Hagelupin er ikkje vanleg berre i hagar, men også i vegkantar. Den kan bli over meteren høg og finst i dag i alle fargar, sjølv om den opphaveleg var blå. Foto: Inger Auestad

Slepp ikkje ninjakrigarar inn i hagen din!

Det er vår, og hagespaltene renn over med gode råd om kva vi bør plante i hagen. Her kjem nokre tips om kva du bør la vere å sleppe laus innanfor gjerdet ditt.

Er du nybakt hageeigarar og ivrig etter å få det fint i hagen din? Anten du sit i nybygd hus på ein grushaug eller i ein hage som andre har etablert, er det freistande å gå bananas på hagesenteret og hamstre liljer og fiolar.

Men å fylle bagasjerommet med grøne skjønnheiter kostar flesk, så mange har nok gjort det same som eg gjorde då familien overtok ein litt einsfarga 70-talshage ein del år tilbake. Eg tok imot alle milde plantegåver frå naboar og venner, og redda til og med vekstar som var kasta ut i lokale hagefyllingar inn i mine eigne bed.

Tjue år etter har eg eit tydeleg råd til alle som er i same situasjon: Plant ikkje ukritisk det som andre vil bli kvitt! Er du skikkeleg uheldig, kan du ende med å bruke brorparten av tida i hagen på å bli kvitt uhumskheitene att.

Lista over sjarmørar som kan vise seg å vere sjarlatanar er lang, så eg har plukka ut nokre verstingar – og foreslår i staden ville alternativ som kan nyttast mange stader i Sør-Noreg.

Plant ikkje ukritisk det som andre vil bli kvitt! Er du skikkeleg uheldig, kan du ende med å bruke brorparten av tida i hagen på å bli kvitt uhumskheitene att.

Hagelupin vs. revebjølle

Den første på verstinglista er hagelupin. Sjølv ein urøynd hageeigar kan lukkast med lupin, for anten du sår frø i feit hagejord eller på grus, veks han som eit uvêr. Den hemmelege superkrafta til lupinen er dei små «gjødselfabrikkane» han har i knollar på røtene sine, med bakteriar som forsyner planten med nitrogen, næringsstoffet som er aller viktigast for rask vekst.

Lupinen har fleire ess i ermet: han har ei kraftig, fleirårig pålerot og lagar frø som om han skulle få betalt for det. Når dei dekorative blomane visnar, veks det fram nesten vulgært store og hårete belgar med masse frø.

Desse frøa kan ligge og lure i jorda i opptil 50 år og vente på eit høve til å spire. Dette gjer lupin til det perfekte ugraset som fortrenger all annan vegetasjon. Sjølv brukte eg ti år på å bli kvitt ein slik arv frå førre eigar.

Vil du bytte ut lupin, er revebjølle eit alternativ. Fylkesblomen til fordums Sogn og Fjordane fylke er like fargerik som lupinen, men mykje mindre aggressiv. Dessverre er han giftig, så viss du har ungar i hagen bør du kanskje satse på artar som den rosa kattehalen eller den gule kongslysen.

Bilde 2. Revebjelle er ein vakker, men giftig vestlandsplante. Han må handterast forsiktig, for heile planten er full av såkalla hjarteglykosid, stoff som tidlegare vart brukt i hjartemedisin. Foto: Inger Auestad

Krypfredlaus vs. tiriltunge

Det er ikkje berre høgvaksne frø-mitraljøser ein stakkars hageeigar skal vakte seg for. Nokre plantar tek seg stille og roleg til rette i hagen din, og du merkar dei ikkje før du ein dag er omringa på alle kantar. Slik har eg opplevd neste kandidat: krypfredlaus, ein lågvaksen plante med parvise, heile blad og store gule blomstrar.

Bilde 3. Krypfredlaus på nidingsferd i kanten av kjøkkenhagen. Han ser harmlaus ut, men er ein seig rakkar som ikkje slepp taket når han først har funne seg til rette. Foto: Inger Auestad

Som fersk hageeigar fall eg for den fine gulfargen og dei friske grøne blada, som eg tenkte ville passe perfekt langs kantane av kjøkkenhagen min. Eg var ikkje klar over at denne planten har same enkle krav til tilværet som filosofen Descartes: han ber berre om eitt fast punkt i livet. Frå det kan han krype metervis før han slår seige røter ned i jorda frå kvart bladpar. No kjempar eg på sjuande året for å halde han ute av kjøkkenhagen – og greier det nesten. Plenen og slåtteng-bakken, derimot, har eg gitt opp.

Kva skulle eg ha valt i staden? Eg trur det måtte blitt tiriltunge – ein real humlefavoritt: liten, lysande gul og med eitt enkelt, velsigna vekstpunkt. Den dagen du er lei, kan du berre røske ho opp (Dette er eit ikkje uvesentleg element i det å kose seg i hagen sin – å leike Gud for ei stakka stund!)

Bilde 6. Tiriltunge lyser opp med dei særprega, gule blomstrane sine. Denne ville planten har eit unytta potensial som hageblomster. Foto: Wikimedia Commons

Krypfredlaus har forresten ein stor fetter, fagerfredlaus, som eg også skaffa meg for å «live opp» hagen. Denne planten er høgreist og har gule kroner på rekke og rad. Han har små krav til veksestad, så eg planta han inn i ein litt rotete krok.

Bilde 4. Fagerfredlaus er ein storvaksen fetter av krypfredlaus, og heile familien må til pers viss ein skal ta opp kampen mot denne potente blomsteren. Foto: Inger Auestad

Derfrå har den robuste planten spreidd seg som ein vegg. Eg har gått frå å prøve å avgrense han til å gjere kort prosess og rive han opp så snart han syner seg. Ei vill erstatning for fagerfredlaus er reinfann, som står høgvaksen og gul i mange vegkantar utover sommaren.

Gravbergknapp vs. bitter bergknapp

Mi siste åtvaring gjeld gravbergknapp – planten du ikkje ein gong kan slå i hel. Denne krypande, rosablomstrande planten er ein sukkulent (ordet betyr ‘saftplante’ og vert brukt om alle saftrike plantar med tjukke, seige stenglar og blad).

Gravbergknapp har vore mykje brukt som kantplante, for han greier seg fint på elles ugjestmilde stadar med sterk sol og grunn jord. Prøver du å spa han vekk, spirer han frå rot- og stengelbetar som ligg att. (Han spirer i komposthaugen òg. Vil du likevel kompostere han, er trikset først å steike han i sola i minst 14 dagar).

Det finst mange fine ville sukkulentar som kan erstatte gravbergknapp – den flottaste er den gulblomstrande arten bitter bergknapp. Denne arten er eit blikkfang når han blomstrar, og sparar deg for bekymringa for at han skal ta over hagen.

Gravbergknapp klorar seg fast og treng ikkje meir enn ein sprekk i fjellet for å kjenne seg heime. I likskap med mange andre høgrisikoartar, lagar han fine blomsterstandar som humlene er glade i. Foto: Wikimedia Commons

..og alle dei andre verstingane

Eg kunne nemnt fleire problembarn: både den gråhåra, men potente filtarven, den breiale honningknoppurten og den slanke, blåblomstra gravmyrten. Alle desse artane er ekte hardhausar: dei er klimaherdige, toler forstyrring, har solide røter og spreier seg med utløparar eller langlevde frø.

Desse eigenskapane er samstundes forklaringa på kvifor dei vert rekna som høgrisikoartar på den norske Fremmedartslista. Slike hageplantar trivst like godt utanfor hagen som i hagen, og spreier seg uhemma.

Enkelte hageeigarar irriterer seg over Fremmedartslista, og over lovverket som forbyr å omsetjing av ein del av artane på denne lista, mellom anna hagelupin. Eg ser på denne lista som ei hjelp til å unngå plantar eg ikkje vil bruke tida mi på.

Ta ansvar som hageeigar

Kanskje er du djupt ueinig med meg? Du er glad i lupinen din, og ser at det er jammen biene òg! Det er jo unekteleg veldig greitt med plantar som ikkje må dullast med, men klarar seg sjølve, og det kan vere sjarmerande med det som ikkje let seg regjere.

Fremmedartslista og forbod mot framande arter

Fremmedartslista listar opp om lag 1500 framande arter i Noreg, og vurderer kva økologisk risiko dei fører med seg. Mange artar er rekna som heilt ufarlege, medan andre fortrengjer ville artar i naturen og utgjer ein stor naturrisiko. Det er Artsdatabanken som står bak lista, og ho er uavhengig av miljømyndigheitenes forbodsliste for artar.

I dag står det 28 planteartar på Fremmedartslista, mellom anna fleire av dei sju staudane som er nemnt i denne artikkelen. Ingen av buskane, trea og staudane på lista skal seljast i Noreg, og har du ein av dei i hagen din, er du ansvarleg for at røter og andre plantedelar ikkje hamnar i naturen.

Tenkjer du slik, og innlét deg med høgrisikoartar, er det er viktig å hugse på kva du ikkje skal gjere den dagen du får nok av dei. For det første bør du ikkje dele dei ut til ferske og naive hageeigarar som ikkje veit kva dei eigentleg utsett seg for – det kan faktisk vere ulovleg.

I tillegg må du handtere røter og greiner frå slike artar på det rette viset og ikkje kaste hageavfallet ut i tilfeldige fyllingar i vegkantar og skogholt. Desse plantane er like uthaldande som ninjakrigarar, og spreier seg lett vidare, også inn i verdifull natur. Ta ansvar, slik at di hageglede ikkje endar med å øydelegge naturen rundt oss.

Powered by Labrador CMS