Noreg er i dag eit av få land i verda som tillèt fiske av laks i sjøen. Avgrensing av fisket er eit av fleire tiltak vi kan gjere for å ta vare på dei norske villaksbestandane for framtidige generasjonar, skriv Sveinung Rotevatn.

Villaksforvaltninga – ein balansekunst

DEBATT: Villaksen er ein freda art Noreg har eit særskilt ansvar for. Overfiske er ein av trugslane mot dei små og sårbare villaksbestandane. Derfor har vi bede Miljødirektoratet å vurdere ei strammare regulering av sjølaksefisket.

Noreg har eit unikt mangfald av villaks. Om lag 450 genetisk ulike laksebestandar lever i norske fjordar og vassdrag. Dette utgjer om lag ein femtedel av all den atlantiske laksen, noko som gjer Noreg til ein av verdas fremste villaksnasjonar. Men det store mangfaldet fører og med seg eit stort ansvar. Vi må sørge for at desse bestandane blir forvalta på ein berekraftig måte og at små og sårbare bestandar får tilstrekkeleg vern.

I ein kronikk på forskersonen.no 15. mars argumenterer forskarane Stine Rybråten, Camilla Brattland og Einar Eythórsson for at viten og erfaring frå det tradisjonsrike sjølaksefikse også er verdifullt i forvaltninga. Villaksforvaltninga er kompleks, ho skal balansere ei rekkje økologiske, økonomiske og sosiale omsyn.

Utgangspunktet for villaksforvaltninga i dag er at dei anadrome laksefiskane er freda. Dette betyr at ein ikkje kan fiske laks, korkje i sjø eller vassdrag utan at det er gitt særskilt løyve.

For laksefiske i sjø er løyve gitt gjennom forskrift. Vi har reglar som seier kor og til kva tid ein kan fiske laks med ulike reiskap. For å sikre ei oppdatert og berekraftig forvaltning blir denne forskrifta endra med nokre års mellomrom.

I desember i fjor ga departementet ei føring til Miljødirektoratet om å legge betydeleg vekt på føre-var-prinsippet i revisjonen av fiskereguleringane. Dette vart gjort fordi vi berre har kunnskap om omlag halvparten av laksebestandane våre. For dei 199 største laksebestandane har Vitenskapelig Råd for Lakseforvaltning gjort grundige vurderingar av status og oppfylling av gytebestandsmålet. Den resterande halvparten av laksebestandane har vi liten eller ingen kunnskap om. Det er desse bestandane Klima- og miljødepartementet vil gje eit betre vern.

Sjølv om vi har manglande kunnskap om fleirtalet av laksebestandane våre, har vi god kunnskap om sjølaksefisket. Vi veit at rundt halvparten av all laks som blir fanga i Noreg, blir fanga i sjøen. Vi veit òg at mykje av sjølaksefisket er eit fiske på blanda bestandar, kor ein ikkje veit om bestanden er sterk eller truga. Dette tilseier at fisket må regulerast nøye.

Eg er samd med artikkelforfattarane i at arbeidet med dei nye fiskereguleringane skal vere ein inkluderande prosess. Vi skal balansere både forvaltningsmål, berekraftsmål, urfolksrettar og lokale tradisjonar i arbeidet vårt med å ta vare på villaksen. Da er det behov for både vitskap, lokal kunnskap og urfolkskunnskap. Derfor legg Miljødirektoratet opp til ein brei revisjonsprosess kor lokale interesseorganisasjonar, næringsaktørar, forskarar, Sametinget og regionale myndigheiter kan kome med innspel og forslag. Direktoratet vil ta desse innspela med i sine vidare vurderingar i samsvar med føre-var-prinsippet i naturmangfaldlova.

Noreg er i dag eit av få land i verda som tillèt fiske av laks i sjøen. Avgrensing av fisket er eit av fleire tiltak vi kan gjere for å ta vare på dei norske villaksbestandane for framtidige generasjonar.

Powered by Labrador CMS