En notis fra Vestlandsforsking - les mer.

Anders-Johan Almås har utdanning som sivilingeniør, med doktorgrad frå NTNU innan temaet berekraftig klimatilpassing av bygg og anlegg. (Foto: Vestlandsforsking)

Blir ny direktør for Vestlandsforsking

Anders-Johan Almås er ny direktør ved Vestlandsforsking og hadde nyleg første arbeidsdag.

Han peikar ut tre kvalitetar han spesielt vil jobbe for å bevare og styrke.

– Høg forskarfagleg kvalitet. Gode nettverk både lokalt og internasjonalt. Å bygge og profilere Vestlandsforsking vidare som ei solid merkevare for kundar og andre samarbeidspartnarar, summerer Almås.

Han kjem frå stillinga som seniorrådgjevar i avdelinga for forsking, internasjonalisering og innovasjon ved Høgskulen på Vestlandet.

Almås er svært nøgd med å få leie eit institutt med høg profil innan berekraft. I tillegg har Vestlandsforsking sterke fagområde som verkeleg treffer dei store samfunnsutfordringane og -potensial vi har, som klimatilpassing, framtidsretta teknologi og reiseliv.

Almås avløyser Hans Jakob Walnum, som har vore konstituert direktør etter at Merete Lunde gjekk over i ei stilling hjå Forskingsrådet i mai i år.

Les meir om tilsetjinga på heimesidene til Vestlandsforsking

Powered by Labrador CMS