Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Forskarane fylgde over 500 barn over fleire år i barnehagar i Gran og Lunner kommune.

Barn som er mykje ute i naturen i barnehagen, får betre konsentrasjon 

La barna leike i gjørma og utanom leikeplassar, seier forskar som har undersøkt barn og utetid i barnehagen. Dei har sett klare effektar av å vere mykje ute som barn.

Korleis blir den psykiske helsa vår påverka av å vere ute i naturen?

Forskarane på Norges idrettshøgskole (NIH) ser klare effektar både for barn og vaksne i fleire studiar dei siste åra.

Podcast: Om å vere ute i naturen

I denne episoden av NIH-podden kan du høyre meir om dei gunstige effektane og forskinga til Jannicke Høyem og Vidar Ulset i NIH-podden.

Høyr heile episoden her.

Barnehagebarn blei testa med konsentrasjonstest

Vidar Ulset fylgde over 560 barn frå dei var tre år til dei gjekk i andre klasse på barneskulen.

Vidar Ulset og forskingsgruppa hans fylgde over 560 barn frå dei var tre år til dei gjekk i andre klasse på barneskulen.

Barna gjekk i forskjellige typar barnehagar og var ute alt frå to timar til heile dagar i naturbarnehagar.

Kvart år blei barna testa i ein konsentrasjonstest. I tillegg vurderte lærarane barnas hyperaktivitet og rapporterte inn kor mykje barna var ute.

Funna er oppsiktsvekkande.

– Vi så ein klar samanheng mellom dei som hadde vore mest utandørs. Dei hadde betre kognitiv utvikling, mindre hyperaktivitet og mindre uoppmerksamheit, fortel Ulset.

Han er nå forskar ved Institutt for lærarutdanning og friluftslivsstudier på NIH.  Denne studien gjorde han som doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Oslo. Funna blei publisert vitskapeleg i 2023.

Møtte barna igjen som tenåringar

Forskarane møtte også barna igjen som tenåringar.

Dei svarte på spørjeskjema om seg sjølv og den kognitive kontrollen deira. Det vil seie kor lett dei klarte å halde fokus på det som var viktig. Dei svarte på spørsmål om korleis dei oppfatta konsentrasjonen sin og korleis dei klarte å følgje med i timen.

I tillegg fekk forskarane tilgang på resultat frå nasjonale prøver.

Igjen såg dei samanheng mellom dei som hadde vore mest ute i barnehagen og dei som hadde den beste kognitive kontrollen.

– Det å vere mykje ute hang mellom anna saman med betre konsentrasjon og arbeidsminne i skuletida, fortel Ulset.

24-åringar opplevde auka livsmeistring

Også for unge vaksne er det tydeleg at det å drive friluftsliv og aktivitetar ute kan ha mykje å seie for den psykiske helsa.

Jannicke Høyem undersøkte kva norske 24-åringar kjenner på når dei er ute i naturen.

Gruppa ho forska på, var også mykje ute både på skulen og med familien da dei gjekk på barneskulen.

– Det me var ute etter i denne studien, var å sjå korleis utøvinga av friluftslivet deira gjennom barndomen og fram til i dag påverka opplevinga deira av livsmeistring, seier Høyem. Ho forskar på friluftsliv ved NIH.

Naturnærvêr, bevegelsesglede og sosialt friluftsliv

Forskarane såg tre hovudpunkt på korleis det å vere ute på tur påverka av den psykiske helsa deira: Gleda av å vere i bevegelse, sosialt friluftsliv og naturnærvêr.

– Evna til å vere til stades i natur og vere her og nå såg me var veldig viktig for dei. Det er noko som me ser at forsvinn litt i dagens samfunn. Me blir bombardert av inntrykk, me har sosiale medium og er alltid på og tilgjengelege. Evna til å vere til stades og legge vekk både fortid og framtid, den opplevinga kan me få når me er ute i naturen.

Forskinga viser at det å bruke tid ute er svært gunstig for den psykiske helsa vår.

Jannicke Høyem undersøkte kva norske 24-åringar kjenner på når dei er ute i naturen.

– Me ser at det gir auka evne til stressmeistring og reduksjon i negative tankar. Dei erfaringane kan vi ta med oss til andre deler av livet. Me opparbeider oss ei form for robustheit, seier Høyem.

Gå gjennom skogen heim frå barnehagen

Og du må ikkje reise på eksepedisjon på høgfjellet for å få desse positive effektane. Kvardagsaktivitet i naturen gir dei same effektane.

– Erfaringa mi, som også er støtta av forskinga, er at det ikkje er så mykje som skal til. Det er også uavhengig av kva du gjer, men jamnlege naturmøte, gjerne i kvardagen er viktig.

– Korte naturmøte gjer at me får reduksjon i stress. Ein ekstra runde gjennom skogen på veg heim frå barnehagen, og likevel rekker middagen etterpå kan vere veldig fint. Å prioritere å vere i aktivitet søndag føremiddag utgjer ein stor skilnad.

Leik med pinnar og klatre i tre

Barnehagar og skular burde også legge til rette for at barn får leike i naturen og ikkje berre på leikeplassar, meiner Ulset. 

– Eit huskestativ har ein tiltenkt funksjon, mens i naturen kan barna vere kreative på ein heilt annan måte, seier han og legg til:

– Det å klatre i tre, leike med pinne, vere inne i ein busk gir moglegheiter for kreativ leik som tilpassar barna i større grad.

Høyr meir om dei gunstige effektane og forskinga til Høyem og Ulset i NIH-podden:



Referansar:

Merete Lund Fasting, Jannicke Høyem mfl.: Friluftsliv og psykisk helsearbeid: Hvordan sosialt friluftsliv, bevegelsesglede og naturnærvær kan bidra til livsmestring. Tidsskrift for psykisk helsearbeid, 2023. (Sammendrag) Doi.org/10.18261/tph.20.3

Vidar Ulset mfl.: Time spent outdoors during preschool: Links with children's cognitive and behavioral development. Journal of Environmental Psychology, 2017. Doi.org/10.1016/j.jenvp.2017.05.007

Vidar Ulset mfl.: Link of outdoor exposure in daycare with attentional control and academic achievement in adolescence: Examining cognitive and social pathways. Journal of Environmental Psychology, 2023. Doi.org/10.1016/j.jenvp.2022.101942

Powered by Labrador CMS