Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Ei avdiagnostisering kan spara pasient og samfunn for unødvendige kontrollar og utgifter.

– Fjern diagnosar som ikkje gagnar pasienten

Nokre gonger vert diagnosar hengjande ved pasienten lenger enn nødvendig.

Farmasøytar ivrar gjerne for avmedisinering. Hensikta er å fjerna eller justera ned dosane av medisinar for å førebyggja alvorlege biverknadar og betre pasienten si helse.

Men nokre pasientar vil tena på at helsevesenet går eitt steg lenger og avdiagnostiserer, som vil seia å fjerna diagnosar. Det seier postdoktor Marianne Lea ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo (UiO).

– Det kan vera lettare å gje ein diagnose eller setja i verk behandling enn å avslutta igjen. Ikkje minst i dei tilfella der det er ein spesialist som har stilt diagnosen, seier forskaren.

– I slike tilfelle er det ikkje berre berre for primærhelsetenesta å ta initiativ til ei ny vurdering, fordi ein meir eller mindre umedvite kan tenkja at det er å utfordra kompetansen til spesialisten.

I ein vitskapelig artikkel i tidsskriftet European Journal og Internal Medicine introduserer ho og professor Bjørn Hofmann eit nytt rammeverk med prosedyrar for såkalla dediagnostisering.

– Det kan vera lettare å gje ein diagnose eller setja i verk behandling, enn å avslutta igjen, seier Marianne Lea.

Påverkar sjølvbiletet

Konsekvensen kan vera at pasienten kan verta gåande med ein diagnose som har utspelt si rolle. Det kan i sin tur føra til at pasienten ikkje får det noko betre. I verste fall kan han faktisk få det verre, dersom han får unødvendig behandling som gjev biverknadar.

– Ein del diagnosar kan framleis bli oppfatta som stigmatiserande. Ikkje minst gjeld dette innan psykiatri, men det kan òg gjelda ein del somatiske sjukdommar, fortel Lea.

– Og kanskje endå viktigare er korleis sjølvbiletet til pasienten vert påverka. Med sjukdom fylgjer sjukerollar, og diagnosar kan påverka korleis me tenkjer om oss sjølve og korleis me lever og handlar.

Schizofreni og depresjon

I eit døme i ein kronikk i Aftenposten fortel ho og medforfattar Bjørn Hofmann frå NTNU på Gjøvik og Senter for medisinsk etikk, UiO, om ein person med mild utviklingshemming som òg hadde diagnosen schizofreni på bakgrunn av ei akutt kortvarig innlegging for 20 år sidan.

– Ei ny vurdering viste at personen hadde ei moderat utviklingshemming og ikkje ei mild. Kriteria for schizofreni var derimot ikkje til stades, så den diagnosen vart teken bort, fortel Lea.

– Personen hadde òg hatt ein depresjonsdiagnose, som òg vart fjerna etter at schizofrenidiagnosen og dertil høyrande medisinering vart tekne bort.

Kjempar mot systemet

Ei avdiagnostisering, som forskarane kallar det, kan òg spara pasienten og dermed samfunnet, for unødvendige kontrollar og utgifter til medisinar og utstyr. Men Lea understrekar at ei avdiagnostisering må skje i samråd med pasienten.

– Det er dette ein kallar samval, som inneber at pasienten er involvert i avgjerder om eiga behandling. Målet er å finna dei beste løysingane for pasienten, og i nokre tilfelle vil det innebera avdiagnostisering, seier ho.

– Vi veit jo at ein del pasientar har vanskar med å få diagnosar som er nødvendige for at dei skal få den hjelpa dei treng. Nokre opplever at dei kjempar mot systemet i årevis for å bli høyrde. Vi er ikkje på nokon måte ute etter å ramma desse. Det vi ynskjer, er at alle skal få den hjelpa som passar best for dei.

Deler sorga

Medan fleire støttar innspelet, ifølge ein nyheitsartikkel i Dagens Medisin, er det likevel ikkje alle i dei helsefaglege miljøa som fylgjer tankegangen hennar.

– Eg får ein del reaksjonar av typen tilstanden vert ikkje borte fordi om vi tek vekk diagnosen frå vedkomande. Nei, tilstanden blir ikkje borte, men mange tilstandar i livet kan bli beskrivne og handterte på mange måtar, seier Lea.

– Sjølv om sorg kan gjerast til ein diagnose, er det ikkje sikkert at personen med sorg er tent med diagnosen. Kanskje er vedkomande til dømes betre tent med hjelp frå familie og vener som deler sorga enn med medikament.

Referanse:

Marianne Lea og Bjørn Morten Hofmann: Dediagnosing – a novel framework for making people less ill. European Journal of Internal Medicine, 2021. Doi.org/10.1016/j.ejim.2021.07.011

Powered by Labrador CMS