"Draken Harald Hårfagre" er ein flytande anakronisme, pengesterkt formidla over heile verda. I generasjonar framover blir eit hovudpunkt i fagleg formidling at slike skip hadde vikingane ikkje. Det er hornhjelmen på nytt, skriv professor Eldar Heide.

NRK burde ikkje ha sendt serien om Draken Harald Hårfagre

DEBATT:  Dokumentarserien om «Draken Harald Hårfagre» byggjer ein myte om kva vikingskip var, som vi kjem til å plagast med i generasjonar framover. 

Publisert

Forskersonen er forskning.nos side for debatt og forskernes egne tekster. Meninger i tekstene gir uttrykk for skribentenes holdninger. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Fjernsynsserien om Draken Harald Hårfagre (DHH), som NRK viser for tida, er ein interessant dokumentar. Han fortel ei spennande historie om bygginga av skipet og utfordringane det møtte på langferd. 

Heile vegen er det fletta inn mykje god forsking om skip og segling i gammal tid, nordisk historie, liv og kultur i vikingtida, genetikk, norrøn busetnad i Vinland med meir.

Likevel burde ikkje NRK ha sendt serien. Det er fordi han bygger ein myte om kva vikingskip var, som vi kjem til å plagast med i generasjonar framover. Og det er fordi serien presenterer DHH som noko heilt anna enn han faktisk er.

Falskt flagg

Presentasjonen av 1. episode gjev inntrykk av at skipet er konstruert av «et internasjonalt team av arkeologer, historikere og båtbyggere». Det stemmer ikkje. Skipet vart utvikla av båtbyggarar frå moderne norsk klinkbyggetradisjon. Dei er dugande i sitt fag, men dei stod i motsetnad til forskarmiljøa. Det ser ein tydeleg i boka om prosjektet, som Arne-Terje Sæther gav ut i 2015; han var med i kjernegruppa.

Å kalle det for vikingskip, er å føre folk bak lyset.

Ordet «arkeolog» er nemnt seks gonger i boka, alltid i samband med skepsis til forskarane som arbeider med rekonstruksjon av skipsfunn frå vikingtida. Ordet «historiker» er visst ikkje nemnt nokon stad (heller ikkje ekspertar på dei norrøne tekstane var involverte).

I 1. episode blir det sagt at DHH er ein «kopi av det største kjente langskipet fra vikingtiden». Liknande formuleringar høyrer vi gong etter gong i serien. Men DHH er ikkje kopi av noko som helst. Skipet er «en konstruksjon, ikke en rekonstruksjon», slik Sæther ærleg nok seier i boka.

«Fra sagaene vet vi at rike vikingkonger og høvdinger kunne ha silkeseil», får vi òg høyre i episode 1. Sanninga er at det ikkje er kjeldegrunnlag for silkesegl, som DHH vart utstyrt med. Vadmål (ullstoff) ville ha vore det rette, men var for tungt, når seglet skulle vera så stort. Dette er eit symptom på at noko grunnleggjande ikkje stemmer i prosjektet.

 Til Amerika-turen vart silken òg vraka, til fordel for kunststoff, utan at det blir opplyst i serien.

DHH er svært lite autentisk. Men det blir presentert som kopi, og gong etter gong får vi høyre at alt er slik vikingane ville hatt det. Skipet i serien seglar altså under falskt flagg.

Snorres framstilling er fullstendig misvisande.

Når DHH blir omtala som «vikingskip», så inneber det at det kunne ha eksistert i vikingtida, som vi reknar frå slutten av 700-talet til midten av 1000-talet. Namnet «Harald Hårfagre» peikar mot fyrste halvdel av perioden. Men vi kan seia heilt sikkert at noko slikt som Draken Harald Hårfagre ikkje eksisterte den gongen. Å kalle det for vikingskip, er å føre folk bak lyset.

Kva definerer vikingtida?

Vikingtida er definert av ekspansjon frå Skandinavia, ikkje minst militært. Kjernen i dette var landgang på langgrunne kystar. Derfor måtte vikingskipa vera grunne, slik at dei kunne koma nesten inn på tørra før dei vart ståande på. Då kunne krigarane hoppe i uti på grunt vatn og lett vasse i land.

I tillegg måtte skipssidene vera låge, slik at mennene enkelt kom seg om bord frå stranda, nedleste av plyndringsgods, med fienden i hælane.

DHH ville vore totalt ueigna til dette. Han stikk 2,5 m djupt (seier nettsida) og ville derfor gått på grunn langt frå land. Når krigarane hoppa over bord der ute, med våpen og hærklede, ville dei risikert å drukne.

Problemet er at DHH ikkje er basert på eit skipsfunn frå vikingtida, men på sagaskildringar som er 2-400 år yngre. Då Snorre skreiv Heimskringla på 1220-talet, var kongane lite opptekne av landgang på langgrunne strender.

I staden ville dei ha flytande festningar, med høge skipssider og festningstårn i begge endar av skipet. Målet var å kaste våpen og stein ned på fienden i sjøslag.

Krigsskipa var altså fundamentalt annleis då enn i vikingtida. Utviklinga til flytande festningar, ueigna til landgang, ser vi tydeleg i Sverresoga, som skildrar borgarkrigane fram mot 1200.

Kva visste Snorre?

Frå gamle skaldestrofer kjende Snorre skipstypenemningar frå heile vikingtida. Men kva slag skip dette var, det visste han ikkje. Dermed framstiller han i stor grad dei gamle skipstypane slik som skipa han kjende i samtida.

Ormen lange, bygd like før år 1000, er eit godt døme på dette. Snorre seier skipet var «breitt og høgborda som eit havskip», altså lasteskip (som vart utvikla frå 900-talet og framover). Men arkeologisk veit vi at den sentrale krigsskipstypen rundt år 1000, var kjempelang, smal, grunn og med lågt fribord.

Problemet er at DHH ikkje er basert på eit skipsfunn frå vikingtida, men på sagaskildringar som er 2-400 år yngre.

Ut frå desse funna – og namnet! – må Ormen lange ha vore eit slikt skip. Snorres framstilling er altså fullstendig misvisande.

Eit samtidig dikt seier at i slaget i Hafrsfjord på 870-talet, var det med skip så små at årane kvilte oppå skipssidene, i keipar og hamleband. Då snakkar vi om båtar snarare enn skip, og her var det Harald Hårfagre vann makta. Men dei små skipa stemmer med at små grupper stod for den fyrste fasen i vikingtoga.

Mot slutten av vikingtida, då rikskongar samla landgangshærar, oppstod dei lange, smale skipa som var flytande landgangsbruer. Fram mot 1200, kom så krigsskipa som var høgborda i tillegg til lange (og hadde mykje anna nytt).

Det var ingen stilleståande «norrøn periode» i skipsutviklinga, frå slutten av 700-talet til 1200-talet, slik Snorre gjev inntrykk av. Tvert imot, det var enorm utvikling, slik det var i 500-årsperiodane før og etter.

Ein umogeleg kombinasjon

Ein heil hær av handverkarar har gjort framifrå arbeid med DHH – innanfor rammene dei fekk. Dessverre bygde rammene på den misforståtte framstillinga av vikingtidsskip som vi finn hos historikarane på 12-1300-talet. DHH skulle vera 1. vikingskip, 2. det lengste i verda, og 3. ha kjempegode sjøeigenskapar.

Kombinasjonen av dette går ikkje. Ein kunne ha bygd eit kjempelangt, smalt og lågborda skip, basert på skipsfunn frå slutten av vikingtida. Men eit slikt skip kunne ikkje segla til Amerika, som var eit overordna mål i DHH-prosjektet. 

Derfor gjorde ein skipet breitt og høgborda i tillegg, og dermed hamna det langt utanfor vikingtida. Eigentleg hamna det i eit parallelt univers, for skip som DHH fanst neppe på Snorre si tid, heller.

Enkelt sagt tok båtbyggarane Gokstadskipet, frå 890 (23,8 m langt), og skalerte og justerte det opp til det fekk dimensjonar som kunne stemme med det Snorre skildrar. Dermed er DHH (35 m lang) korkje fugl eller fisk. 

Det er ikkje krigsskip frå vikingtida (lite eller langt, smalt, lågborda), og ikkje frakteskip frå vikingtida (kort, breitt, høgborda). Men det er heller ikkje flytande festning frå 1200-talet, med alt det nye som slike skip hadde. I staden er det ein konstruksjon frå 2012.

Det har lenge vore kjent at Snorre lurer oss

Det eg peikar på om vikingtidsskip i sogene frå 12-1300-talet, har vore kjent og akseptert blant forskarar sidan Rikke Malmros gav ut artikkelen «Leding og skjaldekvad» i 1985. 

Ho undersøkte skaldedikta frå vikingtida som hadde levd i munnleg tradisjon fram til nedskriving på 1200-talet. Der såg ho at skaldane i vikingtida roste krigsskip for å vera lette og raske – altså grunne og små eller slanke. Skaldestrofene stemmer med arkeologien, og DHH står i motstrid til begge kjeldetypane.

Les svar fra NRK her:

Draken Harald Hårfagre er ein flytande anakronisme, pengesterkt formidla over heile verda. I generasjonar framover blir eit hovudpunkt i fagleg formidling, at slike skip hadde vikingane ikkje. Det er hornhjelmen på nytt.

Eldar Heide er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet, doktor i norrøn filologi og tradisjonsbåt-entusiast. Han har forska mykje på skip og segling i gammalnordisk tid.

Vi vil gjerne høre fra deg!

TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på dette debattinnlegget. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?

Powered by Labrador CMS