Kvar haust, under Movember, let menn barten gro. Under våraksjonen No Mow May er det plenen og blomstrane der som skal få vekse!

Slik gjer du plenen til eit insekt­eldorado – på norsk vis

Har du tenkt å la plenklipparen stå i mai, som eit handslag til svoltne vår-insekt? Her får du nokre tips om korleis du best tilpassar den trendy «No Mow May»-ideen til norske tilhøve.

Endeleg er den grøne årstida tilbake, etter ein lang og kald vår då dei mest pessimistiske av oss lurte på om vi nokon gong fekk gå i småsko att. I mai dreg den gjennomsnittlege hageeigaren fram plenklipparen frå bua og gjer seg klar til innsats i den årlege «plentukte-konkurransen», som kort fortalt går ut på å halde plenen kortare enn naboen sin.

Har du halde deg unna mosekverk og ugrasmiddel, kan plenen din innehalde gulstjerne, tusenfryd eller andre blomstrande insektfavorittar.

Men dei siste åra har nye stemmar latt høyre frå seg, og fortalt at hagane våre kan vere meir enn velstelte fasadar. Dei har oppmoda oss om å la seljetrea få stå i fred, så tidlege insekt kan hente mat i gule gåsungar. Hageeigarar som er hissige med riva, har fått tips om at litt rask i krokane er tipp topp som overvintrings- og skjulestad både for småkryp og piggsvin.

No i mai er det plenen vi bør sjå på med nye auge. Har du halde deg unna mosekverk og ugrasmiddel, kan plenen din innehalde gulstjerne, tusenfryd eller andre blomstrande insektfavorittar. Frå Storbritannia høyrer vi om No Mow May, ein aksjon som vil få oss til å la klipparen stå gjennom vårmånaden mai, slik at plenblomstrane kan glede både oss og småkryp i matknipe.

Ei honningbie hentar pollen i ein gulstjerneblomst. Denne vesle vårplanten finn du gjerne i lag med kvitveis i skogen, men er du heldig, kan han vekse i fuktigare delar av plenen.

Men er det så enkelt at vi berre kan la graset gro, og så vil blomstrane ta over? Tja, som vanleg er det bruk for nokre justeringar.

1. Du må slå graset dersom du vil behalde hagen din

Du kan altså ikkje slutte heilt med hagestellet viss du vil ha utsikt og farbar veg rundt huset, men kanskje kan du greie deg med færre slåttar og mindre arbeid?

Dersom du parkerer plenklipparen for godt, vil du ende opp med eit villnis av høgt gras, som med tid og stunder blir til ein krattskog. Ei slik utvikling er naturleg med det klimaet vi har i mesteparten av Noreg. Du kan altså ikkje slutte heilt med hagestellet viss du vil ha utsikt og farbar veg rundt huset, men kanskje kan du greie deg med færre slåttar og mindre arbeid?

2. Alt kjem an på kor i landet du bur

Konseptet No Mow May blei klekt ut i milde, fuktige Storbritannia, der vekstsesongen startar i februar eller mars. Råda britane får er at dei bør stille inn plenklipparen på høgste nivå og slå graset ein gong i mars eller april, når grasveksten er kommen i gang. Ved å ta luven av høgt gras, kan plenen blomstre rikt i mai.

Engkarse er ein velkjent vårblomst i mange hagar på Vestlandet. Saman med knallgul løvetann byr den på snadder for svoltne insekt.

I Noreg, derimot, er variasjonen større. Langs kysten liknar klimaet på det britiske, og her kan ein lett aprilklipp vere ein god opptakt til full klippestopp i mai. Men i nord, i innlandet, eller i hagar i høgareliggande strøk startar planteveksten seinare, og her er klippestopp i mai vere feilslått, og bety at ein droppar den første, viktige slåtten.

I delar av Noreg bør vi derfor ta førsteklippen seinare, kanskje rundt 17. mai, når det tidlege, kraftige graset har komme opp. Vil du delta i ein vårdugnad for insekta, legg den viktige klippepausen til rett tid. Det er ikkje nødvendigvis mellom 1. og 31. mai.

Treng du klippe heile plenen kvar einaste gong? Kanskje kan du la blomstrande delar stå att, og berre klippe det du treng for å bruke hagen på normalt vis.

3. Skap variasjon – slå i ‘hytt og vêr’

Det er ikkje sikkert at du har lyst til la heile hagen din gro til med gras og blomstrar. Hugs då at det går fint an å setje av ein liten del til ei mellombels eng, som du kan klippe når som helst i løpet av sommaren.

Det går også an å slå gangar og stiar gjennom enga, eller å slå kantane mot bed og buskar. Det sikrar blomstring, men òg litt orden. (Det kjennest godt, i ein krevjande kvardag, å få lov til å bestemme over liv og død, sjølv om det skjer innanfor eit halvt mål…)

4. Dersom du har eng i hagen, er vårslåtten spesielt viktig

Å lage eng i hagen har blitt populært, men det herskar ein feilaktig ide om norske blomsterenger berre toler éin slått i året. Ser vi tilbake på forbilda for hage-engene – dei tradisjonelle slåttemarkene – blei dei stort sett beita grundig både vår og haust, i tillegg til den velkjente sommarslåtten. Slurvar du vår og haust, tek grove gras og kratt lett over den fine enga di.

Om våren er blomsterenger ganske einsfarga, og mange stader kjem storvaksne planter som løvetann og hundegras tidleg opp. Tek du ned dei grove plantane om våren, unngår du at dei druknar prestekrage, ryllik og marikåpe som også veks her, men som er litt seinare i veksten.

Planlegg gjerne for tre slåttar, inkludert den tidlege klippen vi alt har vore innom. Hovudslåtten skjer helst seinsommar, etter at enga har blomstra av, og plantane har sett frø. Så rundar du av med ein siste slått tidleg på hausten, slik at frøa som har hamna på bakken har nok lys til å spire når våren kjem.

Bakteppet for No Mow May er å gje eit handslag til ville planter og insekt, som treng nye levestadar når dei tradisjonelle, blomsterrike slåttengene forsvinn. I Bargarden naturreservat i Luster finn vi ei slik eng, som Statens naturoppsyn har restaurert. Liv Byrkjeland frå SNO fortel studentar ved Høgskulen på Vestlandet om arbeidet ho har lagt ned for å ta vare på denne flotte og sjeldne enga.

5. Rak, og lag gjerne ein raskdunge

Viss du vil ha god blomstring og stort insektbesøk, bør du runde av med å rake vekk høyet når det er tørt. Legg det gjerne i lag med kvist og rask i ein krok av hagen. Ein skikkeleg ruskhaug er nemleg verdas beste insekthotell for humledronningar og andre noble vårgjestar i hagen din!

Les meir om ville blomstrar i plen og hage:

Austad, I., L. Hauge, E. J. Svalheim, K. Bjureke, L. Rosef, og T. Aamild. 2023. Norske blomsterenger. Forbilder, frøblandinger, etablering og skjøtsel. Fagbokforlaget.

Austad, I., L. Hauge, A. I. Oterholm, L. Ryvarden, og N. Skaarer. 2017. Ville vekster - for hager og grøntanlegg. Vigmostad og Bjørke.

Kva er No Mow May?

No Mow May blei introdusert i Storbritannia i 2019 av den frivillige naturvernorganisasjonen Plantlife. Formålet er å engasjere folk til å gjere hagar og parkar til betre leveplassar for ville plantar og insekt. I løpet av korona-pandemien spreidde den årlege kampanjen seg via sosiale media til mange andre land, mellom anna Noreg. Her til lands har WWF lansert eit liknande initiativ. Men ikkje berre naturvernorganisasjonar som er opptekne av temaet: i dag byd alt frå Hageland og Plantasjen til Felleskjøpet på gode råd om kva som skal til for å gjere hagar og parkar litt villare.

Powered by Labrador CMS