– Kva grunnar media har for å kontakta meg, er ikkje eg den rette til å svara på. Som forskar bør Vangsnes finna ut av dette ved å venda seg til media og søkja svar, skriver Sylfest Lomheim.

– Kva grunnar media har for å kontakta meg, er ikkje eg den rette til å svara på. Som forskar bør Vangsnes finna ut av dette ved å venda seg til media og søkja svar, skriver Sylfest Lomheim.

Sylfest Lomheim:
– Kva grunnar media har for å kontakta meg, er ikkje eg den rette til å svara på

DEBATT: Dersom Øystein A. Vangsnes hadde kome med eksakte døme på slikt han meiner er ukorrekte eller håplause svar frå mi side, ville eg ha kommentert det.

Professor Øystein A Vangsnes har skrive blogg-tekst om medias bruk av meg når det gjeld språk.

Då forskning.no sende meg innlegget, tykte eg at her var det lite for meg å svara, ut frå mi grunnfesta tru på at lesarar tenkjer sitt. Her fekk dei høve til det. Det var forfriskande å lesa ein språkprofessor så rett ut or levra takka NRK for at dei no endeleg har lagt ned Språkteigen, som har vore program i P2 sidan 1992.

Kva grunnar media har for å kontakta meg, er ikkje eg den rette til å svara på. Som forskar bør Vangsnes finna ut av dette ved å venda seg til media og søkja svar. (Forresten har det hendt, fleire gonger, at eg har rådd journalistar til å snakka med andre språkvitarar fordi eg har meint at desse ville gje tenlegare svar, men slikt kan jo ikkje Vangsnes vita.)

Dersom Vangsnes hadde kome med eksakte døme på slikt han meiner er ukorrekte eller håplause svar frå mi side, ville eg ha kommentert det.

Powered by Labrador CMS