Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Ifylgje Store norske leksikon kjem ordet schizofreni frå gresk skhizein (spalta) og fren (sinn).

Mange pasientar med schizofreni får risikabel medisin på tynt grunnlag

Klozapin har god effekt på schizofreni, men høg risiko for biverknadar. Andre legemiddel må prøvast fyrst, men pasienten fylgjer ikkje alltid opp.

Schizofreni vert rekna som den alvorlegaste psykiske lidinga og kan medføra vrangførestillingar, hallusinasjonar og periodar med likegyldigheit og konsentrasjonsvanskar.

– Antipsykotiske legemiddel er ein svært viktig del av behandlinga vi kan tilby i dag. Dei fleste av desse legemidla verkar omtrent likt, men kan gje ulike pasientar litt ulike biverknadar, fortel doktorgradsstudent Lennart Kyllesø ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

Unntaket er klozapin. Legemiddelet viser seg å ha betre effekt enn andre legemiddel, men likevel vert det berre brukt ved såkalla behandlingsresistent schizofreni, når andre legemiddel ikkje har fungert tilfredsstillande for pasienten.

Trygg og effektiv bruk

– Grunnen er biverknadane. Dei fleste toler klozapin godt, men nokre pasientar får alvorlege biverknadar. Produksjonen av visse typar kvite blodlekamar kan gå ned, noko som kan føra til nedsett immunforsvar. Krampeanfall og kraftig vektauke er andre moglege biverknadar, seier Kyllesø.

– Pasientar som startar med klozapin, må derfor ta hyppige blodprøvar for å kontrollera nivået av dei kvite blodlekamane.

I forskingsprosjektet sitt har Kyllesø som mål å kartleggja kva faktorar som er avgjerande for trygg og effektiv bruk av klozapin. Han er tilsett som stipendiat ved Senter for psykofarmakologi ved Diakonhjemmet sjukehus i Oslo.

– Ved mistanke om dårleg etterleving, burde nok depotsprøyter verta vurdert før klozapin, seier Lennart Kyllesø.

Må ha prøvd noko anna i minst seks veker

Senteret analyserer kvart år rundt 40 000 blodprøvar frå primærhelseteneste, institusjonar og sjukehus i Helse Sør-Øst-området for psykofarmaka, altså legemiddel som skal hjelpa mot psykiske lidingar.

På desse prøvane utfører senteret rundt 200 000 analysar og tolkar resultata for å gje meir persontilpassa og rasjonell legemiddelbruk i psykiatrien.

– Før ein pasient får føreskrive klozapin, seier retningslinjene at vedkomande skal ha prøvd minst to andre legemiddel mot schizofreni i minst seks veker og i tilstrekkelege dosar for kvart av dei, utan å ha oppnådd ynskt effekt, forklarar Kyllesø.

Men det er viktig å kunna fastslå om effekten har uteblitt fordi legemidla faktisk ikkje har verka eller om det er pasienten som av ulike årsaker ikkje har teke dei som føreskrive.

Tilstrekkeleg mengde av verkestoffet

Det kan ein undersøkja ved å måla innhaldet av legemiddelet i blodet. Slike målingar kan derfor vera gode hjelpemiddel når legen skal vurdera om pasienten sin schizofreni er av den behandlingsresistente typen.

Ved hjelp av den omfattande databasen til senteret har han undersøkt kor godt pasientar som startar med klozapin, fylgjer behandlinga. Det har han gjort ved å undersøkja innhaldet av andre antipsykotiske legemiddel i blodet hjå pasienten det siste året før fyrste registrerte klozapinmåling.

– Det vi ser etter, er om pasientane har såkalla terapeutisk nivå i blodet av verkestoffet i legemiddelet, altså om mengda av verkestoffet er tilstrekkeleg til å kunna forventa effekt, seier Kyllesø.

Vil ikkje vedgå at dei er sjuke

Dei fleste som tok til med klozapin, fylte dei nødvendige kriteria. Hjå ein tidel av pasientane fann Kyllesø likevel at mengda av legemiddel i blodet var under det som heiter terapeutisk nivå.

Hjå halvparten av desse fann ein ikkje spor av legemiddelet i det heile tatt, trass tilstrekkeleg høg dosering frå behandlande lege. Det kan tyda på manglande etterleving hjå desse pasientane.

– At folk ikkje tek legemidla slik dei skal, kanskje sjølv om dei har henta dei ut på apoteket, er eit kjend problem for alle legemiddel. Men det er kanskje ekstra stort for psykiske lidingar, der ein del pasientar ikkje vil vedgå at dei er sjuke, seier Kyllesø.

– I andre tilfelle kan det henda at pasienten slit med å hugsa på å ta til dømes kveldsdosen. Det kan nok mange av oss kjenna oss att i. Men nokre pasientar har òg ein biologi som gjer at kroppen deira skil ut legemiddel raskare enn normalt.

Vurdera depotsprøyter

– Når det dermed vert lågare konsentrasjon av legemiddelet i blodet, kan sjølvsagt effekten òg verta dårlegare. Men dersom pasienten er utan spor av legemiddelet i blodet, tyder det på langvarig dårleg etterleving, ikkje gløymske.

Eit verkemiddel for å sikra at pasienten får i seg legemiddelet, er depotsprøyter. Med jamne mellomrom, til dømes kvar tredje veke, får pasienten ein injeksjon med legemiddelet, som spreier seg gradvis i kroppen og gjev nokolunde stabilt legemiddelnivå fram til neste sprøyte.

– For dei pasientane som har manglande eller svært lågt legemiddelinnhald i blodet, og der behandlande lege mistenkjer dårleg etterleving, burde nok depotsprøyter verta vurdert før ein eventuelt går over på klozapin, meiner Lennart Kyllesø.

– Pasientar som ikkje tek medisinane sine, kan fort verta dårlegare. Det kan enda med innlegging på sjukehus, men ofte skjer ikkje det før pasienten har oppført seg dårleg overfor familie, vener, arbeidsgjevar og så vidare.

Referanse:

Lennart Kyllesø mfl: Undetectable or subtherapeutic serum levels of antipsychotic drugs preceding switch to clozapine, npj Schizophr, 2020. Doi.org/10.1038/s41537-020-0107-7

Powered by Labrador CMS