Idrettens samfunnsansvar er å tilby ein arena for personleg og sportsleg utvikling, og oppleving av mestring i eit godt fellesskap som er trygt nok til at du kan prøve og feile, skriv kronikkforfattarane.
(Foto: Shutterstock / NTB)
«Idrettsglede for alle» vert berre ein utopi viss ikkje dette tas tak i
KRONIKK: I eit samfunn som hyller akselerasjon og framsteg, heier me høglytt på dei som spring raskt. Men kven heier på dei som snublar i ballen?
«Slik er det i vår klubb óg!» «Eg fekk heller aldri spele då me var på cup, eg fekk ikkje vere på benken eingong!» «Eg HATAR fotball no fordi eg hadde ein trenar som sa eg ikkje var god nok for fast plass på laget. Eg var 13 år.»
I etterkant av årets Norway Cup vart kronikken om breddefotballens skuggeside delt i sosiale media av mange med eigne erfaringar som likna den til kronikkforfattaren.
Me vil utfordre kommunane til å kjenne si vitjingstid og stå saman med idretten og utdannningsinstitusjonane for å sikre trygge og utviklande møtestader for born og unge.
Ved USN har me drive trenarutdanning på universitets- og høgskulenivå i over 20 år, og me får kvart år liknande historier frå våre studenter. Historier om den fantastiske idretten som ein har en stor lidenskap for, men der det ikkje var plass til heilt middelmådige eigenskapar og ambisjonar. Der det heller ikkje var tålmodighet eller nysgjerrighet for å vente på «late bloomers».
Støttande trenarskap gir idrettsleg og personleg utvikling
I ei verd der fleire studiar viser auke i mentale helseplager, einsemd og utanforskap blant born og unge, er idrett ein heilt sentral arena for helsefremje, felleskap og inkludering.
Idrettens samfunnsansvar er å tilby ein arena for personleg og sportsleg utvikling, og oppleving av mestring i eit godt fellesskap som er trygt nok til at du kan prøve og feile. I eit samfunn som hyller akselerasjon og framsteg, heier me høglytt på dei som spring raskt. Men kven heier på dei som snublar i ballen?
Idretten har potensial til å gi born og unge mange gode opplevingar – og den har potensial til å gjere det motsette. Det er under nokons leiing at det dannast gode, og dårlege, læringsmiljø. Born og unge må utsetjast for eit godt trenarskap!
Einkvar trenar må ha menneskekompetanse
Med det meiner me eit trenarskap som både legg til rette for ferdigheitsutvikling, mestringsopplevingar, at personleg vekst er ein verdi i seg sjølv, og at idretten er ein god stad å høyre til.
Dette stiller krav til kompetanse på den aktuelle aktiviteten, som til dømes fotball, og at einkvar trenar har ein god porsjon menneskekompetanse. Diverre er det mange stader tilfeldig kva for kompetanse born og unge møter i idretten, og altfor mange møter trenerskap som ikkje held seg til NIF og særforbunda sine aktivitetsverdiar.
Kva andre arenaer i samfunnet vil vaksne som kjeftar på både utøvarar og dommarar få lov til å fortsetje i rolla si? Den typen trenarar drep ikkje berre idrettsgleden, men verkar også direkte ekskluderande. Dette bidreg til born og unges opplevde utanforskap.
Kompetanse koster – men har me råd til å la være?
Ein stor elefant i rommet er at dei frivillige i norsk idrett vert pålagt fleire og fleire oppgåver som eigentleg skal løysast av det offentlege, og i fleire klubbar kjenner dei på at frivilligheten nærmar seg ei smertegrense.
Dei frivillige er ein viktig ressurs som må få bidra på sine premiss – ikkje på premissa til politikarar eller byråkratar som treng avlastning for tronge budsjett på kultur, helse, oppvekst og velferd. Me meiner at ei løysing på idrettens skuggeside er å ansette kompetente trenarar for born og unge.
Nokre klubbar har allereie gjort dette, men me er opptekne av at ei slik løysing ikkje skal sende rekninga til dei frivillige, foreldre og utøvarar. Dei skolera trenarane har kompetanse til å inkludere alle, og til å møte alle spelarane på sine behov.
Dei kan møte talentfulle Mona på 16 år som allereie spelar på juniorlag, damelag, kretslag og er på uttak til aldersbestemt landslag, men dei kan óg møte 16 år gamle Nora som elskar fotball men som aldri kjem til å bli den neste Hegerberg.
Kommunane må kjenne si vitjingstid
Svein Moldekleiv i Raude Krossen har sagt at frivillig arbeid er tufta på kunnskap, fellesskap og lidenskap. Kven skal kvalitetssikre aktivitets- og menneskekunnskapen i idretten? Kven skal sikre at alle kjenner på fellesskapet og med det kan dyrke lidenskapen?
Me som har trenarutdanning på bachelor- og masternivå utdannar trenarar som står klare til å ta dette ansvaret! Me vil utfordre kommunane til å kjenne si vitjingstid og stå saman med idretten og utdannningsinstitusjonane for å sikre trygge og utviklande møtestader for born og unge. Den kompetansen koster, men vil kunne gje innsparingar på andre delar av kommunebudsjettet.
Me har ikkje råd til å la vere å investere i kompetente trenare
Til dømes er det estimera at ein ungdom som fell utanfor arbeidslivet vil koste 15,9 millionar norske kroner, og dei samfunnsøkonomiske kostnadane av utanforskap og marginalisering er estimert til 73 milliarder norske kroner per år.
Det er difor viktig å spørje om me har råd til å la være å investere i dei kompetente trenarane. Den moglege samfunnsgevinsten av idrettens fellesskap er stor, men verdien av inklusjon og tilhøyre for enkeltmennesket kan det ikkje settjast prislapp på.
Formelt utdanna trenarar eller berre ein utopi
Me vil også utfordre idretten generelt, og fotballen spesielt, til å presse på for å få øremerka midlar til å ansetje formelt utdanna trenarar for born og unge, anten i klubbane eller i kommunane.
Hvis ikkje dette tas tak i er me diverre redd for at Noregs idrettsforbund sin visjon om «idrettsglede for alle» ikkje vert noko anna enn ein utopi.
LES OGSÅ:
Vi vil gjerne høre fra deg!
TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?