Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i fiskehelse

Søknadsfrist: 01.08.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i fiskehelse

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for biovitenskap (BIO) er det ledig ei stilling som stipendiat i fiskehelse. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år. Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen, og er knytt til prosjektet «Microparasites in closed and semi-closed containment systems (S-CCS)» finansiert av Universitetet i Bergen og Centre for Research-based Innovations in Controlled-environment Aquaculture (CtrlAQUA). Stillinga inngår i Fiskesjukdomsgruppa. Meir informasjon om Fiskesjukdomsgruppa finn du på http://www.uib.no/fg/fsg.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Den utlyste stillinga vil i stor grad basere seg på molekylærbiologiske metodar og bioinformatiske analysar. Celledyrking, kloning, PCR, sekvensering og real time PCR vil vere sentrale metodar i dette arbeidet. Det er og viktig å ha kunnskapar om genotyping av bakteriar (Fylogenetiske analysar, MLSA). Hovudoppgåvene vil vere å identifisere og karakterisere mikroparasittar assosiert med produksjon av laks i RAS og S-CCS anlegg.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søkjer ein kandidat med god kjennskap til lakseoppdrett, molekylære metodar og mikroparasittar (virus, bakteriar og protozoar).

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i fiskehelse, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Gode kunnskapar om fiskesjukdomar med spesiell vekt på mikroparasittar er eit krav
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Gode norskkunnskapar er ein føremon
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, ha gode samarbeidsevner og kunne arbeide godt i team

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar): Samla stipendperiode er 3 år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Are Nylund, Fiskesykdomsgruppa, Institutt for biovitskap, Universitetet i Bergen. Tlf: 55584444

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS