Hjort nesten på panseret!

Ville dyr og tamme folk er for lite verdt i trafikken

Veit du kor mange hjortedyr som døyr i trafikken kvart år? Og veit du kor mykje meir vi kunne ha gjort for å unngå blodbadet?

Du har kanskje køyrt ein mørk morgon eller kveld gjennom eit dalføre og opplevd at det plutseleg stod ein elg, eller hjort, nesten oppe på panseret ditt? Eller du bur ved sidan av ei jernbanelinje som bokstaveleg talt meier ned hjortedyr på løpande band. Då har du opplevd det som er marerittet for mange folk i farta, og liding og død for dei 15 000 elg, hjort, rein og rådyr (hjortedyr) som blir påkøyrt kvart år.

Dei siste tjue år har det blitt påkøyrt eller drepe fleire hundretusen hjortedyr.

Infrastruktur på ville vegar

Kort sagt kjem viltkollisjonar av at veg og bane brøyter seg gjennom leveområda til hjortedyr og andre ville dyr. Rådyra, som ofte bur tett på oss folk, møter ofte sin skjebne på ein veg. Hjort og elg er trekkdyr som om vinteren reiser mot lune område med mindre snø.

Veg og bane er hyppig plassert der skogens kongar også vil overvintra. Det betyr i dalføret, ved elva eller fjorden, eller i lisida over by eller bygd. Rett over her eg sit og skriv, går riksveg 5, ein av landets største drapsmaskiner av hjort.

Vinterstid, med mørke morgonar og kveldar, er det vanskeleg for både sjåførar og ville dyr å orientere seg på veg frå A til B. Dei fleste viltkollisjonar skjer difor nettopp i mørke – spesielt i rushtrafikken på morgonen og utover kvelden – når du og eg køyrer til eller frå jobb eller aktivitetar.

Ein elg har møtt same skjebne som fleire tusen andre hjortedyr i året. Mange blir ikkje funnen att og lider ein sakte død uti skogen.

Effektive tiltak finst

Verktøykassen for å hindre påkøyrsler av hjortedyr er stor, og vegmyndigheitene har eigne handbøker om temaet. Eg føreles om temaet for planleggingsstudentar, men dersom vi skal halde det kort: det handlar om å lage trygge vilktkryssingar over- og under vegnbana, med viltgjerder som hjelp for å leie dyra til kryssinga.

I dag bygger ein trygge viltkryssingar nesten berre der det er mykje trafikk, og ikkje nødvendigvis der det er mykje vilt. Tenk om ein hadde hatt same tilnærming til andre naturfarar, som skred og flaum!

I tillegg viser forskinga at redusert fart er effektivt.

I dag bygger ein trygge viltkryssingar nesten berre der det er mykje trafikk, og ikkje nødvendigvis der det er mykje vilt. Tenk om ein hadde hatt same tilnærming til andre naturfarar, som skred og flaum!

Underprising av liv

Naturen er dessverre veldig lett å forbruke, og litt tabloid kan ein sei at det er billig å drepe dyr med bil. Utgiftspostane er ettersøk, avliving og “avfalls”-handtering, person- og køyretøyskadar, tapt arbeidstid og kjøtverdi. Prislappen er oftast frå nokre tusenlappar til i overkant av hundre tusen kroner.

Dersom ein elg er involvert er risikoen for personskadar fleire titals gonger så stor som for kollisjon med hjort. Sidan menneskeliv kan gå tapt i slike elgkollisjonar kan kostnaden ende opp på fleire titals millionar kroner. Ein kollisjon med eit søtt, lite rådyr, derimot, er veldig billeg.

Dyra blir uansett størrelse eller bambi-faktor ikkje tillagt nokon eigenverdi i utrekningar av kostnader for viltkollisjonar.

Kva er tida di verdt?

Dei samfunnsøkonomiske modellane som blir brukt for veg- og trafikkplanlegging gir bisarre utslag. Transportforskar Rune Elvik viser i kronikken Bedre å vera død enn å sitte i bilkø? at verdien av å spare ein levetime er lågare enn verdien av å spare ein reisetime. Sagt på ein annan måte: mobilitet og trafikkflyt er viktigare enn liv og helse. Verdien av å unngå 15 000 påkøyrsler av hjortedyr i året er difor låg. At ein lener seg tungt på slike modellar gir små insentiv for å setje ned farten og spare liv.

Forskinga tilseier at det er langt færre påkøyrsler på f.eks ein 70-km veg enn ein 90-km veg, kanskje berre ein femtedel. Problemet er at sjølv med 100 % reduksjon i viltkollisjonar på slike strekningane blir fartsreduksjon aldri samfunnsøkonomisk lønsamt. Nedsett fart på kollisjonstrekningar er difor det einaste verktøyet mot viltkollisjonar samferdslemyndigheitene aldri brukar.

Mange ulike verkemiddel er testa ut i kampen mot viltkollisjonar. Vanlege fareskilt fungerar ikkje, og varselskilt med blink ser heller ikkje ut til å fungerar noko særleg godt. Kanskje kan ein lage smartare system enn gårsdagens teknologi har gitt grunnlag for? Foto: Magnus Frøyen

Ansvar må plasserast der det høyrer heime

Miljø- og samferdslemyndigheitene har saman valt ein merkverdig måte å fordele kostnadane for viltpåkøyrsler. Eit hjortedyr som blir påkøyrt og liggande i vegbana tek vegeigaren seg av, altså ofte stat eller fylkeskommune. Men dersom hjorten hoppar meir enn ca. 5 meter utanfor vegbana etter kollisjonen, noko som ofte skjer, må kommunen ta kostnaden.

Så lenge veg- eller baneeigar slepp unna brorparten av kostnadane med viltkollisjonane, er det kanskje heller ikkje rart at dei er lite ivrige på å sikre vegane mot desse ulykkene?

Prioriter natur, trafikksikkerheit og dyrevelferd

Det jobbar mange flinke fagfolk i etatane som driv med veg og bane, og dei har lyst til å ta tak i desse utfordringane. Om ein endrar regelverket, plasserer ansvaret der det høyrer heime, vedtek å bygge mindre motorveg i året, og let trafikksikkerheit trumfe reisetid, vil dei flinke fagfolka både ha nok midlar og verktøy til å løyse utfordringa med viltkollisjonar. Desse ulykkene kan både definerast som naturfare på linje med skred og flom, og som ufordringar for trafikksikkerheita.

Gode løysingar mot viltkollisjonar skånar naturen, betrar dyrevelferda for ville dyr, og gir betre trafikksikkerheit for tamme folk. I dagens samferdslepolitikk er dessverre kilometer veg og reisetid definisjonen på suksess, og naturen er for lite verdt. Vi treng at politikarane definerer ein nullvisjon for viltpåkøyrsler som legg trøkk på arbeidet med å redusere dette blodige symptomet på naturkrisa.

Teksten har vore publisert i ein kortare versjon på NRK Ytring

Powered by Labrador CMS