Ein notis frå Høgskulen i Volda - les mer

Stipendiat Kim André Stavenæs Refvik er ein av stipendiatane ved Høgskulen i Volda som har opplevd utfordringar med doktorgradsarbeidet sitt etter at koronaepidemien braut ut.

Korona forseinkar forskingsarbeid til stipendiatar

Koronasituasjonen har skapt utfordringar for stipendiatane ved Høgskulen i Volda, som ikkje har kunne drive forskinga si på den måten dei hadde planlagt. Dei er samstundes nøgd med støtta dei har fått frå rettleiarane sine.

I ei intern undersøking blant stipendiatar ved Høgskulen i Volda svarar 91 prosent at koronasituasjonen har påverka doktorgradsarbeidet deira. Av desse seier 70 prosent at arbeidet har vorte påverka «i stor grad» eller «i svært stor grad». Stipendiat Kim André Stavenæs Refvik er ein av dei som har blitt ramma.

– Sidan mitt prosjekt skal ha skuleelevar som informantar, så er eg heilt avhengig av at skulane startar som normalt igjen i august for å kunne gjere datainnsamlinga til prosjektet. Om dette ikkje er mogleg, blir eg forsinka eller så må eg endre designet på studien, fortel Refvik.

Her er grunnar som går igjen til at stipendiatane ikkje har fått arbeidd som dei har ønska: Utfordringar med heimekontor og barn som er heime frå barnehage og/eller skule, utfordringar med arbeidsplassen på heimekontoret, vanskar med å skaffe litteratur med reduserte bibliotektenester, annleis arbeidsflyt og avlyste internasjonale konferansar.

Les meir på nettsidene til Høgskulen i Volda

Powered by Labrador CMS