Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Grøngylt frå Skagerrak er brukt som luserensarar i laksemærdane på Vestlandet. No viser DNA-forsking at dei to populasjonane av grøngylt i Noreg ikkje er så ulike som ein kanskje har trudd. Bildet viser ein grøngylthann og -ho.

Å flytte denne fisken fra sør til vest er kanskje ikkje så farleg likevel

Frykten for at grøngylt frå Sørlandet er farleg for bestanden på Vestlandet når han blir importert som luserensar for oppdrettslaks, kan vera overdrive.

Det viser ein fersk DNA-studie av den vesle grøne leppefisken i Noreg.

Studien har sett på korleis den fargerike luserensaren har utvikla seg i Noreg sidan han kom hit til landet for nær 10 000 år sidan etter den siste istida.

Ho er gjennomført av forskarar frå Universitetet i Agder, Havforskingsinstituttet, Universitetet i Oslo, Universitetet i Aarhus, Universitetet i Gøteborg og MARE-senteret i Portugal.

Kvifor to bestandar?

– Grøngylten er i det heile ein spennande fisk. Han er vanleg frå Middelhavet og nordover langs kysten av Europa til Trondheimsfjorden i Noreg, seier førsteamanuensis Morten Mattingsdal ved Institutt for naturvitenskapelige fag ved UiA.

– Grøngylten er samstundes ganske så stadbunden, noko som gjer at vi i Noreg har fått to skilde bestandar: éin på Sørlandet og i Skagerrak og éin på Vestlandet nord for Stavanger, seier han.

I havet er det stort sett fri flyt av både fisk og egg. Det at desse to populasjonane er så ulike er veldig sjeldan for fiskar i Noreg.

Samanlikna med menneske er dei to bestandane i dag omtrent like genetisk ulike som ein europear og ein asiat.

– Det vi har lurt på er korleis, i eit evolusjonsbiologisk perspektiv, dette har skjedd, og kva som kan skje om dei to bestandane blandar seg, seier Mattingsdal.

Dei blå områda på kartet viser utbreiinga av grøngylt langs kysten av Noreg. Bokstavane angir der prøveeksemplara av arten er henta opp. Det brune feltet angir grensa mellom dei to bestandane. Kvifor dette området er så smalt er usikkert. Men det er mykje sandbotn og strender ved kysten av Jæren, der denne fisken ikkje trivst.

DNA-testar fisken

Sjølve undersøkinga er basert på DNA-sekvensering frå fisk fanga på åtte stader i Skagerrak og Nordsjøen, og dessutan i Skottland.

Metoden som er brukt, kallast genotyping ved sekvensering. Ved hjelp av denne finn og analyserer forskarane variasjonar og mutasjonar i DNA-et til individa som blir undersøkte.

– Metoden gjer at vi her kan samanlikna DNA-et i ulike fiskar både i dag, og også historisk bakover i tidlegare generasjonar. Vi kan sjå korleis slektskapen er i dag – og også bakover korleis det har utvikla seg over tid, frå mange tusen år tilbake, fortel Mattingsdal.

Like, men ikkje identiske

Funna, som tidlegare denne månaden vart publisert i det vitskapelege tidsskriftet Molecular Ecology, er eintydige. Det eine er at grøngylten i Noreg kjem frå Skottland, og at han kom hit då isen trekte seg tilbake etter siste istid.

Når eit nytt område blir kolonialisert av få individ, får det store genetiske effektar. Dette kallast grunnleggareffekten. Dette skjedde òg med grøngylten.

– Grøngylten kom først til Vestlandet og deretter frå Vestlandet til Sørlandet og Skagerrak. Det betyr at fisken i Skagerak er etterkommarar av to grunnleggareffektar. Først på Vestlandet og deretter på Sørlandet, forklarer Mattismoen.

Det andre funnet er at dei to populasjonane deretter skilde lag etter at dei fyrste grøngyltane kom til Sørlandet. Og at dei har halde seg frå kvarandre sidan.

For grøngylten sin del består variasjonane som har oppstått sidan, mellom anna av at fisken på Vestlandet blir kjønnsmoden tidlegare og lever lenger enn slektningen langs Skagerrak-kysten.

Saman med ei gruppe forskarar frå Noreg, Danmark, Sverige og Portugal har Morten Mattingsdal kartlagt genmaterialet til leppefisken grøngylt i Noreg.

Genetisk drift, ikkje naturleg seleksjon

Forskaren fortel òg at i eit evolusjonsbiologisk perspektiv så har grøngyltene i Noreg utvikla seg gjennom genetisk drift. Det betyr at den biologiske utviklinga i dei to bestandane har vore styrt av tilfeldige endringar av den genetiske samansetninga.

Dei har altså ikkje utvikla seg via naturleg seleksjon, der dei best tilpassa individa i større grad enn gjennomsnittsindivida får vidareført gena sine til neste generasjon.

– Dette er det interessant å få slått fast. Det føyer seg òg inn i det vi ser når det gjeld fleire andre marine artar som lever i kystsona vår.

Noko kontakt trass alt

Sjølv om dei har utvikla seg i noko ulike retningar, viser studien at det trass alt har vore noko naturleg kontakt dei to bestandane mellom Stavanger og Egersund.

Enkelte DNA-særtrekk som er gjennomgåande hos vestlandsgrøngylten finst òg i nokon sørlandsgrøngylter, og omvendt.

– Det viser at det har vore unntak i perioden vi har sett på. Det gjer at det kanskje ikkje er så farleg for vestlandsgrøngylten å få sørlandske framandarbeidarar til fjordane som ein kanskje kunne tru. I alle fall ikkje genetisk sett, seier han.

På kvar si side av Jæren

I dag er det eit seks mil breitt belte på Jæren som skil dei to bestandane. På vestsida og nordover held vestlandsgrøngylten til, og på austsida lever sørlandsgrøngylten.

– Kvifor skiljet går akkurat der det går, har sannsynlegvis noko å gjera med at det er mykje sandbotn og strender der. Det er eit landskap der grøngylten ikkje trivst. Men kvifor det er så smalt som berre seks mil, seier studien vi har gjort, ikkje noko om. Då må ein ty til andre metodar enn DNA-sekvensering, seier Morten Mattingsdal.

Referanse:

Morten Mattingsdal mfl.: Demographic history has shaped the strongly differentiated corkwing wrasse populations in Northern Europe. Molecular Ecology, 2019. Doi.org/10.1111/mec.15310

Powered by Labrador CMS