Gult mot blått, ei av vårens vakraste utsiktar

Selje er vårens viktigaste insektmagnet

Eg ser opp mot ein blå himmel, og eit gult hav av blomster. Selja blomstrar og det er eit av vårens vakraste og viktigaste syn. Dette store matfatet av eit tre gir mange insekt ein god start.

Har du tatt deg tid til å nyte det gule blomsterhavet til seljetreet som står i full blomstring langs ein veg- eller åkerkant der du bur? Selja er blant dei første til å blomstre om våren og er eit av dei få ville, og vanlege, treslaga våre som er verkeleg populær hos pollinerande insekt. Selja er ein skikkeleg insektmagnet!

Selja sine tusenvis av blomster

Seljetreet praktiserer sex-livet som særbu. Kvart tre er enten hann- eller hokjønn, litt slik som hos oss pattedyr. I planteverden er dette derimot ein uvanleg strategi då dei fleste plantar er hermafrodittar med hann- og ho-organ i same blomster. Pollenet, som sit i pollenknappar, inneheld planteparallellen til sædcella. Ved hjelp av vind eller oftast eit insekt vert pollenkorna frakta til arret på blomsten slik at pollenkornet kan spire og vekse inn for å befrukte eggcella. Vips, så er grunnlaget for frø og frukt lagt.

Hos selja er det hannplantene som er dei fargerike og flotte, og det gule havet av blomster vi ser er pollen som skin i vårsola. Hotrea og -blomane er meir grønaktige og litt anonyme. Blomstrane står tett saman i blomsterstandar, ofte kalla gåsungar eller pusekattar. Selje vert ofte kalla pussy willow på engelsk.

Selja driv forresten med heilgardering; ho er både vind- og insektpollinert. Proteinrikt seljepollen, saman med litt søt nektar, gjer at mykje dyreliv møtast på selja til eitt av sesongens første store festmåltid.

Neslesommarfuglen har gått inn for landing på ein seljeblom. Den har vore i dvale heile vinteren og treng mykje næring som selja kan levere. Den er raskt på vingane att for å finne seg partner eller ein ny blomster å suge nektar frå. Foto Stein Joar Hegland

Magnet for pollinerande insekt

Still deg difor under, eller klatre opp i, eit seljetre når vårsola har varma opp vinterkalde kroppar. Då vil du oppdage eit yrande insektliv. Eit av dei mest påfallande insekta er humlene, representert med sjølve dronninga. Dei er store, runde og rasktflygande, og flittige. Humledronningane har ligge i dvale heile vinteren og har venta på det rette tidspunktet for å kome seg på vengene att.

Behovet for å fylle tanken med pollen og nektar er stort, og seljetreet kickstartar flygesesongen. Humledronningane skal nemleg skaffe nok energi og næring til å finne ein god bolplass og bygge ein koloni på 50 til 500 individ. Selja er difor den beste bensinstasjonen ei humledronning kan få.

Bevaring av biologisk mangfald i praksis

Tek du vare på selja i nærmiljøet ditt så driv du altså naturvern i praksis. Når eg klatrar opp i ei av dei mange seljene på garden vår ved Sognefjorden ein varm aprildag så får eg, i tillegg til humlene, sjå eit yrande og mangfaldig insektliv på nært hold.

Neslesommarfuglar svinsar rundt frå blom til blom, og kanskje har seg litt. Det er mange villbier her oppe i det gule blomsterhavet. Totalt er det over 200 villbier i Norge. Humla er også ei bie, men dei fleste andre villbier bygger ikkje bol og koloniar som humla. Desse villbiene samlar derimot planteprodusert energi i form av nektar og pollen til ei nistepakke som dei skal legge saman med egga sine i eit reir. Reiret kan vera i eit holrom i bakken, i eit gammalt tre eller ved, eller kanskje i insekthotellet ditt. Ulike bier har ulike preferansar, nett som reirbyggande fuglar.

Fluger av mange slag slår seg også ned og sug på seljeblomane. Kanskje kan ein til og med sjå fuglar som tek føre seg av selja sitt festbord, både vegetar og insektmat?

Kor finn ein selja? Stort sett i ei kantsone, ein kant til ein skog, åker, vassdrag eller liknande. Treet er kanskje 15-20 meter høgt og har ofte ei flott avrunda form.

Solitære bier har ikkje same pondus som humlene, våre mest kjente villbier. Denne gruppa bier utgjer likevel omlag 170 av dei litt over 200 villbieartane i Norge.

Måltid året rundt

Det er no på våren selja synast i landskapet. Blomstringa for eit enkelt tre kan vera over i løpet av få dagar, men masseblomstringa varer gjerne ut april i låglandet. Seinare på året framstår selja nesten litt anonym i sin kamuflasjefarga grøne drakt. Men det er ikkje berre blomstrane som er attraktive hos selja.

Selja, som andre artar i vierfamilien, er også ein del av naturens apotek fordi spesielt barken inneheld stoffar som kan bli til den smertestillande salisylsyra. Det er stoffet som har fått ein syntetisk arvtakar i Aspirin. Om det er den smertestillande effekten, eller berre at planta sin blad og bark er svært næringsrike som gjer at planta gjerne blir spist på, er uvisst.

Det som er sikkert, er at alle slags beitedyr, både tamme og ville, store dyr og småkryp, mellom anna planteetande insektlarver, vil ha selja på sin meny. Ei svensk undersøking viste at nesten 180 artar sommarfuglar er å finne på selje. Sommarfuglar treng ein stad å legge egga sine slik at larvane kan få nok plantenæring til å vekse, forpuppe seg, og gå gjennom forvandlinga til dei vakre skapningane vi forbinder med dei flaksande sommarfuglane. Selja leverer energi og næring til dette også.

Humledronning lettar frå seljeblom i solnedgang. Frå mine klatreturar i seljene på garden såg eg dronningar av markhumle, steinhumle, lys jordhumle og trehumle pluss ein del fleire.

Ta vare på selja

Selja veks vanlegast der ein har godt utvikla kantvegetasjon, langs ein skog- , åker- eller vegkant. Få bønder nyttar seljekvist eller lauv som tilleggsfôr til dyra sine og kanskje er spikking av seljefløyte heller ikkje på moten for tida? Om ingen har eit spesielt forhold til selja lenger så blir den nok lett offer for vedhogst eller “rydding”.

Selja vert jo heller ikkje rekna som ei prydplante og difor sjeldan planta i park eller hage. Parktenesta fjernar nok heller nye skot om dei skulle dukke opp i eit grøntanlegg rundt omkring.

Men eg ber dykk: lat selja stå i åkerkanten, rydd rundt den og hogg heller bjørketrea som står ved sidan av til ved. Plant den i parken, eller i eit hjørne av hagen din. Då gir du samtidig liv til mange insekt som du vil kunne nyte synet av resten av sesongen, og neste år.

For humledronninga er blåbærblomstringa neste festmåltid no på våren. Eg skal i desse dagar ut i skogen og fjellet for å forske meir på det etegildet.

Kjelder: Bengt Ehnstrøm 2009. Sälg: livets viktigaste frukost. Centrum för biologisk mångfald skriftserie 33. Sverige.

Les også i Vill vest-bloggen:

https://blogg.forskning.no/blogg-vill-vest/pollinatorparadiset-korleis-lage-ein-hage-for-flygande-smakryp/2016107

https://blogg.forskning.no/blogg-vill-vest/ingen-kan-leve-aleine-i-verda/1661771

Powered by Labrador CMS