– Burde til dømes ikkje alle dei 28 norske stavkyrkjene og dei 160 steinkyrkjene vere grundig digitalt dokumenterte – ikkje berre for å sikre kjeldeverdiane, men også som bevaringsberedskap, spør kronikkforfattaren. (Foto av Borgund stavkyrkje i Lærdal: Foto: Marianne Løvland / NTB scanpix)

Nokre kulturminne bør heller bevarast digitalt

KRONIKK: Det er viktig å spørje seg om kva slags verdiar ein ønskjer å sikre når ein bevarer eit kulturminne. Freding er ikkje alltid det einaste svaret.

Kulturminna har mange verdiar. Dei har ein sosial verdi både lokalt og nasjonalt, og dei har opplevingsverdiar for store og små. Dessutan har dei kjeldeverdi som er viktig for forskarar. Men desse verdiane må fortolkast på nytt i eit samfunn som på ein helt annan måte enn før er digitalt. I dag kan kulturminna både opplevast og bevarast digitalt. Difor bør ein fortolke verdiane som kulturminnelova er fundert på, i lys av den nye digitale røyndomen. Korleis stiller ein seg til dømes til digital bevaring?

Eit høgaktuelt døme er brannen i Notre Dame i Paris. For det første blei det demonstrert for alle kor stor verdi eit kulturminne kan ha for folk. Kjensla av tap og katastrofe kjendest akutt ikkje berre for folk i Paris eller for den katolske kyrkja, men også for alle som har eit forhold til Paris – og det er mange!

Kravet om gjenoppbygging kom til uttrykk same kveld, og dagen etter var finansieringsarbeidet alt i gang. Det viste seg då at Notre Dame var laserskanna i to ulike forskingsprosjekt, og ein hadde altså eit godt digitalt underlag for å starte eit rekonstruksjonsarbeid.

Er dei norske mellomalderkyrkjene digitalt dokumenterte?

I Notre Dame sitt tilfelle har altså bevaringsarbeidet ei digital side. Nytten av digital dokumentasjon tangerer den store diskusjonen om autentisitet og rekonstruksjon i samband med bevaring av kulturminne.

For meg er rekonstruksjonen av Gamlebyen i Warszawa etter andre verdskrigen det sterkaste dømet på korleis rekonstruksjon av eit kulturminne handlar om å sikre opplevingsverdiane, dei sosiale verdiane, bruksverdiane og for ein del også kjeldeverdiane. I Warszawa sitt tilfelle var dette mogleg fordi arkitektar i samband med krigen hadde teikna av heile Gamlebyen på detaljert måte. Dette blei eksplisitt gjort som bevaringstiltak fordi dei visste at krigen ville utgjere ein bevaringsrisiko. I dag gir ulike digitale dokumentasjonsmetodar oss sterke verkemiddel i denne typen digitalt bevaringsarbeid – uansett om ein vil rekonstruere tapte kulturminne eller ikkje.

Burde til dømes ikkje alle dei 28 norske stavkyrkjene og dei 160 steinkyrkjene vere grundig digitalt dokumenterte – ikkje berre for å sikre kjeldeverdiane, men også som bevaringsberedskap? Det er dei ikkje i dag.

Digital bevaring som alternativ til fysisk bevaring

Digital bevaring kan også i nokre tilfelle vere den einaste måten eit kulturminne kan bevarast på. Bevaring er eit mangslunge omgrep, og kan gjennomførast etter ulike prinsipp og ambisjonsnivå. Freding er det sterkaste juridiske bevaringstiltaket vi har i Noreg. Freding skal sikre autentiske kulturminne, og bevaringa skal følgje antikvariske prinsipp. Freding inneber difor kostbare bevaringstiltak som det offentlege får delansvar for å finansiere. Det er eit politisk og samfunnsøkonomisk spørsmål kor stor portefølje av kulturminne vi har råd til å sikre på denne måten.

Generelt er det viktig å spørje seg om kva slags verdiar ein ønskjer å sikre når ein bevarer kulturminnet. Freding er ikkje alltid det einaste svaret. I nokre tilfelle kan kanskje kjeldeverdiane sikrast ved digital dokumentasjon, særleg når ny bruk av anlegget er utfordrande. Dette var tilfellet med Engene dynamittfabrikk på Hurum.

Engene var den siste dynamittfabrikken av sitt slag i verda, og hadde slik sett stor kjeldeverdi, men bruksverdien og opplevingsverdien var umogleg å realisere; området var så infisert av kjemikalium at det innebar stor risiko å opphalde seg der. Løysinga Riksantikvaren valde, var å få gjennomført ein grundig digital dokumentasjon av anlegget etter same metode som er brukt på Notre Dame. Vi kan framleis bruke Engene dynamittfabrikk som historisk kjelde, og med ein digital rekonstruksjon kan ein også la folk få oppleve anlegget i form av virtuell formidling i 3D.

Digital bevaring opnar også for digital formidling

Eg trur at løysinga som blei vald for Engene dynamittfabrikk kan vise seg å vere eit reelt alternativ i fleire andre bevaringsprosjekt også. Digital bevaring kan vere svaret i tilfelle der kulturminna rett nok er viktige historiske kjelder, men der bruken er utfordrande og kostnadene høge. Oppsida ved slik bevaring er at digitalisering opnar for virtuell formidling og oppleving som kan nå svært mange, både no og i framtida.

Dei tydelegaste og beste døma på korleis digital dokumentasjon og digital oppleving er det einaste alternativet ein har for å bevare og oppleve eit kulturminne, finn ein innafor arkeologien. Dei aller fleste arkeologiske utgravningane i Noreg skjer i samband med utbyggingsprosjekt. Ein må gjere ei arkeologisk utgravning før ein fjernar jordlaga for å byggje til dømes eit jernbanespor. Fysisk bevaring av kulturminnet på staden er ikkje eit alternativ.

Når NIKU no i fleire år har gjennomført arkeologiske utgravningar for at Follobanen skal kunne byggjast rett gjennom mellomalderbyen i Gamlebyen i Oslo, er det difor kjeldeverdiane som blir tatt vare når vi gjer digital dokumentasjon av kulturlag, bygningsrestar, vegar, graver og lausfunn i kontekst. Men til forskjell frå eldre dokumentasjonsmetodar, har dei digital dokumentasjonsmetodane den store fordelen at ein kan rekonstruere kulturminnet digitalt etterpå, og ein kan gje virtuell tilgang til kulturminnet lenge etter at det er bortgravd for alltid.

Opplevingar som arkeologane sjølv var aleine om, kan no delast med mange fleire som følgje av digital bevaring og formidling.

Framtida er digital, også i kulturminneforvaltninga

Digitaliseringa er altså i ferd med å endre føresetnadene vi har for å drive kulturminnevern og -forvaltning i Noreg. Digital bevaring av kulturarv er i mange tilfelle eit reelt alternativ til fysisk bevaring. Det er dessutan ei bevaringsform som gagnar bruken av kulturminnet som vitskapleg kjelde og som opnar opp for nye former for formidling. Moglegheitene er fantastiske, men implementeringa av dei har implikasjonar som den nye kulturminnemeldinga bør ta høgd for.

Digital bevaring, digital dokumentasjon og digital formidling bør eksplisitt skrivast inn i den nye kulturminnemeldinga. Her har Ola Elvestuen sjansen til å gjere kulturminneforvaltninga framtidsretta, samfunnsøkonomisk berekraftig og i stand til å svare på framtidige generasjonars forventningar og behov.

Powered by Labrador CMS