Regjeringa viser ein ovanfrå og ned-strategi i arbeidet med ny lov om folkehelse, meiner innleggsforfattaren. På biletet er helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.(Foto: Thomas Fure / NTB)
Forslaget til ny lov om folkehelse minner mest om ein revisjon i blinde
DEBATT: No vert folkehelselova endra for å klargjere roller og styrke samarbeid på tvers av forvaltningsnivå. Kvifor vert ikkje da folkehelsearbeidaren nemnd i forslaget?
Rakel RustandBrulandPhD-stipendiat, Høgskulen i Volda
Publisert
Forskersonen er forskning.nos side for debatt og forskernes egne tekster. Meninger i tekstene gir uttrykk for skribentenes holdninger. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.
I midten av oktober
kom det nyheit om å gjere endringar i folkehelselova for å få betre oversikt og
klargjere ansvaret i folkehelsearbeidet.
Byråkratane i Helse- og
omsorgsdepartementet (HOD) arbeidar med å gjere endringar
i folkehelselova, slik at folk flest
opplever å ha det bra der dei bur. Lovendringa skal tydeleggjere kva kommunane
og andre aktørar kan gjere for at folk skal ha trygge og gode liv.
Paradokset
er at folkehelsearbeidaren som burde vere ein
viktig aktør i revidering av lova, ikkje vert nemnd i endringsarbeidet.
Ovanfrå
og ned-strategi
Det er sett ned
eit utval som skal gje
råd om prioritering av folkehelsetiltak.
Utvalet består av tre lækjarar, fire forskarar og fem fagsjefar/leiarar.
Regjeringa som har bestemt kven som skal vere med i utvalet, viser her ein
ovanfrå og ned-strategi i endringsarbeidet.
Kontroll og toppstyring gjev nødvendigvis ikkje det beste resultatet.
Det er nødvendigvis ikkje slik at
dei beste endringsløysingane vert utarbeidde av styresmaktene og ekspertane. Kontroll og
toppstyring gjev nødvendigvis ikkje det beste resultatet. Strategiane kan like
gjerne kome frå folk flest, brukarar og dei som er i nær kontakt med dei til
dagleg– nemleg folkehelsearbeidaren.
Folkehelsearbeidaren er ein oversett nøkkelressurs
Regjeringa er
opptatt av at utvalet skal ha ein samansetting som dekkjer politisk forståing,
erfaringskompetanse og kompetanse om prioriteringsmetodikk. Folkehelsearbeid er
ikkje ein profesjon, men folkehelsearbeidaren har viktig førebyggjande og
helsefremjande kompetanse.
Annonse
Mange har
mastergrad i folkehelse og erfaring med arbeid der dei er tett på innbyggjarane
i kommunane. Mange har brei og lang kompetanse i folkehelsearbeid og kan mykje
om prioriteringar, politisk styring og etiske dilemma som kan oppstå. Dei veit
godt kva som fungerer i praksis og kva som er viktig å leggje vekt på ved
endring i folkehelselova for at folk skal ha det bra.
Behov
for inkludering
Med ein ovanfrå og
ned-strategi kan viktige tiltak verte oversedde og det kan verte vanskeleg å
realisere strategiane som skal fungere for folk flest. Mykje av
folkehelseansvaret er gjeve til kommunane. Dette har vist seg å vere
utfordrande i praksis, spesielt når det gjeld slutningar og evaluering av
folkehelsearbeidet.
Det er ikkje nok å få vere med i høyringar og gje innspel.
Representantar for
folkehelsearbeidarane og folk flest må vere med i styringa av endringsprosessen
frå start til slutt. Det er ikkje nok å få vere med i høyringar og gje innspel.
Folkehelsearbeidarane og folk flest må vere representerte der avgjerslene vert
tekne. Rådsutvalet, slik det er samansett no, teiknar ikkje eit bilete av
tverrfagleg samarbeid slik regjeringa påstår at dei ynskjer.
Tid
for fornying
Samansetning av
rådsutvalet er som det er og kan truleg ikkje verte endra i denne omgong. No må
samspelet mellom styresmaktene og grasrota vere i fokus gjennom høyringsrundane.
Folkehelsearbeidaren bør engasjerer seg og gje innspel til det pågåande
endringsarbeidet. Ei oppmoding er at organisasjonane der folkehelse høyrer til,
formidlar sitt syn om inkludering med HOD. Då kan ein synleggjere
folkehelsearbeidaren sin unike kompetanse i liknande framtidige endringsarbeid.
TA KONTAKT HER Har du en tilbakemelding på dette debattinnlegget. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?