bakteppet for denne undersøkinga var dei turbulente åra på slutten av 1960-åra der fleire hundre menneske omkom i utalege valdelege konfrontasjonar i samband med opptøyane i gettoane, demonstrasjonane mot Vietnamkrigen og under studentopprøret på universiteta. Det eksploderte i bydelen Watts i Los Angeles i august 1965, der heile kvartal vart brende ned, 34 personar omkom, og 14 000 nasjonalgardistar vart utstasjonerte for å roe ned situasjonen. Resten av tiåret vart prega av hundretals opptøyar. Fleire kunne måle seg med Watts-opptøyane, og det kulminerte med drapet på fire studentar ved Kent State universitetet i Ohio i mai 1970. Etter det kom USA gradvis tilbake til hektene.

Både i samtida og med eit historisk tilbakeblikk har ein stilt seg spørsmålet om ikkje samfunnet var på randen av borgarkrig. Som i dag handla den offentlege samtalen om dei amerikanske, politiske institusjonane ville ri av stormen. Hofstadter meiner at det er eit paradoks at USA trass i ein hang til valdshandlingar eineståande i vestlege industrisamfunn har vore prega av politisk stabilitet. (Med det viktige unntaket av borgarkrigen frå 1861 til 1865.) Hofstadter døydde i 1970 og fekk ikkje sjå at han fekk rett. Etter at flammene vart slokne og tåregassen hadde fordufta, stod samfunnsinstitusjonane att. Grunnvollane var rista, men det amerikanske demokratiet var intakt.

USA står overfor ei alvorleg krise

Betyr USAs lange historie med politisk polarisering og paranoia, med ein låg terskel for valdshandlingar, at vi ikkje treng å engste oss over utviklinga i USA under (og etter) Trump? Om situasjonen ikkje er fullt så historisk unik som somme vil ha det til, står amerikanarane unekteleg overfor ei alvorleg og truleg langvarig politisk krise, ikkje ulik krisa i slutten av 1960-åra. I kontrast til Hofstadters historiske framstilling der politisk paranoia oftast har dreia seg om gruppekonfliktar eller motstand mot staten, har den paranoide mentaliteten og måten å drive politikk på no forplanta seg til dei nasjonale, politiske institusjonane. Det gjeld spesielt presidentembetet, men også kongressen, og ikkje minst det republikanske partiet.

Oppslutninga om Trump og hans polariserande stil under dei to siste presidentvala har vekt uro, men spesielt har hendingane i etterkant vore ein tankevekkar: Ein firedel av politikarane med sete i Representanthuset trassar rettsvesenet og nektar å godkjenne valresultatet; meiningsmålingane viser at halvparten av republikanske veljarar støttar ein ulovleg og valdeleg aksjon mot kongressbygningane (og dei folkevalde), og ei tverrpolitisk gruppe av tidlegare forsvarssjefar rettar eit varsel mot Trump om å dra militæret inn i disputten over valresultatet. Gransking av desse sakene vil kunne vise i kva grad dei sentrale, politiske institusjonane har blitt råka av det siste utbrotet av politisk paranoia.

Eit historisk tilbakeblikk gir grunnlag for optimisme, men det naturlege immunforsvaret mot paranoia er svakt hos amerikanarane, og mange vil dessutan ikkje la seg vaksinere.

LES OGSÅ:

Powered by Labrador CMS