En notis fra Universitetet i Oslo - les mer.

Så godt som alle europeiske land er med i satsinga.

Felles europeisk forskingssatsing mot svangerskapsdepresjon

Mange kvinner blir deprimerte i samband med svangerskap og fødsel. No samarbeider forskarar frå heile Europa for å finna den beste hjelpa.

Å få barn er noko dei fleste ser fram til med forventing. Men det er ikkje alle som opplever svangerskapet som ei lukkeleg tid. Nokre kvinner opplever så alvorlege depresjonar at dei treng behandling.

– Det vanlegaste er å tilby psykoterapi som fyrste val, og deretter medisinar. Men praksis varierer frå land til land. Trass mykje tverrfagleg forsking manglar vi framleis ei internasjonal forståing av problemet, seier forskar Angela Lupattelli ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

No skal dette rettast på. Lupattelli er ein av tre norske deltakarar i Riseup-PPD COST ACTION, ei stor EU-finansiert satsing for å finna og ikkje minst samla kunnskap om det forskarane kallar perinatal depresjon, som omfattar både depresjonar som oppstår under svangerskapet og dei som kjem etter fødselen.

Høg deltaking i Aust-Europa

– Samansetjinga av symptom ved fødselsdepresjonar er litt annleis enn ved svangerskapsdepresjonar. I tillegg er symptoma ulike hjå kvinner som alt lei av depresjon før dei vart gravide og hjå dei der depresjonen fyrst oppstår undervegs i svangerskapet, fortel Lupattelli.

– Hjå dei siste er gjerne tilstanden meir alvorleg. Vi må altså utvikla tre ulike behandlingsstrategiar.

Så godt som alle dei europeiske landa er med i satsinga. Lupattelli er spesielt glad for at deltakinga er så høg frå dei austeuropeiske landa, der det ikkje har vore forska så mykje på dette.

– Perinatale depresjonar er ikkje like utbreidd i dei rikaste landa, så det er viktig at vi får eit så breitt kunnskapsgrunnlag som råd.

Hjelper mora fyrst

Behandling av svangerskapsdepresjonar med medisinar er ofte vanskeleg å få til. Av frykt for at det skal oppstå skadar på fosteret, sluttar mora med å ta medisinar etter råd frå helsepersonell eller på eige initiativ.

– Det er ikkje noko gale med å ta omsyn til barnet. Men det er jo ein grunn til at mora har brukt dei legemidla ho har, og den grunnen blir jo ikkje borte.

– Ein psykiater eg snakka med samanlikna det med sikkerheitsinstruksen på fly: Ta på di eiga oksygenmaske før du hjelper andre. I samband med perinatale depresjonar kan vi seia at vi hjelper barnet best når vi hjelper mora fyrst, seier Lupattelli.

Involverte brukarar

Derfor skal forskarane òg undersøkja nye behandlingsformer, der funna foreløpig er sprikande. Lysbehandling, omega-3-feittsyrer og elektro- og magnetterapi er blant løysingane forskarane vil sjå nærare på.

– Men vi kan jo unngå behandling heilt om vi kan førebyggja at depresjonen i det heile oppstår. Derfor vil vi kartleggja risikofaktorar og faresignal slik at helsepersonell kan gripa inn tidleg.

Arbeidet starta i 2019 og skal vera ferdig i 2023. Då håpar forskarane å ha klar ei felles forståing av perinatal depresjon som grunnlag for retningslinjer innan dei ulike landa.

– Ein styrke er at vi har involvert brukarar som har vore gjennom slike depresjonar. Gjennom å dela erfaringane sine, kan dei gje oss viktige justeringar undervegs. Det same kan jordmødrene som deltek, seier Lupattelli.

Les heile saka på titan.no

Powered by Labrador CMS