- Kvantedatamaskiner gjer oss ikkje nye, uventa, geniale løysingar på gamle problem. Men ei kvantedatamaskin vi gi løysinga mykje raskare, skriv kronikkforfattarane. (Illustrasjon: Shutterstock / NTB Scanpix)
- Kvantedatamaskiner gjer oss ikkje nye, uventa, geniale løysingar på gamle problem. Men ei kvantedatamaskin vi gi løysinga mykje raskare, skriv kronikkforfattarane. (Illustrasjon: Shutterstock / NTB Scanpix)

Kvantedatamaskina kjem, kvifor skal vi bry oss?

KRONIKK: Lat oss ikkje undervurdere potensialet kvantedatamaskina har til å påverke framtida vår.

Publisert

I fjor la EU ein milliard euro på bordet for å finansiere forsking på kvanteteknologi. Og i USA blei National Quantum Initiative Act signert av Trump. Store IT-selskap som Google og IBM har alt brukt årevis og kven veit kor mange dollar på å nå det same målet å bygge ei kvantedatamaskin.

Dei hadde nok ikkje gjort det om dei ikkje syntest det var verd bryet.

Ikkje nye geniale løysingar, men jobber mykje raskare

I science fiction-komedien Haikerens guide til galaksen fortel Douglas Adams om ein hyperintelligent art som utviklar ei superdatamaskin, Deep Thought, på storleik med ein by. Føremålet med maskina er å finne svaret på det store spørsmålet om «livet, universet og alt mogleg». Etter sju og ein halv millionar år er svaret klart: 42.

Viss desse vesena hadde brukt meir ressursar og krefter på å utvikle ein Quantum Deep Thought, kunne dei ha funne svaret på eit par dagar. Men svaret ville framleis ha vore 42.

Moralen er at kvantedatamaskiner ikkje gir oss nye, uventa, geniale løysingar på gamle problem. Men ei kvantedatamaskin vi gi løysinga mykje raskare.

Alle løysninger samtidig

Kva går kvante-databehandling, eller kvante-computing, ut på? Ifølgje forskaren Scott Aaronson kan vi tenkje oss at kva einaste strategi for å komme fram til eit løysing på eit problem, også feil løysingar, er ei bølge.

Utfordringa vår er å koreografere utbreiinga av desse bølgene slik at svar som er feil, slår kvarandre ut og rette svar overlever.

Dette liknar det som skjer når du har på deg støydempande høyretelefonar, som fjernar støy ved å lage «anti-støy» med motsett utslag. Ei kvantedatamaskin sender av garde alle desse strategiane samtidig, ikkje ein etter ein – og gir oss den beste løysinga til slutt.

Krevjande å forstå

Det er krevjande å forstå kva som eigentleg skjer i ein kvantedatamaskin. Kvantefysikk er veldig ulikt det vi erfarer til dagleg. Våre omgrep og måtar å forstå verda gjer det umogeleg å forstå kvante-computing utan å bruke tid og krefter på å sette seg inn i det.

Forklaringar av typen «ein kvantebit kan vere både 0 og 1 samtidig» blir fort noko overflatiske – nok til å gjere oss skeptiske. Men trass i at grunnlaget for teknologien er vanskeleg å forstå, er like fullt ny, viktig teknologi på trappene.

I staden for å gå inn i den underliggande fysikken vil vi her diskutere kvante-computing som eit samfunnsteknologisk fenomen.

Overdrivne forventningar?

Kvart år publiserar Gartner, eit globalt forskings- og konsulentfirma, ein såkalla Hype Cycle of Emerging Technologies. Dette er ein grafisk representasjon som viser korleis ny og gryande tekonlogi følger meir eller mindre same utvikling på veg mot eit kommersielt produkt. På vegen dit passerar teknolgien ein såkalla «Peak of Inflated Expectations».

Kvante-computing har jamt og trutt nærma seg denne toppen dei siste åra. Her startar oftast ein «Mass Media Hype» – når nyhendekanalane får opp augo for det nye, blir vi gjerne mata med suksess-historier som kan bidra til å skape i overkant høge forventningar.

For kvantedatamaskina sin del har vi sett tendensar til ein slik hype i Europa og Nord-Amerika. Vi har foreløpig sett lite slikt her på berget. Og kanskje er det like bra, kanskje gjer det oss betre rusta til å skilje hype frå substans når det gjeld kvante-computing?

Kven vil tene mest på teknologien?

Trass i stor aktivitet innan akademisk forsking dei siste to tiåra, var det eit privat selskap, D-Wave Systems, som presenterte den første kvantedatamaskina. Det skjedde i 2013. No har kvar av dei fire store IT-selskapa, Google, Microsoft, Intel og IBM, bygd sin eigen prototype, og kinesiske Alibaba har også meldt seg på kappløpet. Kvantedatamaskina har funne vegen frå akademia til industrien og business-verda.

Vi har framleis ein veg å gå før kvantedatamaskina klarar å løyse problem som vanlege maskinar ikkje klarar (Quantum Supremacy). Men Google ser ut til å nærme seg. Når det skjer, kven har mest å tene på det?

Kanskje vil bankar og investeringsselskap bruke det til å optimere aksjeporteføljene sine med lynrask handel på NASDAQ? Eller kanskje IT-gigantane vil målrette reklame enda meir presist? Kanskje nasjonale styresmakter vil knekke koda meldingar, både gamle og nye, som dei ikkje klarar å knekke no – eller til å betre kunne kjenne igjen ansikt i folkemengder? Uansett, dei ventar nok alle i spenning på at teknologien skal blomstre for fullt.

Kan gje oss kjennskap til kvanteverda

Men kva kan vi vanlege folk og IT-brukarar vente oss av kvantedatamaskina? Vi blir lova eit stort utval av bruksområde – frå betre medisinsk diagnostikk til ny kosmetikk basert på «kunstig hud». Sjølv om mykje av dette kan høyrast tiltalande ut, ser vi også eit par andre moglege gode.

Den nye teknologien inviterer oss til å bli betre kjend med kvanteverda, som består av dei grunnleggande byggesteinane i materien. Som sagt, er denne verda veldig ulik den vi ser til dagleg. Det er faktisk også ei veldig vakker verd som er verd å bli betre kjend med – med ein oppførsel som utfordrar måten vi tenkjer på. I denne samanhengen har det stor verdi at IBM gir oss tilgang til kvantedatamaskina si.

Eit anna gode vi håpar kvante-teknologien kan gi oss, er å sikre personvernet på nettet. Når private selskap som Google samlar, analyserer, sel og deler informasjon om nett-aktiviteten til kvar og ein av oss, er det ikkje så vanskeleg å sjå verdien av å kunne vere anonym. Vi ser gjerne at norsk kvanteteknologi utviklar seg i slike retningar – i staden for å bli slukt opp av DNB eller PST, for eksempel.

Lat oss ikkje undervurdere potensialet

Mange kjenner sikkert til ar IBM-sjefen i 1943 spådde at der ville vere marknad for fem datamaskinar i verda. Det er inga overdriving å seie at han undervurderte potensialet.

Lat oss ikkje undervurdere potensialet kvantedatamaskina har til å påverke framtida vår. Denne framtida vil bli forma av mange aktørar, inkludert dei kommersielle interessene til store selskap, globale marknader og mediestrategiar, vitskaplege gjennombrott og den generelle haldninga til homo digitalis.

Det er viktig at vi er medvitne om denne framtida alt no så vi kan gi uttrykk for våre meiningar og ønsker – med ei blanding av optimisme og sunn skepsis.