Fritidsaktivitetar på egne premissar – og kanskje kakao – kan gje barna glede.

Er verkeleg idrett betre enn andre fritidsaktivitetar?

Smaker verkeleg kakao og kveldsmat best etter trening? Eller smaker det berre... godt?

På eit banner i ei rundkøyring over Ring 3 i Oslo helsar eit idrettslag: «Kakao og kveldsmat smaker best etter trening».

Men smaker verkeleg kakao og kveldsmat best etter trening? Eller smaker det berre... godt?

Idrettslaget framstiller trening som betre enn andre fritidsaktivitetar, for når noko er best er noko anna mindre godt. Som akademikarar og foreldre slår vi eit slag for at det ikkje er naturgjeve kva som er best for barn og unge. Nokre føretrekker å vere på fritidsklubben eller å teikne, medan andre føretrekker å symje eller å gå på ski, men det eine treng ikkje å bli framstilt som betre enn det andre. Variasjon og mangfald i barn og unges oppvekstmiljø har ein verdi i seg sjølv, og bør ikkje rangerast etter kva som er best og kva som dermed er mindre godt.

Idrettslaget har heilt sikkert gode hensikter når dei påstår at kakao og kveldsmat smaker best etter trening. Likevel fortel forsking oss at mange unge ikkje aksepterer at å trå etter idrettens logikk er best. Ein nyare rapport frå NOVA (2022) viser at dei unge som blir igjen i idretten trivst godt uavhengig av kjønn og sosioøkonomisk status. Likevel ser ein at dei mange som fell frå ikkje finn seg til rette med dei eskalerande krava som kjem med økt alder om å bruke meir tid, meir pengar, og å gi meir merksemd til idretten. Fråfallet er størst i Groruddalen og i indre by og såleis sosialt skeivt dersom ein ser på den sosioøkonomiske samansetninga i byen. Kva er da best? For kven?

Idéar som har gått ut av dato

Ofte blir det hevda at idrett er årsak til suksess på andre arenaer enn idrettsarenaen. Dei som driv med idrett gjer det betre på skulen enn dei som ikkje driv med slikt, blir det hevda. Om vi grev djupare, finn vi ingen enkel årsak til dette. Derimot finn vi at deltaking i idrett heng tett saman med dei sosioøkonomiske tilhøva til familien etter kvart som barn blir til ungdom.

Med andre ord er det ikkje nødvendigvis idrett i seg sjølv som er årsak til dei gode skuleresultata. Det er summen av tilhøva, den tilgjengelege økonomiske, emosjonelle og sosiale kapitalen som gjer det mogeleg både å delta i idrett og å få gode resultat på skulen. Likevel lever den hegemoniske myten vidare i beste velgåande: «Idrett gjer deg god på skulen!»

Kva er hegemoni?

  • Hegemoni er idéar om at noko er betre enn noko anna i kraft av seg sjølv.
  • Hegemonisk forståing blir sjeldan debattert da det er vanskeleg å kritisere etablerte sanningar.

Sjølv om det sikkert var velmeint: Sjeldan har vi sett idrettens hegemoni klarare uttrykt enn på banneret som seier at «kakao og kveldsmat smaker best etter trening».

God nok i seg sjølv

Kjære idrettslag, vi trur de tek feil. Som idrettsglade foreldre, pedagogar og forskarar ved Norges idrettshøgskole vil vi slå eit slag for variasjon og mangfald. Vi vil hevde at nettopp ulike erfaringar må ha stor verdi i oppveksten til barn og unge. Framfor å rangere fritidsaktivitetar opp mot kvarandre gjennom kva som er best og kva som er mindre godt, meiner vi det er viktig å anerkjenne at barn og unge har ulike interesser. Variasjon er verdifullt i seg sjølv.

Kakao og kveldsmat smaker nok godt, men ikkje nødvendigvis best etter trening. Når de skriv at idrett ikkje berre får kakao og kveldsmat til å smake godt, men best, så opprettheld de ei snever forståing av at det er idrett som skapar dei beste oppveksttilhøva for barn og unge. Hadde det enda stått at «kakao og kveldsmat smaker godt etter trening», hadde ikkje idrettens sjølvopphøgde status over anna organisert og uorganisert fritidsaktivitet komme så tydeleg til uttrykk. Kven vil vel ikkje ta del i det beste dersom alternativet er at ikkje eingong kakaoen og kveldsmaten får være god nok i seg sjølv?

Barnas interesser

Kakao og kveldsmat smaker godt også etter at du har vore på fritidsklubben, i skolekorpset, etter at du har spilt Fortnite eller vore ute og leika boksen går i skogholtet bak blokka. For at barn og unge skal kunne ta del i fritidsaktivitetar som dei sjølv er interessert i, er det viktig at vi vaksne går føre med eit godt døme og verdset alle slags aktivitetar. Vi har dessverre fleire døme på at foreldre nektar barna sine å gå i korps, på klubben eller i speidaren fordi slike aktivitetar blir nedvurdert i det hierarkiske spelet og konkurransen om kva som er best for barna. Bør ikkje barna sjølv få eit ord med i laget? Kven skal sette premissane for kva som er best?

Som foreldre påverkar vi barna våre med haldningar og forteljingar. Å nedvurdere barn og unge som vel noko anna enn idrett, meiner vi er problematisk.

Kanskje er det slik at kakao og kveldsmat smaker aller best fordi nokon har tenkt på deg, nokon har laga rammer kring din tilhøyrsle og dine behov. I smaken av kakao og kveldsmat ligg omhug og dekking av grunnleggjande behov uttrykt gjennom mat og drikke, uavhengig av kva du har gjort på førehand.

Mykje ved idrett er bra, men ikkje nødvendigvis best.

Powered by Labrador CMS