Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

– Handvask fungerer ved at såpe bind seg til feitt og smuss utanpå huda og gjer at det losnar. Når du fjernar dette, følger virus og bakteriar med.

Derfor tar handsprit og handvask knekken på korona

– Sprit funkar berre på enkelte typar virus, deriblant korona, forklarar virusforskar Mette Myrmel.

– Denne typen virus har ei feittkappe, ein såkalla lipidmembran, som det «kler på seg» når det går ut av cellene våre. Spriten løyser opp denne membranen, og viruset blir øydelagt, seier forskaren frå Havforskningsinstituttet.

Omgangssjuke varer lenger utanfor kroppen

Virus med ei slik feittkappe vil vere kortare aktive i miljøet, altså utanfor ein vert, enn andre typar virus som for eksempel norovirus, den vanlegaste årsaka til omgangssjuke.

– På noroviruset bit ikkje sprit. Det kan vere aktivt på overflater i fleire veker, særleg dersom det er kaldt og lite sollys (UV-stråler). Norovirus er dermed særs smittsamt, seier Myrmel.

Handvask fjernar uhumskheiter fysisk

Då er handvask einaste kur. Men korleis fungerer eigentleg handvask? Mikrobiolog Bjørn Tore Lunestad forklarar:

– Det fungerer ved at såpe bind seg til feitt og smuss utanpå huda og gjer at det losnar. Når du fjernar dette, følger virus og bakteriar med. Du flyttar dei av hendene dine. For koronaviruset, vil såpa også øydelegge feittkappa, forklarar Lunestad.

– Er det ein fordel å ha tørre hender i utgangspunktet?

– Viss du tar i ei overflate som tusen folk har tatt i, legg dei igjen feitt, eventuelt med virus, som du får på hendene. Eg trur ikkje det har noko å seie om du har mykje eller lite feitt på hendene frå før av.

Varmt vatn løyser også opp feitt og gjer såpa meir effektiv. Temperaturen er ikkje høg nok til å drepe bakteriar og virus i seg sjølv.

Du kan ikkje «drepe» virus

– Eg seier forresten konsekvent at virus blir øydelagde eller inaktive, – ikkje drepne. Dei lever jo ikkje, legg Lunestad til.

Eller det er i det minste eit språkleg og filosofisk spørsmål.

Norovirus, men ikkje koronavirus, er kjent for å spreie seg i sjøen via kloakk, og kan bli tatt opp i skjel.

– Virusa har ingen vilje. Dei er avansert kjemi. Nokon kallar dei arvemateriale på avvegar. Dei er avhengige av cellene til andre organismar for å formeire seg, eller eigentleg kopiere seg, forklarar han.

Virus øydelegg cellene våre

Dei fleste virusa føretrekker vanlegvis éin type celler hos éin type vert. Det som skjer når virus kjem i kontakt med «rett» type celle, er at det tar over cella og instruerer ho til å skal lage nye virus. Cella blir samtidig øydelagt. Vi får sjukdomssymptom om mange nok celler blir øydelagde.

– Så følg råda til helsemyndigheitene – vask hendene godt og lenge, eller bruk handsprit når vasking ikkje er mogleg, lyder det frå forskarane.

Fakta: Korona i havet?

  • Norovirus følger med kloakk ut i havet, og er kjent for å kunne hope seg opp i skjel, som vi igjen kan bli sjuke av å ete.
  • Fordi koronavirus er avhengige av feittkappen sin for å kunne infisere nye vertar, tolar det ikkje å vere ute i miljøet særleg lenge.
  • Det ser også ut til å vere låg risiko for at koronavirus spreiar seg med avføring og kloakk.
  • – Dersom skjel i teorien skulle kunne ta opp koronavirus frå sjøvatn, vil virusa truleg bli øydelagde i fordøyinga til skjelet, seier virusforskar Mette Myrmel.
  • Tidlege meldingar rapporterte at koronaviruset smitta til menneske på ein fiskemarknad i Kina. Det er ikkje sannsynleg at fisk har spelt ei rolle – viruset må etter alt sannsyn ha kome frå pattedyr. Menneske har pusta inn det dyr har pusta ut.
Powered by Labrador CMS